Kjende personar i Hyllestad

Harry Mowatt var ordførar i Hyllestad i 12 år, og har og vore ein markant fylkes- og helsepolitikar i Sogn og Fjordane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Harry Mowatt var ordførar i Hyllestad i 12 år, og har og vore ein markant fylkes- og helsepolitikar i Sogn og Fjordane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Omtalane er ordna etter fødselsår.


Kjende personar i Hyllestad fødde etter 1930:

John Kleven

fødd 1931 i Ulsteinvik. Verftseigar. Sjå John Kleven under Flora kommune

Leif O. Hatlem

(1932–2004) frå Hyllestad. Fiskeoppdrettar, handelsmann og KrF-politikar.

Ingemar Nordstrand

Ingemar Nordstrand fødd 1932 i Hyllestad. Lærar, Venstre-politikar, journalist, forfattar og «vegbergar».

Anders Ringstad

fødd 1933 i Hyllestad. Garbrukar og forfattar, som i 1974 gav ut diktsamlinga «Menneske og dyr i tida».

Per Bygnes

fødd 1936 på Karmøy, busett i Hyllestad. Skulemann og politikar.

Håkon Giil

fødd 1943, frå Gil. Lektor og Senterparti-politikar.

Eivind Hjellum

fødd 1946 i Lindås. Var m.a. disponent ved Kleven-Løland 1980-1986. Flytta seinare til Florø. Sjå Eivind Hjellum under Flora kommune.

Finn Borgen Førsund

fødd 1946 i Leirvik. Historikar og forfattar.

Gunnhild Systad. Foto: Asbjørn Tyssen.

Gunnhild Systad. Foto: Asbjørn Tyssen.

Gunnhild Systad

fødd 1949 i Hyllestad. Museumsdirektør. Utdanna magister i folkloristikk. Tilsett som fylkeskonservator i Sogn og Fjordane 1981. Frå 1995 har ho vore styrar for Sunnfjord Museum i Førde.

Harry Mowatt

fødd 1949 i Dalsbygda, Hyllestad. Distriktsarbeidsjef, personalsjef, trygdesjef og Arbeidarparti-politikar.

Ingeborg Wolff

fødd 1950 i Leirvik. Banksjef. Utdanna diplomøkonom.

Agnar Aas

fødd 1951 på Takle i Gulen, oppvekst i Bøfjorden i Hyllestad og i Leikanger. Vassdrags- og energidirektør. Sjå Agnar Aas under Gulen kommune.

Bjarne Huseklepp

fødd 1953 i Guddalen, busett i Leirvik. Lærar og rektor, friidrettsmann og aktiv organisasjonsmann i Norges Jeger i Fiskerforbund. Sjå Bjarne Huseklepp under Fjaler kommune.

Kjartan Hatløy

fødd 1954, Busett i Sørbøvåg. Industrirøyrleggjar og lyrikar.

Kjell Ragnar Berge

fødd 1957 i Hyllestad, busett i Førde. Lærar og krigshistorikar.

Nils Olav Bøe

fødd 1958 i Leirvik, busett i Oslo. Musikar, komponist og biletkunstnar.

Randi Førsund

fødd 1975 i Leirvik. Forfattar og filmmanusforfattar.