Kommunehistoria i Sogndal

Sogndal heradstyre utanfor det gamle heradshuset på Almenningen rundt 1915. Ordførar Vilhelm Flugeim står midt framfor døra. Ukjend fotograf. Eigar: Ivar Øvretun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal heradstyre utanfor det gamle heradshuset på Almenningen rundt 1915. Ordførar Vilhelm Flugeim står midt framfor døra. Ukjend fotograf. Eigar: Ivar Øvretun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal kommune er ein av dei kommunane i fylket som har hatt minst endringar på kommunegrensene sidan kommunane vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837. Fram til år 2000, då Fjærland vart overført frå Balestrand kommune, hadde kommunegrensene til Sogndal vore så godt som uendra sidan kommunane vart skipa i 1837. Samstundes med at Førde vart peika ut som fylkessenter kring 1970, vart Sogndal peika ut som regionsenter for indre Sogn. Nordfjordeid fekk tilsvarande regionsenterstatus for Nordfjord.

Kommunen hadde si naturlege avgrensing mot Leikanger ved det stupbratte Fatlaberget, i høgfjella for enden av Sogndalsdalen, og i dei djupe elvejøla i Årøy, der grensa mot dåverande Hafslo kommune gjekk.

Dette huset tente som kommunehus frå 1883 til 1956. I tillegg var det og bank og telefonsentral der. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette huset tente som kommunehus frå 1883 til 1956. I tillegg var det og bank og telefonsentral der. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rådhus i skulehuset

Første ordførar i Sogndal var prost Vilhelm Magelsen med Jens Foss som varaordførar. Skulehuset i Sogndalsfjøra tente som rådhus dei første åra fram til 1883. Då vart det gamle skulehuset på Kvåle rive og sett opp att i Fjøra som kommunehus.

Her flytta også Sogndal Sparebank inn som leigetakar, slik det var vanleg i dei fleste kommunar i fylket på den tida. Sogndal bygde i 1956 nytt kommunehus i Sogndal sentrum, teikna av den kjende arkitekten Solheimslid.

Sogndal kommunehus, bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal kommunehus, bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Del av Tingastad til Sogndal

Ved kommunereguleringa i 1964 fekk Sogndal overført eit lite landstykke kring veglause Tingastad. Tingastad ligg ved hovudløpet til Sognefjorden eit stykke vest for Amlabukta (Kaupanger).

Nynorsk i skulen

Alt i 1891 tok ihuga målfolk opp arbeidet med å innføre nynorsk som skulemål og i den offentlege forvaltninga. Frå 1898 førte skulestyret møtebøkene sine på nynorsk, og frå 1911 vart nynorsk nytta i møtebøkene til kommunestyret.

Fjærland til Sogndal

Først i år 2000 vart det ei større endring på Sogndal sine kommunegrenser: Då gjorde nye vegsystem det naturleg å skilje Fjærland frå Balestrand kommune og leggje bygda til Sogndal kommune. Dette skjedde etter ei folkerøysting i Fjærland i 1998, der Sogndals-alternativet vann med få røyster over alternativet om framleis å høyre til Balestrand. Samanslåing med Jølster fekk berre to røyster.

Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til år 2000. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til år 2000. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nye grenser

Sogndal grensar etter dette til Leikanger kommune ved Fatlaberget, mot Balestrand kommune i fjella ved Fjærlandsfjorden, mot Førde og Jølster kommunar på toppen av Jostefonn og Jostedalsbreen, og mot Luster kommune frå Jostedalsbreen via utløpet av Hafslovatnet til Ombandsnes ved utløpet av Lustrafjorden i aust.

Kommunestyremøte og isvanskar

Sambandet ut den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden kunne ofte skape vanskar for kommunestyremedlemer frå Fjærland vinterstid når fjordisen la seg: I 1918 hadde møta vorte utsette i lang tid i påvente av at isen skulle bryte opp. Men på etterjulsvinteren gjekk det ikkje lenger: Då reiste balestrendingane så langt dei kunne inn fjorden til Hatlestad med rutebåten «Sogn», medan fjærlendingane tok hestesleden så langt dei kunne utover fjordisen til rutebåten ved iskanten. Så vart kommunestyremøtet sett ombord på rutebåten!

Politisk leiing: