Kommunehistoria i Gaular

Det gamle kommunehuset på Sande var i bruk til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle kommunehuset på Sande var i bruk til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaular vart eige prestegjeld i 1755, då det vart skilt ut som «Indre Holmedal prestegjeld» frå det store prestegjeldet som låg under presten i Holmedal. Prestegarden vart bygd på Steien på Sande.

Frå «Indre Holmedal» til «Gaular»

Då kommunen vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837, fylgde kommunegrensene dei same grensene som Indre Holmedal prestgjeld hadde. Første ordførar i Gaular var Jens Ludvigsson Rennord frå 1837 til 1845. Fram til 1909 leigde kommunen lokale hos Mads J. Sande på Sande.

I 1909 vart det bygt kommunehus på Sande. Huset gav også plass til Gaular Sparebank fram til 1969. Kommunen tok i bruk det nye rådhuset på Sande i 1991. Kommunen endra namn frå Indre Holmedal til Gaular i 1911, samstundes som Ytre Holmedal vart heitande Fjaler kommune.

Hadde Viksdalen blitt eigen kommune i 1918,ville kommunesenteret ha vore i Vika. Dette biletet er teke i 1927. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hadde Viksdalen blitt eigen kommune i 1918,ville kommunesenteret ha vore i Vika. Dette biletet er teke i 1927. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gaular kommune delt i tre?

I 1918 var det aktuelt å dele Gaular kommune i tre: Ein kommune for dei øvre bygdene i Viksdalen, ein i midtre bygdene kring Sande, og ein kommune for Bygstad og grendene kring Dalsfjorden.

Initiativet til deling kom frå Bygstad. Grunnen var stadig krangel og kiv mellom bygdalaga om prioritering og fordeling. Både kommunestyret og fylkesmannen gjekk inn for deling, men regjeringa var imot deling. I 1990 vart Hestad krins på Nordsida av Dalsfjorden overført frå Fjaler til Gaular kommune. Dette skjedde etter samrøystes motstand frå Fjaler kommunestyre.

Kommunehuset som vart teke i bruk i 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset som vart teke i bruk i 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møte i kommunestyret i Gaular. Foto: NRK (frå tv-reportasje).

Møte i kommunestyret i Gaular. Foto: NRK (frå tv-reportasje).

Grensene i dag

I dag grensar Gaular kommune til Askvoll kommune nord for Dalsfjorden, mot Førde kommune frå Solheimsdalen i vest til Haukedalsvatnet i aust, mot Balestrand kommune på Gaularfjellet, mot Høyanger kommune frå Gaularfjellet til vest for Ytredalen ved Vadheim, derfrå mot Fjaler kommune til Bjørvikstranda ved Dalsfjorden, og nord for Dalsfjorden mot Askvoll kommune - vest for den kjende Laukelandsfossen.


Politisk leiing: