Kjende personar i Gaular fødde år 1850-1900

Henrik Hetle, som i 1906 vart funnen død. Grannen hans, Mikal Hetle, vart dømd for å ha teke livet hans. Hetlesaka har seinare vore omtala som eitt av dei grovaste justismorda i landet.

Henrik Hetle, som i 1906 vart funnen død. Grannen hans, Mikal Hetle, vart dømd for å ha teke livet hans. Hetlesaka har seinare vore omtala som eitt av dei grovaste justismorda i landet.

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Ola R. Døskeland

(1851-1932) frå Døskeland. Bonde og Høgre-politikar.

Mikal Hetle

(1853-1930) frå Hetle. Bonde.

Ola Johannesson Vik

(1854-1897) frå Viksdalen. Lærar og bladutgjevar.

Cornelius Nielsen

(1855–1944) frå Gaular. Entreprenør. Vart såra under eit bombeåtak mot den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944 og døydde den 8. oktober 1944.

Søren Tjønneland

(1868-1954) frå Tjønneland, busett i Bergen. Murar, fagforeningsmann og Arbeidarparti-politikar.

Henrik Hetle

(1870-1906) frå Hetle. Bonde. Vart i 1906 funnen død ved Hetlestøylen.

Nikolai Vindheim

(1871–1945) frå Viksdalen, busett i Bergen. Murar. Skadd då tyskarane sprengde bombeskadde hus i Laksevåg den 23. august 1945 og døydde av skadene den 25. august 1945.

Olaf Hjelmeland

(1872-1964) frå Hjelmeland. Likningssekretær, lokalhistorikar og politikar.

Alf Harlem

(1873-1955) frå Oslo, busett i Bygstad, seinare Voss. Distriktslege og fossekjøpar.

Kristian Eimhjellen

(1874–1942) frå Eimhjellen i Hyen, busett i Naustdal og Bygstad. Lærar og ungdomslagsmann. Sjå Kristian Eimhjellen under Gloppen kommune.

Brita Lien.

Brita Lien.

Brita Lien

(1875-1965) frå Bygstad. Sterkt engasjert i fråhaldsrørsla. Gav i 1920 ut songbok med eigne songar.

Rognald Mikalson Hestebeit

(1878-1977) frå Hestebeit i Viksdalen. Bonde, emissær og Venstre-politikar. Reiste frå 1914 som emissær for Norsk Luthersk Kinamisjonsforbund. Medlem av kommunestyre og skulestyre i fleire år frå 1910. Vararepresentant til Stortinget 1937 - 1945.

Fredrik Mikal Hjelmeland

(1879-1968) frå Hjelmeland. Bonde. Utvandra 1901 til Amerika, men returnerte i 1910 og tok over garden, der han bygde ein av dei første siloane i Sogn og Fjordane i 1926. Far til entreprenørane Gunnar, Andreas, Finn og Fritz Hjelmeland (sjå: Forretningsfamilien Hjelmeland).

Petter Søgnen

(1879–1944) frå Gaular, busett i Bergen. Lagerarbeidar. Omkom under den store eksplosjonsulukka på Vågen i Bergen den 20.april 1944, då trålaren «Voorbode» med 120 tonn dynamitt eksploderte ved Festningskaien.

Mathias M. Raaheim

Mathias M. Raaheim

Isak Kolbeinson Lyngstad

(1881-1965) frå Lyngstad. Bonde og anleggsarbeidar.Kjend som "Sunnfjords sterkaste".

Mathias M. Raaheim

(1881–1967) frå Råheimsdalen. Bonde, offiser og politikar. Medlem av kommunestyret frå 1907, ordførar 1925–1947 med unntak av krigsåra.

Magnhild Hole

(1886-1961) busett Bygstad. Lærar og politikar. Kom til Bygstad som lærar i 1921, og skula til 1951. Som pensjonist engasjerte ho seg i lokalpolitikken, og vart den første kvinna i Gaular kommunestyre i 1951. Ho var medlem av kommunestyret til 1959, og sat også i skulestyret.

John C. Aase

(1886–1962) frå Åse. Vegoppsynsmann og oppfinnar.

Ole Hetle

(1887-1968) frå Hetle, utflytt 1914 til Bergen.

Henrik Andreas Rørstad

(1889-1918) frå Rørstad. Emigrerte 1910 til Amerika, der han som så mange andre innvandrarar vart mobilisert til krig i 1917. Han fall i Frankrike, og er gravlagd i heimbygda.

Peder Furubotn

(1890-1975) frå Brekke, busett i Bergen. Snekkar og kommunistleiar.

Matheus Hetle

(1890-1963) frå Hetle.

Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland

(1895-1984). Lærar og misjonskvinne. Bygde for eigne midlar bedehus på Hjelmeland, innvigd 1940. Ho var lærar på Hjelmeland skule og seinare på sentralskulen i Bygstad.

Knut Tjønneland

(1895–1966) frå Gaular. Lærar og tillitsmann i Det Norske Totalavholdsselskap. Tildelt deira høgste utmerking, Kloster-medaljen.

Karl Nikolai Vindheim

(1896-1961) frå Øvre Kjelstad. Bonde, målar og handverkar som dreiv som rosemålar og produserte husflidvarer, leikety og smågjenstandar i ein verkstad som han bygde på garden. Karl heldt også målarkurs.

Olav Døskeland

(1897-1985) frå Døskeland. Bonde og politikar. Var ordførar i Gaular frå 1952 til 1968. Son til Ola R. Døskeland.