Gjest Baardsen (1791-1849) er framleis mellom dei mest kjende sogndølene, meistertjuven som det m.a. vart laga film om. På denne teikninga er han på rømmen og ser på dei som leitar etter han.
Omtalane er ordna etter fødselsår:
Sverre Sigurdsson
(ca. 1150-1202). Norsk konge.
Magnus Erlingsson
(1156-1184). Norsk konge. Son av lendmann Erling Skakke og Sigurd Jordsalfares dotter Kristina.
Audun Slinda I
(Audun a Slinda) Levde på 1300-talet. Eigar av Slinde-godset og truleg adelsmann.
Audun Slinda II
(1300-talet). Eigar av Slinde-godset, som har arva etter faren Audun a Slinda.
Gjøde Pederssøn
(fødd ca. 1580 - død ca. 1650 - 1653) truleg frå Danmark, busett i Kaupanger. Godseigar og fut, og ein av dei mest myteomspunne personane som har budd i fylket.
Iffuer Wind
til Nørholm (d. 1658). Adelsmann og riksråd, og lensherre til Lister.
Hans Rasmussen
(ca. 1580 -). Vart fut i Sogn etter Gjøde Pederssøn.
Preben von Ahnen til Bodøgaard
(1606-1675). Amtmann, krigskommissær og godseigar. Ætta kom frå Pommern.
Folkvard Brodersen
(1600-talet). Fut og stor jordeigar. Var fut i Nordhordland og slottsskrivar, og var nest etter Iffuer Wind og svigersonen Preben von Ahnen til Bodøgaard den største jordeigaren i Sogndal på 1600-talet. Han eigde ei mengd gardar i Norum, kring Sogndal og i Sogndalsdalen, mellom desse Kvåle.
Giert Anderssøn Heiberg
(1660-1724) fødd i Luster, busett i Amle. Sorenskrivar og godseigar.
Niels Tygesen Knag. ©Fylkesarkivet.
Niels Tygesen Knag
(Knagenhielm) (1661-1737) fødd på Vågnes på Sunnmøre, busett m. m. i Bergen og på Askøy. Lagmann, justisråd og godseigar, og stamfar til Knagenhjelm-slekta i Kaupanger.
Nils Christen Dankertson Kvithovud
(kring 1700) frå Bergen, busett på Nagløyri i Årøy. Handelsmann og bondeførar.
Ola Ingebriktsson Supphellen
(1715-1804) frå Fjærland. Bonde og bjørnejeger.
Melchior Falch
(1720-1791) frå Øvre Amla. Jurist, godseigar, sorenskrivar og kanselliråd.
Joachim de Knagenhielm
(1727-1796) frå Kaupanger. Jurist og første amtmann i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke).
Christen Heiberg
(1737-1801) fødd i Vinje, oppfostra hjå sorenskrivar Melchior Falch i Amla, der han i vaksen alder ei tid arbeidde som fullmektig. Fut i Nordhordland og Voss 1766-1778, i Finnmarken 1778-1787, og Bornholm frå 1787 til han døydde.
Michel Fleischer
(1747-1814) busett på Loftesnes. Sorenskrivar. Sorenskrivar i indre Sogn 1775-1803. Bygde kring 1776 det herskapelege huset på Loftesnes. Vart også den første forlikskomissæren i Sogndal.
Ola Ellendsen Tufte
(1767–1801) frå Fjærland. Gardsdreng. Vart drepen av ein bjørn under bjørnejakt i Supphelledalen i 1801. – Les meir i Bjørn drap mann i Fjærland.
Lars Johannes Irgens
(1775-1830) Fødd i Hof, Solør, og busett på Loftesnes, der han leigde hus av Michel Fleischer. Sorenskrivar og Eidsvoll-mann.
Ahaversus Kaas.
Ahasverus Kaas
(1781-1859) frå Kjørnes. Kjend gullsmed i det vidgjetne gullsmedlauget i Bergen. 17 år gamal kom han i lære hos gullsmed Peder Christensen Beyer i Bergen. Tok meisterprøven i 1807. Vart oldermann i gullsmedlauget i 1820. Av arbeida han utførte var m.a. gullpokalen som Stortinget gav stortingspresidenten Wilhelm Friman Koren Christie i 1814.
Jens Henrikson Klingenberg
(1783-ca. 1850) frå Amla, busett i Erdal i Lærdal komune. Offiser med furérs grad.
Gjest Baardsen som fange. Teikning utlånt av Universitetet i Bergen, Digitalarkivet.
Mons Eggum
(1787-1867) frå Bjella i Sogndal. Bonde, lærar og politikar.
Nils Johannesson Loftesnes
(1789-1848) frå Loftnesnes i Sogndal. Bonde, musketér og Eidsvoll-mann.
Gjest Baardsen Sogndalsfjæren
(1791-1849) frå Sogndalsfjøra. Meistertjuv og forfattar.
Peder Pavels Aabel
(1795-1869) fødd i Aurland, busett i Sogndal. Prest og folkeopplysningsmann.