Kommunehistoria i Vik

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Vik kommune er no en rein ”sørsidekommune” i Sogn med grense mot Høyanger i vest og Aurland i aust. Tidlegare låg grendene kring Kvamsøy på nordsida av fjorden til Vik, medan Vangsnes høyrde til Balestrand, og dei austlege bygdene Feios, Borlaug og Fresvik høyrde til Leikanger kommune.

Vik kommune vart skipa ved innføringa av formannskaplovene i 1837. Kommunen omfatta då berre sjølve Vik og bygdene vestanfor til og med garden Alrek. På nordsida av Sognefjorden høyrde Kvamsøy sokn til Vik heilt fram til kommunereguleringa i 1964. Grensa mellom Vik og Balestrand kommunar gjekk då ved Målsnes, og mellom Høyanger og Vik på vestsida av Lånefjorden.

Første ordføraren i Vik var Christian Fredrik Fasting 1838-1847. Sjå: Ordførarar i Vik kommune.

Eiga målliste ved kommuneval

Etter ein hard og langvarig målstrid, stilte Vik Riksmålsforening eiga liste ved kommunevalet i 1910. Den fekk mange røyster, og hadde nær sikra seg fleirtal i kommunestyret.

Grenser etter fjorden

Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunegrensene mellom Vik og Balestrand ordna «etter fjorden», slik at Vik fekk overført Vangsnes sokn frå Balestrand, og Kvamsøy sokn på nordsida gjekk frå Vik til Balestrand kommune.

Leikanger ute av sørsida

I 1992 vart kommunegrensene lengre aust også ordna «etter fjorden», slik at Vik fekk overført Fresvik og Feios sokn frå Leikanger kommune (som samstundes gav frå seg Frønningen til Lærdal kommune).

Tidleg ute med kommunehus

Vik kommune bygde kommunehus i 1890. I det vesle bygget, som seinare husa arkitektkontoret Vikøren, heldt både kommunen og Vik Sparebank til fram til 1959, då kommunen etter mykje strid om lokalisering bygde rådhuset ved kaia på Vikøyri. Kafe Viking har hatt tilhald i rådhuset sidan opninga, men kafeen vart lagd ned i 2008.

Blixhalli

Kommunen tok i 1998 i bruk ny idrettshall - Blixhalli, kalla opp etter kyrkjebergaren Peter Andreas Blix.

Lokalhistorisk arkiv

Vik er ein av kommunane i fylket som har satsa mest på kulturvern. I 1992 opna Vik lokalhistoriske arkiv, som samlar både kommune- og privatarkiv, og har ei stor fotosamling som i 2002 tel over 6.000 bilete. Arkivet har også samla inn 12.000 lokale stadnamn i kommunen. Lokalarkivet har tilsett eigen arkivleiar, og gjev ut det lokalhistoriske skriftet «Pridlao» to gonger årleg. «Pridlao» vart starta i 1984 og har vanlegvis kring 80-90 sider lokalt historiestoff i kvar utgåve.

Beste kommune i landet

I 1992 vart Vik kommune kåra til den beste kommunen i landet å bu i av NRK P2.

Terrasaka 2007

I 2007 vart kraftkommunane Vik og Bremanger dregne inn i ein finansskandale som var sett i scene av det norske meklarhuset Terra Securities.

Politisk leiing: