Kommunehistoria i Jølster

Skei er kommunesenteret i Jølster. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei er kommunesenteret i Jølster. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grensene til Jølster kommune har vore så godt som uendra heilt sidan innføringa av formannskapslovene og ordninga med lokalt sjølvstyre i 1837. Berre bygda Førde ved Breimsvatnet har kome i tillegg.

I 1837 vart det lokale sjølvstyret organisert etter prestegjelda. Jølster hadde då av geografiske grunnar vore eige prestegjeld i lang tid, det vart såleis prestegjeldsgrensa som vart kommunegrensa kring Jølster.

Førde ved Breimsvatnet høyrde til Breim kommune fram til 1965. Då var det ei kommuneregulering der resten av Breim kommune gjekk inn i Gloppen, og Førde vart ein del av Jølster. Dette biletet er teke ca. 1900.

Ordførarar frå bondestanden

Tor Hansson Veiteberg var første ordføraren i Jølster frå 1838 til 1842. Han var ein av svært få frå bondestanden som vart vald til ordførar her i fylket då det lokale sjølvstyret vart innført med formannskapslovene i 1837. Det har elles vore eit særtrekk ved Jølster at så godt som alle ordførarane i Jølster kommune sidan har kome frå bondeyrket. Gerd Dvergsdal vart i 1995 vald til den første kvinnelege ordføraren i Jølster kommune.

I dette huset i Årdal heldt kommuneadministrasjonen til fram til 1977. Foto: Arild Nybø, NRK.

I dette huset i Årdal heldt kommuneadministrasjonen til fram til 1977. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fekk bygd overført frå Breim

Ved kommunereguleringa i 1965 fekk Jølster tillagt bygda Førde i sørenden av Breimsvatnet. Denne hadde tidlegare tilhøyrt Breim kommune. Resten av Breim kommune gjekk til Gloppen. Fram til kommunehuset på Skei vart teke i bruk i 1977, heldt kommuneadministrasjonen til i sparebankbygget i Årdal.

Folkerøystingar om kommunegrenser

I 1998 røysta fjærlendingane over kva for ein kommune dei skulle høyre til i framtida; Balestrand som dei hadde høyrt til til då, Sogndal eller Jølster. Alternativet for å høyre til Jølster fekk berre to røyster. Sogndals-alternativet vann med få røyster over alternativet om framleis å høyre til Balestrand kommune. Ved ei rådgjevande folkerøysting i 2003 i kommunane Jølster, Førde, Gaular og Naustdal om kommunesamanslåing var det stort fleirtal imot å slå dei fire kommunane saman.

Dagens kommunehus på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens kommunehus på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Politisk leiing: