Kommunehuset på Aurlandsvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Sjølv om Aurland kommune er liten i folketal, har det ikkje mangla på lausrivingskrav fram gjennom tida: Det kunne vorte både ”Nærøyfjorden kommune” og ”Finse kommune” dersom styresmaktene hadde imøtekome lokale krav om kommunedeling.
I 1773 - 10 år etter at Bergenhus Amt vart delt i to (Nordre Bergenhus = Sogn og Fjordane fylke), vart Oppheim sokn (Sygnastrondi)) lagt til Voss, og dermed til Hordaland fylke. Seinare har det vore gjort mindre grensereguleringar mot Hol i Buskerud fylke. Den første ordføraren i Aurland kommune frå 1838 var presten Jonas Wessel Crøger.
Ordførar Olav Ellingsen syner fram litt av Aurland kommune frå utkikspunktet Stegastein. Foto: Anna Gytri, NRK.
Eigen kommune i Nærøyfjorden
I 1896 fekk folk i Nærøyfjorden avslag på å bli skilt ut som eigen kommune.
Aurlandsvangen.
Finse «fjellkommune»
I 1922 søkte folk tilknytte til Bergensbanen på fjellet om å få skipe sitt eige «Finse herad». Dei fekk avslag!
Høgast folketal i 1845
Aurland kommune hadde sitt høgste folketal i 1845 (2.811 innb.) – før den store utvandringa til Amerika starta.
Kommunegrenser
I dag grensar Aurland kommune mot Lærdal i nordaust, Hol mot søraust, Ullensvang og Voss mot sør-sørvest og Vik mot vest.
Rådhus
Kommunekontora på Vangen heldt heilt fram til 1958 til i eit bygg som stod der forretninga til O. Skjerdal seinare vart bygd. I 1958 vart ”Heradshuset” aust for kyrkja bygd, og i 1991 vart det nye rådhuset rett sør for kyrkja teke i bruk. Det gamle Heradshuset vart omgjort til kulturhus med kunstgalleri, eit lite Sivle-muséum og ulike andre aktivitetsrom.
Kommunegrensa på fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ordførarar i Aurland kommune
Andre historiesider: