Klausen Mek. Verksted AS

Klausen Mek. Verksted frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klausen Mek. Verksted frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jørgen og Olav Klausen.

Jørgen og Olav Klausen.

Klausen Mek. Verksted AS var lenge den største verksemda i Askvoll kommune.

Den vart grunnlagt av brørne Olav og Jørgen Klausen i 1947. Verksemda heitte frå starten «Brødr. Klausen Mek. Verksted» og produserte den første tida m.a. sparkstøttingar, rattkjelkar, heisar og taubaner.

Traktoren

Traktoren "Vestland" © Klausen Mek. Verksted.

Traktorproduksjon

Frå 1953 og utover 1950-talet produserte dei også 12 traktorar. Traktoren var basert på eigne teikningar, men var for det meste skrudd saman av kasserte bildeler. Den vesle firehjulstraktoren vart seld under namnet «Vestland», og kosta 4000 kroner. På folkemunne vart den vesle traktoren kalla «kaka-ka-re» etter lyden. Sjå og Bucher-traktoren frå Nesse.

Produkt til prosessindustri

Klausen Mekaniske Verksted produserte utstyr til prosessindustri, skip og oppdrettsnæringa, og hadde i 2003 51 tilsette. I 1981 vart Klausen Mekaniske omskipa til aksjeselskap.

Bygging av seksjon til Ulstein.

Bygging av seksjon til Ulstein.

Dotterselskap i Svelgen

I 1990 vart dotterselskapet Klausen Industrier Svelgen AS skipa. I hovudsak arbeider selskapet med vedlikehald for smelteverket i Svelgen. Avdelinga hadde i 2003 10 tilsette.

Klausen er dessutan 34 prosent eigar av INC Vedlikehold Svelgen frå 2002 (sjå INC-gruppa). Klausen Mekaniske med avdelinga i Svelgen hadde i 2002 ei omsetning på 150 millionar.

Stans i produksjonen

I 2009 gjekk Klausen Mek. Verksted inn i ei tung tid med mangel på ordrar. Det førde til at alle produksjonsarbeidarane vart oppsagde. Men verksemda vart ikkje lagd ned, to-tre tilsette heldt fram for å prøve å skaffe nye oppdrag og ny produksjon.


Eitt av produkta frå Klausen Mek. Verksted, ein omnsbotn til aluminiumindustrien. Foto: Kjell Eikemo.

Eitt av produkta frå Klausen Mek. Verksted, ein omnsbotn til aluminiumindustrien. Foto: Kjell Eikemo.