Olaug Nilssen, fødd 1977, er oppvaksen i Solheimsdalen. Ho er blitt ein av dei mest kjende unge, norske forfattarane. Foto: Jens Helleland Ådnanes/Det Norske Samlaget.
- Kjende personar i Førde fødde før år 1700
- Kjende personar i Førde fødde år 1700-1800
- Kjende personar i Førde fødde år 1800-1830
- Kjende personar i Førde fødde år 1830-1850
- Kjende personar i Førde fødde år 1850-1890
- Kjende personar i Førde fødde år 1890-1920
- Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940
- Kjende personar i Førde fødde år 1940-1960
Kjende personar i Førde fødde år 1960-
Leif Arne Åsen
fødd 1960 på Myklebust i Jølster, busett i Førde. Entreprenør og organisasjonsmann. - Sjå Leif Arne Åsen, Jølster kommune.
Hilde Barstad
fødd 1961 i Førde. Jurist og Høgre-politikar.
Olav Vølstad. Foto: VG.
Ingjerd Monsen Hjelmeland
fødd 1961 i Oslo, busett i Førde og Bergen. Tekstilkunstnar.
Olav Vølstad
fødd 1961 i Drammen, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar - sjå: Volleyballsyskena Vølstad.
Asbjørn Vølstad
fødd 1962 i Drammen, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar.
Jofrid Vølstad
fødd 1964 i Namsos, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar - sjå: Volleyballsyskena Vølstad.
Rolf Sanne-Gundersen
fødd 1965 i Stavanger, busett i Førde. Journalist og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.
Grethe Eithun
fødd 1966 i Førde. Forlagsredaktør og forfattar.
Herman Erdal
fødd 1967 i Førde. Forretningsmann og sportsskyttar.
Jon Bolstad
fødd 1967 i Skjolden, busett i Førde. Direktør for Helse Førde frå 2004. Sjå Jon Bolstad under Luster kommune.
Terje Ness
fødd 1968 i Førde, busett i Oslo. Meisterkokk, som vart verdsmeister i kokekunst under tevling i Frankrike i år 1999.
Ivar Hauge
fødd 1968 i Førde. Vektløftar og jurist.
Bjarte Daviknes Klakegg
fødd 1969 i Førde, busett i Bergen. Grafisk designar og forfattar.
Gisle Børge Styve
fødd 1970 i Førde. Musikar.
Magny Øvrebø
fødd 1970 i Førde, busett i Oslo. Bankdirektør. Utdanna siviløkonom frå NHH. Har arbeidd i Vesta og Skandia. Frå 2000 fondssjef i Nordea Link, og frå 2003 tilsett som finansdirektør i Nordea Liv.
Ole Jonny Eikefjord
fødd 1970 i Førde, busett i Oslo. Kokk, restauranteigar og matbokforfattar.
Marita Liabø
fødd 1971 i Førde, busett i Oslo. Cand. philol., lærar og forfattar.
Martinus Grov
fødd 1974 i Førde. Bogeskyttar.
Jorunn Torsheim
fødd 1974 i Førde. Songar, utdanna ved Goldsmith University i London.
Berit Vølstad
fødd 1974 i Bergen, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar - sjå: Volleyballsyskena Vølstad.
Olaug Nilssen
fødd 1977 i Førde. Forfattar.
Kjersti Sandal. Foto: Ø. Klakegg, DNS.
Kjersti Sandal
fødd 1978 i Ålesund, oppvaksen i Førde. Skodespelar.
Maria Tryti Vennerød
fødd 1978 i Oslo. Oppvaksen i Sogndal og Førde, busett i Oslo. Dramatikar.
Geir Eithun
fødd 1979 i Førde. Volleyballspelar.
Alexander Kirketeig
fødd 1979 i Førde. Styrkeløftar.
Alexander Ødegaard
fødd 1980 i Førde. Fotballspelar.
Magnus Pilskog Stein
fødd 1981, frå Førde. Bogeskyttar.
Oddbjørn By
fødd 1981 i Førde, busett i Bergen. Forfattar og kjend for bøker om hugseteknikkar.
Mona Isene
fødd 1985, frå Førde. Lærar og konkurranseskyttar.
Thea Hjelmeland
fødd 1987 i Førde, busett i Førde og Paris. Songartist og musikar.
Vebjørn Varlid
fødd 1990 i Førde. Vektløftar.
Kim André Blikås
fødd 1990 i Førde. Styrkeløftar. Han tok gull i junior-NM i 2008, sølv i junior-NM i 2009 og sølv i NM i benkpress og gull i Nordisk meisterskap for ungdom i 2010.
Kim André Blikås i markløft. Foto: Oddbjørn Steen.
Håvard Gutubø Bogetveit
fødd 1992 i Oslo, busett i Førde frå 1999. Skiskyttar og langrennsløpar.