Kjende personar i Naustdal fødde år 1200-1800

Eiliv frå Naustdal levde på 1200-talet, han vart drepen i 1276. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Eiliv frå Naustdal levde på 1200-talet, han vart drepen i 1276. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Personomtalene er ordna kronologisk etter fødselsår frå 1200-1800:

Dei tre Eilivane i Naustdal

på 1200-talet.

Borger Byrkjeland

f. kring 1633. Bonde og bondeopprørsleiar.

Rasmus Monsson Dahl

(1745–1815) frå Naustdal. Gjestgjevar i Naustdal, og ein av dei mest velståande som har budd i bygda.

Henrik Ananiasson Sæla

(1753–1790) frå Naustdal - sjå Sæla-dokteren.

Erik Larsson Svorstøl

(1762–1825) frå Naustdal. Regimentsmed og haugianar.

Lars Jakobsson Thingnæsset

(1767–1829) frå Rotenes i Førde. Bonde, gjestgjevar og politikar.

Ola Sjursson Saveland

(1770–1825) f. Kalland. Bonde og haugianar.

Mathias Mortenson Flokenæs

(1773–1830) vart i 1789 omgangsskulelærar i Vevring. Slutta seg 1802 til haugianarflokken i Sunnfjord. Sa frå seg skuleposten 1814, men heldt fram med privatskule, og organiserte sundagsskule for ungdom.

Bertel Nilsson Ullaland

(1780-1847) frå Ullaland. Bonde og haugianar. Ullaland kjøpte eit gardsbruk i Batalden i 1807 og vart den første lekmannen frå Sunnfjord som reiste rundt som forkynnar for haugerørsla.

Erik Olsson Gjellaker

(1780-1861) frå Ål i Hallingdal. Bonde og framståande haugianar.

Malina Hamra

(ca. 1780–1820). Gift med Ola Jakobsson (1757–1830) på Gryta. Begge var haugianarar.

Nils Torsteinsson Areklett

(1787–1871). Bonde, og stortingsmann. Vararepresentant 1833, 1836 og 1837. Møtte fast 1836 og 1837 etter at stortingsrepresentant Ola Olsson Hjemsæter døydde. Vararepresentant også i 1839.

Bertel Vonen

(1799–1868) frå Vonen. Dugande smed og børsemakar, som alt som 12-årig smidde sitt første gevær.