Kommunehistoria i Fjaler

Ytre og Indre Holmedal

Bygdene i Dalsfjord-regionen i Sunnfjord var frå gamalt av «Holmedal prestegjeld». I 1755 vart prestegjeldet delt i to til Indre Holmedal og Ytre Holmedal prestegjeld. Det siste vart ved innføringa av formannskapslovene i 1837 Ytre Holmedal kommune.

Første ordførar i Ytre Holmedal kommune var Johan Widing Heiberg Landmark og dei første formannskapsmøta vart haldne i tingstova på Tross i noverande Dale sentrum.

Det første kommunehuset i Dale, bygt i 1895. Trappa blir kalla Bjørnsontrappa fordi Bjørnstjerne Bjørnson heldt tale der då han vitja bygda tidleg på 1900-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første kommunehuset i Dale, bygt i 1895. Trappa blir kalla Bjørnsontrappa fordi Bjørnstjerne Bjørnson heldt tale der då han vitja bygda tidleg på 1900-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1895 stod det første kommunehuset ferdig, og frå same tid vart det etter framlegg frå David O. Bakke flagga med reint norsk flagg når kommunestyret samlast. Kommunen førte møtebøkene på nynorsk frå 1896, og var såleis ei av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som tok i bruk nynorsk som administrasjonmål.

I 1911 bytte Ytre Holmedal namn til Fjaler kommune, medan Indre Holmedal vart Gaular kommune.

Sjøferdsla forma kommunane

Båtferdsla på fjorden var i lang tid den viktigaste bindelekken mellom veglause bygder, og heilt frå 1837 og fram til 1990 høyrde difor bygder på begge sider av Dalsfjorden til Fjaler kommune: På nordsida galdt dette alle bygdene heilt frå og med Vårdal i vest til og med garden Kleppe heilt inn mot Bygstad.

Sjøferdsla var på same vis avgjerande for at kystbygdene på sørsida; Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad høyrde til Askvoll kommune. (I gamal tid omfatta Askvoll kommune av same grunn også bygdene heilt sørover til Åfjorden i Hyllestad og øyane i nordre Solund).

Målstrid og meinis i Fjaler

I Fjaler, som i mange andre kommunar på den tida, dreia mykje av kommunevalet i 1910 seg om innføring av nynorsk i skuleverk, styre og stell. Men isen på fjorden såg lenge ut til å stogga nynorsktilhengjarane.

Grenseregulering mot Høyanger

I 1942 skjedde ei lita grenseregulering mellom Guddal og Vadheim ved at gardane Skitnevik og Byrkjosen, som ligg ved Vikavatnet på fjellet aust i Guddalen, vart ført over frå Fjaler til dåverande Kyrkjebø kommune (seinare Høyanger kommune).

Kommunereguleringa i 1964

Ved kommunereguleringa i 1964 skjedde ingen endringar i Dalsfjordregionen. Dette hadde samanheng med av vegnettet enno ikkje var bygd ut: Sjøferdsla gjorde det framleis naturleg at kystbygdene på sørsida vart verande i Askvoll kommune, medan nordsidebygdene Vårdal, Holmedal og Rivedal kjende seg mest heime i Fjaler kommune.

Holmedal var ein del av Fjaler til 1990. Dette biletet er teke frå Straumsnes. Der er det kort veg over fjorden til Holmedal, og det er lett å forstå at bygdene høyrde til same kommunen i den tida båten var det viktigaste framkomstmiddelet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal var ein del av Fjaler til 1990. Dette biletet er teke frå Straumsnes. Der er det kort veg over fjorden til Holmedal, og det er lett å forstå at bygdene høyrde til same kommunen i den tida båten var det viktigaste framkomstmiddelet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Delt etter fjorden

Den store kommunereguleringa langs Dalsfjorden kom først i 1990, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune. Både i Holmedalsområdet og i «nordsidebygdene» lengre inne var det sterke krefter som arbeidde imot at Fjaler no skulle bli delt «etter fjorden», men det kom ikkje til folkerøysting om spørsmålet.

Fjalerhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjalerhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjalerhuset

Fjaler fekk nytt rådhus i Dale i 1988 - Fjalerhuset.

Dagens grenser

I 2002 grensar Fjaler kommune mot Gaular kommune frå Bjørvikstranda i Dalsfjorden, til Guddal, mot Høyanger kommune frå Guddal til Skorheia, mot Hyllestad kommune frå Skorheia til Folkestad, og mot Askvoll etter Dalsfjorden.

HAFS

Fjaler er saman med Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa i 1992.

Politisk leiing:

Kommunesenteret Dale. Utsynet mot fjorden blir annleis når Dalsfjordbrua blir bygd mellom Nishammaren til høgre og Otterstein på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunesenteret Dale. Utsynet mot fjorden blir annleis når Dalsfjordbrua blir bygd mellom Nishammaren til høgre og Otterstein på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.