Kjende personar i Eid

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Personomtalane er ordna kronologisk etter fødselsår.

OMTALE PÅ EIGNE SIDER:

ANDRE OMTALAR:

Kjende personar i Eid fødde år 1950-:

Aud Sissel Hestenes

fødd 1951 på Nordfjordeid, busett Førde. Lektor og tekstilkunstnar.

Anne Karin Torheim

fødd 1953, frå Torheim, busett i Stavanger. Skodespelar, forfattar og litteraturkritikar.

Michael Pavelich

fødd 1954 i Michigan, USA. Songar og drivkraft for Opera Nordfjord.

Harald Aabrekk

fødd 1956 på Nordfjordeid. Fotballspelar og fotballtrenar.

Jan Nyberg

fødd 1958 på Stårheim. Journalist og redaktør.

Kari Standal Pavelich

fødd 1960 i Ålesund. Fiolinspelar og drivkraft for Opera Nordfjord.

Siri Kolseth

fødd 1960 på Nordfjordeid. Cand. mag. og politikar. Politisk rådgjevar i Fiskeridepartementet for statsråd Oddrun Pettersen, Arbeidarpartiet, 1990-1992. Har sidan m.a. vore aktiv i oppdrettsnæringa.

Knut Rønnestad

fødd 1963, frå Nordfjordeid. Driftsing. og bogeskyttar.


Jan-Ketil Smørdal

fødd 1964 i Hjelmelandsdalen. Sirkusdirektør. Han starta i 1989 Sirkus Agora (Cirkus Agora A/S). Han har sjølv opptrådd som linedansar og sjonglør, og er også ein av initiativtakarane til sirkusutdanninga ved Fjordane folkehøgskule.

John Olav Lefdal

fødd 1964 på Nordfjordeid, busett i Stryn. Forretningsmann og investor.

Marianne Kjørstad

fødd 1970 i Hjelmelandsdalen. Alpinist.

Alfred Bjørlo

fødd 1972 på Nordfjordeid. Venstrepolitikar busett i Bergen.

Fred Noralf Os Stave

fødd 1972. Musikar i visepopgruppa Fabel.

Odd-Erik Lothe

fødd 1972 i Kjølsdalen, busett i Oslo. Lærar og musikar.

Mats Inge Smørdal Ericsson

fødd 1975, frå Mogrenda, busett i Kellered, Sverige. Seljar og bogeskyttar.

Azar Karadas

fødd 1981 på Nordfjordeid. Fotballspelar.

Beate Dahl Eide

fødd 1981, frå Nordfjordeid, busett i Trondheim. Senterparti-politikar.

Akseli Ensio Kokkonen

fødd 1984 i Oslo, oppvaksen i Finland. Skihoppar.

Ronny Hafsås

fødd 1985 frå Stårheim. Skiskyttar og langrennsløpar. Ein av dei fremste løparane i det aktive skimiljøet i Stårheim.

Stine Øvreberg

fødd 1985, frå Stårheim. Skiskyttar. Har teke sølv oo bronse på Hovudlandsrennet 2000, og to gull og ein sølv på same landsrenn i 2001 og sølv på sprint i junior-NM 2005. Sølv på stafetten under jr.-NM 2002 og 2005, og sølv på stafetten under VM i skiskyting for juniorar i Frankrike i 2004.

Eirik Hafsås

fødd 1985, frå Stårheim. Skiskyttar. Sølv på Hovudlandsrennet i 2000 og gull på same landsrenn i 2001. Tok to bronse under junior-NM i 2002.


Sander Smørdal

fødd 1985 i Eid, busett i Bergen. Symjar.

Sveinung Rotevatn

fødd 1987 i Eid, jusstudent og politikar.

Sirianne Remme

fødd 1988, frå Hjelmelandsdalen. Alpinist. Som løpar for Haugen IL har ho m.a. teke sølv i utfor under junior-NM i 2007.

Karoline Søvik Myklebust

fødd 1991 i Eid. Alpinist.

Isak Flo Bødal

fødd 1995 frå Stårheim. Skiskyttar. I 2012 og 2013 vart han nummer to i Norgescupen. I 2014 gjekk han heilt til topps etter å ha vunne fire enkeltsigrar gjennom sesongen.