Jølster har ein sterk folkemusikktradisjon. Ei av dei yngre som fører tradisjonen vidare er Synnøve Bjørset, som her spelar ved opninga av Støylsnestunnelen på vegen langs Kjøsnesfjorden. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.
Omtalane er ordna etter fødselsår:
- Kjende personar i Jølster fødde år 1200-1850
- Kjende personar i Jølster fødde år 1850-1900
- Kjende personar i Jølster fødde år 1900-1930
- Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950
Kjende personar i Jølster fødde år 1950-:
Fridtjov Urdal
fødd 1952 frå Årebrot, busett i Jølster. Kulturarbeidar og forfattar. Sjå Fridtjov Urdal under Flora kommune.
Ingebjørg Erikstad
fødd 1953 i Jølster, busett i Førde. Senterparti-politikar og fylkeskulturdirektør.
Ottar Grepstad
fødd 1953 i Øyer, busett i Volda. Begge foreldra kjem frå Jølster. Forlagsmann og forfattar, direktør og Venstre-politikar.
Knut M. Olsen
fødd 1954 i Son i Akershus, busett på Myklebust i Jølster. Gardbrukar, bedriftsleiar og politikar.
Oddleiv Apneseth
fødd 1955 i Florø, busett i Jølster. Fotograf. Sjå Oddleiv Apneseth under Flora kommune.
Åse Hegrenes
fødd 1955 på Ålhus. Scenograf, arbeider som frilans.
Steinar Dvergsdal
fødd 1955 i Dvergsdal. Bonde og organisasjonsmann.
Helge Øvrelid
fødd 1959 i Jølster, busett i Førde.
Karen Helga Maurstig
fødd 1959 i Nederland, biletkunstnar, busett på Vassenden.
Leif Arne Åsen
fødd 1960 frå Myklebust, busett i Førde. Entreprenør.
Atle Hamar
fødd 1963, frå Vassenden. Direktør for Lotteritilsynet, og Venstre-politikar.
Annie Bjørnarheim
fødd 1964 på Skei, busett i Bærum. Generalsekretær.
Linda Øvrebø
fødd 1966, frå Jølster. Songarinne.
Terje Lyngstad
fødd 1966, frå Vassenden. Lærar, kultursjef og teatersjef.
Yngve Årdal
fødd 1966 i Jølster, busett i Førde. Ansvarleg redaktør.
Kyrre Eikaas Ottersen
fødd 1971 i Florø, busett på Vassenden. Skodespelar.
Katrine Sele
fødd 1972 i København, busett på Vassenden. Journalist og forfattar.
Anne-Cecilie Kapstad
fødd 1975 i Bergen, busett på Vassenden. Lærar og forfattar.
Synnøve S. Bjørset
fødd 1979 på Bjørset, busett i Jølster. Folkemusikar med hardingfele som hovudinstrument.
Gro Marie Svidal
fødd 1980 i Jølster. Folkemusikar.
Jan Roger Klakegg
fødd 1984 i Jølster. Protesemakar og kjelkehockeyspelar.
Erlend Apneseth
fødd 1990 i Jølster. Folkemusikar og student.