Kommunehistoria i Leikanger

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Leikanger kommune vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837.

Kommunen omfatta då – forutan noverande kommune – Balestrand vest til Målsnes, Fjærland, og bygdene Vangsnes, Feios, Fresvik og Frønningen på sørsida av Sognefjorden. Også ein snipp på nordsida av fjorden – Tingastad på halvøya der Sogndal lufthamn ligg – høyrde til Leikanger.

Første ordførar var oberstløytnant Christian Gahrup Meidell frå 1838 til 1839.

Balestrand utskild

I 1849 vart Balestrand utskild som eigen kommune, og tok då med seg bygdene frå og med Eitorn og vestover, samt Vangsnes på sørsida. Sokneprest og dåverande ordførar i Leikanger, Harald Ulrik Sverdrup var pådrivaren for å få skilt ut Balestrand. Han skreiv fleire purrebrev om frådelingssaka til amtmann og departement, og vart sjølv første ordføraren i den nye kommunen.

Etter denne reguleringa gjekk kommunegrensa for Leikanger aust for Eitorn, gjorde ein sving ned til stranda eit stykke inne i Fjærlandsfjorden der Leikanger-folk hadde slåtteteigar, gjekk høgste fjellryggen mot Sogndalsdalen i nord og sørover til Sognefjorden att like vest for Fatlaberget. Dessutan var den vesle snippen med Tingastad (sjå ovanfor) med. På sørsida høyrde Frønningen og Simlenes ved Aurlandsfjorden med, likeså Fresvik, Borlaug og Feios heilt vest om garden Hatlaviki.

Nynorsk i 1906

Nynorsk vart innført som administrasjonsmål i 1906, då lærar Nils Tjønn (1860-1920) frå Feios var ordførar.

Nye reguleringar

Ved kommunereguleringa i 1964 fekk Leikanger tillagt grendene heilt vest til Fjærlandsfjorden frå Balestrand kommune - dvs. Eitorn krins. Tingastad vart lagt til Sogndal.

Neste frådeling frå Leikanger kommune kom i 1992, då Feios, Borlaug og Fresvik vart fråskilde til Vik, og Frønningen gjekk til Lærdal.

Tinghusa i Leikanger

Leikanger kommune kjøpte i 1938 ein del av sorenskrivargarden på Systrond og bygde det første av i alt tre «tinghus».

Byråkratiet er hovudnæring

Statleg og fylkeskommunal forvaltning er hovudnæringa i Leikanger: Av 1100 sysselsette i heile kommunen i 2002, arbeidde 700 personar i byråkratiet, medan 400 var i privat næring. Sjå Sogn og Fjordane fylke.


Politisk leiing: