Frode Grodås fødd 1964 i aksjon på det norske landslaget i fotball. Han hadde 50 kampar som målmann på A-landslaget. Foto: Morten Holm, Scanpix.
Folkemusikarar frå Hornindal
Hornindal har fostra ei lang rekkje gode folkemusikarar, både felespelarar og kvedarar. Her er eit oversyn som spenner frå Lars Eriksson Brendefur f. 1782 til Britt Pernille Frøholm f. 1978.
Bjørn Lødemel vart den andre stortingsrepresentanten frå Hornindal då han vart vald inn i 2009. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.
Stortingsrepresentantar frå Hornindal:
- Klokkar og bonde Knut Rasmusson Kirkhorn, Venstre 1880-1882, 1883-1885.
- Kjøpmann Bjørn Lødemel, Høgre, 2009-.
Kongevitjingar i Hornindal
Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900
Kjende personar i Hornindal fødde etter år 1900:
Kåre Maurset
(1903-1988), frå Hornindal. Lærar og politikar.
Olav Konrad Sætren.
Olav Konrad Sætren
(1908–1943) frå Hornindal. Maskinist og krigsseglar. Utdanna på m.a. Statens Industriskule, og maskinistskule. Omkom då M/S ”Bonville” vart torpedert 10. mars i Atlanterhavet på veg frå New York til Mersey. Mannskapet gjekk i livbåtane, men fraus ihel før dei vart funne.
Steffen Inge Gausemel
(1909-1940) frå Hornindal. Lærar og kunstmålar.
Ola O. Raftevold
Ola O. Raftevold
(1913–1999). Hotelleigar og politikar.
Konrad Sætren.
Ragnvald Lunde
1914-2003) Spelemann, folkedansar og slåttekomponist.
Konrad Sætren
(1916-1993) frå Hornindal, busett i Oslo. Offiser og skiskyttar. Utdanna på landbruksskule og underoffiserskulen. Deltok i krigshandlingane i Valdres i 1940, og tenestegjorde m.a. i 10 år som kaptein i Brigade Sør. Sætren har fleire NM-titlar i skiskyting.
Pål Ytrehorn.
Pål Ytrehorn
(1916-1940) frå Hornindal. Fødd i Amerika, men flytta tre år gamal heim saman med foreldra til Hornindal. Gjekk Mindresunde jordbruksskule. Etter krigsutbrotet 1940 deltok han i kampane i Valdres, der han fall ved Kronborg bru.
Anna Lunde
(1917–2001) frå Hornindal. Kvedar og dansar.
Martin andreas J. Melheim.
Martin Andreas J. Melheim
(1920–1943) frå Hornindal. Kokk og krigsseglar. Tok hyre på D/S ”Iris” tre dagar før krigsutbrotet i april 1940. Vart seinare kokk på M/T ”Glittre” og miste livet då skipet vart torpedert på veg frå Mersey til New York 23. februar 1943.
Håkon Gausemel
(1921-2004) frå Hornindal, busett i Førde. Jordskifteteknikar og forfattar.
Elling Seljeset d.y.
fødd 1928 i Hornindal. bonde og folkemusikar.
Rasmus Lødøen
fødd 1936 i Hornindal. Lærar og idrettsmann.
Atle Tomasgard.
Ola Sætren
fødd 1938. Shippingmann og norsk konsul.
Atle Tomasgard
fødd 1939. Lærar og politikar. Aktiv i arbeidet med å få gjenoppretta Hornindal som eigen kommune på 70-talet, og sterkt engasjert i arbeidet med Kvivsvegen (sjå Samferdsle i Hornindal). Var også ordførar 1984-1987.
Jon Ytrehorn. Foto: Bengt Flaten.
Paul O. Tomasgard
fødd 1941. Lærar, politikar og lokalhistorikar.
Jon Ytrehorn
fødd 1940 i Hornindal. Lærar, kateket og kyrkjelydsarbeidar. Vart i 2000 som den første i Noreg ordinært til sokneprestteneste utan å ha teologisk embetseksamen. Ytrehorn gjer teneste som prest i heimbygda.
Gisle Tomasgard
fødd 1942. Veterinær, doktorgrad 1976. Distriktsveterinær i Sunnfjord. President i Den Norske Veterinærforening 1993-1997, forutan talrike tillitsverv i fagorganisasjonar. Forfattar av «Vestenfjeldske veterinærforening 100 år, 1902-2002».
Lars R. Lunde
fødd i 1945 på Gausemel, busett på Nordfjordeid. Fotograf.
Rolv Taraldset. Foto: Olav Jakob Tveit.
Oline Løvlid
fødd 1950. Folkemusikar.
Rolv Taraldset
fødd 1953. Treskjerar. Taraldset vert rekna som ein av dei fremste treskjerarane i landet. Driv m.a. kurs i treskjæring. Lærte kunsten m.a. av far sin Bjarne Taraldset fødd 1914.
Per Knut Aaland
fødd 1954 i Randabygda, busett i Hornindal. Langrennsløpar og smøreekspert for det norske landslaget. Sjå Per Knut Aaland under Stryn kommune.
Bjørn Lødemel
fødd 1958 i Hornindal. Forretningsmann og Høgre-politikar.
Geir Espe
fødd 1960 i Hornindal, busett i Jølster. Forretningsmann.
Frode Grodås
fødd 1964 i Hornindal. Fotballspelar og trenar.
Roger Lillestøl
Roger Lillestøl.
Eline Fannemel.
Unni Løvlid
fødd 1976 i Hornindal, busett i Oslo. Folkesongar og medlem av gruppa «Fjøgl».
Liv Merete Kroken
fødd 1976 i Hornindal, busett i Arna. Hardingfelespelar og medlem av gruppa «Fjøgl».
Britt Pernille Frøholm
fødd 1978 i Hornindal, busett i Oslo. Folkemusikar på hardingfele og vanleg fele.
Eline Fannemel
fødd 1987, frå Hornindal. Skiskyttar. Tok gull i junior-NM, normaldistansen, i 2005.
Anders Fannemel
fødd 1991, frå Hornindal. Skihoppar.
Anders Fannemel blir intervjua av media etter å ha hoppa 244,5 meter i Vikersund. Foto: Rune Fossum, NRK.