Rolf Domstein f. 1957 var i si tid landets yngste ordførar og er toppsjef i Domstein-konsernet.
Omtalane er ordna etter fødselsår:
Kjende personar i Vågsøy fødde år 1940- :
Turid Brunsvik Kvalheim
fødd 1941 i Måløy, busett i Larvik. Kunstnar
Per Drageset
fødd 1944 i Innvik i Stryn, oppvaksen på Raudeberg. Sosialøkonom.
Liv Henjum
fødd 1944, frå Raudeberg. Lærar og Venstre-politikar.
Gunnar K. Furnes
fødd 1944 på Nygård, busett i Bergen. Professor i berekningsvitskap.
Turid Breidalen
fødd 1945 frå Måløy. Lærar og journalist.
Rolv Petter Vetvik
fødd 1946 i Måløy. Fiskerisjef, og frå 1998 regiondirektør for Sogn og Fjordane i Fiskeridirektoratet.
Arne Nore
fødd 1946, frå Bryggja. Har på 1990-talet bygd opp oppdretts- og fiskeforedlingskonsernet Pan Fish til eit av verdas største fiskeriselskap.
Karl-Egil Johansen
fødd 1947 på Raudeberg, busett i Bergen. Professor i historie og forfattar.
Gunnar Carlson
fødd 1949 i Ålesund, busett i Måløy. Verftseigar og investor.
Reidar Sandal
fødd 1949, frå Tennebø, busett i Florø. Skulemann og politikar for Arbeidarpartiet.
Jan Otto Hoddevik
fødd 1949. Bygde med broren frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg.
Kari Morvik
fødd 1952 frå Måløy. Politikar for Arbeidarpartiet. Førstekonsulent hos Fiskerisjefen. Politisk rådgjevar for Fiskeriministeren 1996-1997.
Audun Endestad
fødd 1953 i Rimstaddalen, Bryggja, busett i Anchorage, Alaska. Skiløpar og instruktør.
Harald Skaar
fødd 1953 i Måløy. Bygde saman med faren opp Skaarfish i Florø til eit av landets største eksportselskap for sild, makrell og lakseprodukt.
Eva Skomsø Svanøe
fødd 1954 i Holvik, Vågsøy, busett på Svanøy. Lærar og forfattar.
Helge Johnsen
fødd 1955. Frå Nord-Vågsøy, busett i Førde. Journalist og forfattar.
Kåre Furnes
fødd 1955 i Husevåg, busett i Måløy. Redaktør og fiskebåtreiar.
Geir Robin Hoddevik
fødd 1955. Bygde saman med broren frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg.
Bjørg Sandal
fødd 1955, frå Tennebø. Cand. mag. og politikar for Arbeidarpartiet. Informasjonssjef i Helse Vest.
Isak Arne Refvik
fødd 1956 i Refvik, busett i Stavanger. Fotballspelar og bilseljar.
Øystein Rakkenes
fødd 1956 i Tromsø. Oppvaksen i Deknepollen og Måløy, busett i Oslo. NRK-journalist og forfattar.
Rolf Domstein
fødd 1957 frå Måløy. Son av Knut Domstein. Utdanna siviløkonom. Konsernsjef i det verdsomspennande fiskeriselskapet Domstein-konsernet, som har hovudkontor i Måløy.
Gunnar Domstein
fødd 1958 frå Måløy. Konserndirektør og songar.
Arnfinn Kolerud
fødd 1958 i Isfjorden i Romsdal. Busett i Måløy. Lærar og forfattar.
Lars Sture
fødd i 1961 i Måløy. Har sidan m.a. vore busett i Hersvikbygda i Solund. Biletkunstnar.
Michiko Steenslid
fødd i Japan. Bygde opp og leia selskapet EMY Fish A/S.
Sølvi Helén Hopland.
Sølvi Helén Hopland
fødd 1966 i Osmundsvåg. Busett i Gjemnes på Nord-Møre. Songartist, lærar og fyrvert.
Helge Flo
fødd 1966, frå Bryggja, busett i Oslo. Funksjonshemma idrettsutøvar.
Merete Helgheim
fødd 1980 i Oppegård, busett i Deknepollen. Idrettsutøvar og tilsett i Mattilsynet.
Børre Steenslid
fødd 1985 i Måløy. Fotballspelar.