Kjende personar i Stryn fødde år 1500-1800

Helje Bagge går saman med bøndene i Innvik og tek livet av nyefuten. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Helje Bagge går saman med bøndene i Innvik og tek livet av nyefuten. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Gudleik Sneis Vilhjalmsson

(f. ca. 1240). Stallare, busett på Eide i Stryn. På denne tida hadde folk frå adelsætta Sneis tilhald på Eide. Gudleik Sneis Vilhjalmsson var stallare hjå kong Eirik II Magnusson (1268-1299) sist på 1200-talet. Eirik regjerte frå 1280 til 1299. Stallaren var øvste embetsmann i hirden og kongens talsmann på tinget. - Les elles Historie, artikkelen: Adelsætt budde på Eide.

Helje Bagge

Helje Bagge, fut i Nordfjord kring 1515, busett på Heggdal i Innvik. Han slutta i embetet kring 1525.

Jakob Madsson

fødd i Danmark, var den første lutherske presten i Innvik prestegjeld. Han hadde embetet eitt års tid frå 1552. Før det var han rektor ved latinskulen i Bergen, og etter tida i Innvik i same stilling i Stavanger.

Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo)

Jon Mogenson Schanke (ca. 1570-1617) – best kjend som Meister-Jo – var sokneprest i Innvik frå 1597 til 1617, då han vart avretta ved halshogging.

Minnesmerke over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Minnesmerke over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Peder Rasmusson Tonning

(ca. 1615–1701) frå Tonning. Handelsmann på Tonning, og ættefar til den kjende handelsslekta Tonning.

Hugleik Tungøen

(1649–1706) frå Oldedalen. Bonde, som etter at han vart heimsøkt av brann og snøskred på garden, drog til København for å be kongen om hjelp. Under ei liknanden ferd til Oslo i 1706 kom han opp uver i Sværeskaret ved Balestrand og fraus ihjel. Både i Sværeskaret og i Oldedalen er det reist minnesmerke over Hugleik. (Sjå «Den vesle istida»).

Peder Pederson Tonning

(1708–1798). Handelsmann på Tonning

Fredrik v. Meidel

(1715–1783), oberst, og ein av dei første kommandantane til Strynske Compagnie(sjå Krigshistoria i Stryn). Sjølv om eksersisplassen låg i Stryn, busette Meidel seg på Verlo i Utvik. Mannen vart på folkemunne kalla ”Stor-Meidelen”, fordi han var stor og sterk. Segna seier at han gjorde honnør med ei kanon i staden for gevær!

Peder Pederson Tonning

(1738–1811), kjøpte i 1777 Handelsstaden Vågsberget og bygde den mykje ut med hovudhus og mange sjøbuer. Son til Peder Pederson Tonning.

Kolbein Sigmundsson Årnes

(1740–1809) frå Årnes i Oppstryn. Skulehaldar og forfattar.

Lars Mattison Hille

(1760–1830) busett i Lærdal og Fresvik. Slekta ættar frå Hilde i Innvik. Handelsmann og godseigar.

Christian Bonning Uchermann

(fødd 1762-1844), var frå 1802 den første distriktslegen i Sunnfjord og Nordfjord, og sat i embetet til 1834. Han budde i Innvik 1799 til 1844.

Vebjørn Olson Hamarsbø

( 1764 - ?) frå Valdres, busett i Loen. Rosemålar og plassmann.

Peder O. Tonning

(1782–1839) frå Stryn, busett i Ålesund Postmeister, tollar og politikar.

Jørgen Fredrik Spørck

(1787–1866). Offiser og politikar. Frå 1824 kompanisjef for Strynske Kompani i Nordfjordske Nationale Musketerkorps. Var 1842-1843 andre ordførar i Stryn kommune. Busette seg på Lunde og åtte ei tid heile Grova-bruket. Vararepresentant til Stortinget.

Sigmund Kolbeinsson Årnes

(1791–1843) frå Årnes i Oppstryn. Bonde og bygdedokter.

Harald Kolbeinson Guddal

(1798–1887) frå Oppstryn. Bonde og politikar. Var varaordførar i første kommunestyret i Stryn, og stortingsrepresentant 1842.

Ola Olsson Ytreeide

fødd 1798 på Ytreide i Stryn vart tilsett som lærar i Oppstryn 1831.