Kommunalt industrifelt og Hærmuséum

I 1972 gjorde Forsvaret eit makeskifte med Eid kommune som førde til at dei militære eigedomane på Nordfjordeid vart tekne over av Eid kommune i 1976. Samstundes vart Firda kaserne bygd i Mogrenda for Heimevernet, og Forsvaret har også sikra seg eit skytefelt i Remmedalen. Mykje av den tidlegare eksersisplassen vart nytta til industritomter og hotellbygg, men framleis er store delar av området nytta til park- og fritidsområde med treningsfelt og utescene, og grillplass ved elva.

Krigsminnesmerket ”Mor Noreg”, laga av Dyre Vaa, på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krigsminnesmerket ”Mor Noreg”, laga av Dyre Vaa, på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hærmuséum

I 1981 opna Hærmuséet på Plassen. Opptaket til skiping av Hærmuséet vart gjort av dåverande ordførar Lars Myrold. Hærmuséet omfattar fem militære bygningar heilt tilbake til 1700-talet. Dei inneheld samlingar av gamalt militærutstyr. På Plassen står elles minnestøtte over nordfjordingar som fall i krigane 1807-1814 og minnesmerket "Mor Norge", også kalla ”Lidande mor”, av Dyre Vaa, til minne om nordfjordingar som fall i krigen 1940-1945.

Hærmuseet på Plassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hærmuseet på Plassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.