Kommunehistoria i Bremanger

Bremanger kommunestyre i 2012. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Bremanger kommunestyre i 2012. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Knapt nokon kommune i Sogn og Fjordane bar så tydeleg preg av at sjøvegen var sambandsåra som gamle Davik kommune: På ei strekning på fem mil på begge sider av Nordfjorden låg bygdene som høyrde til Davik kommune fram til kommunereguleringa i 1964. Då avløyste industristaden Svelgen det gamle fiskeværet Kalvåg som kommunesenter. Men framleis er ikkje dei store visjonane om at nye vegsamband skulle avløyse båt og ferje som bindemiddel i storkommunen Bremanger oppfylte.

Bremanger ein del av Kinn

Frå innføringa av formannskapslovene og fram til 1866 høyrde «gamle» Bremanger kommune til Kinn kommune. Frå då av eigen kommune med Kalvåg som administrasjonssenter fram til 1964. Fram til kommunereguleringa i 1964 omfatta Bremanger kommune Frøya og bygdene kring Bremangerpollen, og på fastlandet bygdene frå og med Husefest/Botnane i sør til Svelgen/Dyrstad/Nesbø i nord.

Kommunehuset i Kalvåg.

Kommunehuset i Kalvåg.

Kalvåg kommunesenter

Det var det veksande fiskeværet Kalvåg som vart kommunesenter og administrasjonsstad for den nye Bremanger kommune frå den vart skipa i 1866 og heilt til kommunesamanslåinga i 1964 då Svelgen tok over leiarrrolla i storkommunen. I 1903 bygde Vårsildfondet eit ”sjukehus” oppe i bakkane ved den lune hamna i Kalvåg. Her var det plass til sjukesenger for fiskarar som trengde legehjelp i fiskesesongen, og her var legekontor og bustad for distriktslegen. Men bygget romma også den lokale sparebanken og kommunale kontor og møtelokale. Då ”sjukehusdrifta” vart lagt ned på 1930-talet, fekk både bank og kommune større armslag i huset. Då kommunen bygde ny gamleheim i Kalvåg i 1956 vart det innreia møtesal for kommunestyret i denne bygningen.


Davik ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Davik ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Robåten forma gamle Davik kommune

Av Nordfjord-kommunane var det tidlegare Davik kommune som bar mest preg av at det var robåten og sjøvegen som knytte folk saman i gamle dagar: Kommunen strekte seg heilt frå dei ytste skjera i Fåfjorden i vest og heilt austover til innløpet til Hyefjorden i midtre Nordfjord, ei strekning på kring fem mil. Sørover mot Frøysjøen høyrde bygdene heilt sør til og med Hennøystranda og Berle til gamle Davik kommune. 1913 vart den einbølte garden Mettenes mellom Hyefjorden og Ålfoten skild ut frå tidlegare Davik kommune og lagd til Gloppen kommune.

Sjølv om Davik med det gamle futesetet og prestegarden var eit slags kommunalt senter, var mange av dei kommunale tenestene i Davik plasserte i det mest folkerike senteret i gamlekommunen; Bryggja. Der budde m.a. distriktslegen, og der låg likningskontoret og aldersheimen. Dei andre kommunale kontora fekk plass i huset som Davik Sparebank bygde på Davik i 1916. Kommunestyremøta vart for det meste avvikla i den trange bankkjellaren så lenge Davik kommune eksisterte.

Kommunedeling etter fjorden

Ved kommunereguleringa i 1964 vart gamle Davik kommune oppløyst og grovt sett delt i tre: Øyane i Fåfjorden, d.v.s. Husevågøy, Gangsøy og Risøy, samt bygdene på nordsida av Nordfjorden frå Bryggja/Maurstad i aust og til Vemmelsvik i vest gjekk til Vågsøy. Dei austlege bygdene Lefdal, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes, pluss Torheim, gjekk til Eid. Heile sørsida av fastlandet i tidlegare Davik kommune samt Berle og bygdene langs Skatestraumen og vestover til Oldeide fylgde med over til storkommunen Bremanger.

Kommunehuset i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kommunehuset i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Manglande vegar til kommunesenteret

Kommunesenteret i den nye storkommunen vart industristaden Svelgen der kommuneadministrasjonen fekk plass i det nye samfunnshuset som vart bygd i 1961 og i eit hus på Villabakken. Rådhuset i Svelgen stod ferdig i 1972. Same året vart vegsambandet gjennom Ålfoten mot Isane opna. Dermed fekk fastlandssida av gamle Davik kommune samanhengande bilveg til kommunesenteret Svelgen. Men for Rugsund og bygdene ikring vart vegen om Ålfoten til Svelgen ein omveg på mange mil. I samband med kommunesamanslåinga kom difor tanken opp om det såkalla ”Bremangersambandet”, der ein veg med tunnel frå Langesi og ned til Bortnen var den sentrale lekken som ville gje dei nordvestlege bygdene kring Rugsund kort veg til Svelgen. Med ei bru over Rugsundstraumen og undersjøisk tunnel under Skatestraumen kunne så øyane Bremangerlandet og Frøya knytast til fastlandet. Den delen av Bremangersambandet som galdt fastlandssamband for øyane kom på plass i 2002 då brua og tunnelen vart opna, medan arbeidet på veg- og tunnelsambandet Bortnen-Langesi starta i 2010. Etter planen skal vegstrekninga bli opna i 2013


Terrasaka 2007

I 2007 vart kraftkommunane Vik og Bremanger dregne inn i ein finansskandale som var sett i scene av det norske meklarhuset Terra Securities.

Kalvøya med Bremanger Fiskeindustri slik det ser ut før utbygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kalvøya med Bremanger Fiskeindustri slik det ser ut før utbygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stor kaiutbygging i Kalvåg

Den kommunale etaten Bremanger Hamn og Næring står bak planane om ei stor utbygging av ei fiskerihamn på Kalvøya i Kalvåg, Kalvøya Fiskerihamn. Der vart det investert 170 millionar kroner i ei ny, 150 meter lang kai, og i utviding av eksisterande kai. Arbeidet tok til i desember 2011, og kaia vart offisielt opna av fiskeriminister Lisbeth Berg-Karlsen i mai 2013. Etter planen skal dette resultere i rundt 75 nye arbeidsplassar.

Politisk leiing:


Ordførar Kåre Olav Svarstad fekk mykje å svare for då Terra-skandalen vart kjend. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Ordførar Kåre Olav Svarstad fekk mykje å svare for då Terra-skandalen vart kjend. Foto: Torje Bjellaas, NRK.