Kjende personar i Årdal fødde år 1900-1950

Omtalane er ordna kronologisk etter fødselsår:

Asbjørn Søfting var ordførar i Årdal i ein periode med sterk vekst.

Asbjørn Søfting var ordførar i Årdal i ein periode med sterk vekst.

Asbjørn Søfting

(1900-1976) frå Mosjøen, busett i Årdal. Industriarbeidar og Arbeidarparti-politikar. Ordførar i Årdal 1955-1971. Medlem av fylkestinget 1956-1971.

Kari Ørbech

(1902-1997) frå Naddvik. Forfattar.

Jon Lemvik

(1908–1940) frå Årdal. Fyrbøtar og krigsseglar. Tok examen artium og handelsgymnas før han drog til sjøs og mønstra som fyrbøtar på D/S ”Solhavn” som tok del i den allierte evakueringa frå Dunkerque i 1940. Her vart Lemvik såra og døydde av skadene den 11. mai 1940.

Ranveig Lægreid.

Ranveig Lægreid.

Knut Kramviken

(1910-1990), ætta frå Tinn, busett i Årdal. Kontorsjef i Årdal kommune 1947-1977.

Ranveig Lægreid

(1912-1988) frå Hardanger, busett på Årdalstangen. Organisasjonskvinne. Som mangeårig leiar av Nedre Årdal Helselag stod ho m.a. i brodden for reisinga av det første helsetunet i landet på Årdalstangen i 1955. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1985.

Lars Skjervheim.

Lars Skjervheim.



Lars Skjervheim

(1915-2003) på Voss, busett i Årdal frå 1969. Kjend hardingsfelespelar som har vunne kl. A på Landskappleiken og ei rad andre tevlingar. Som medlem av Årdal Spelemannslag tok han seg særleg av opplæring av nye spelemenn, m.a. Håkon Høgemo. Flytta seinare tilbake til Voss.

Torvald Lægreid.

Torvald Lægreid.

Jakob Flæte

(1915-1997) frå Vik, busett i Årdal. Lensmann og Arbeidarparti-politikar, m.a. som ordførar i Årdal og fylkespolitikar. Far til Oddvar Flæte. Sjå Jakob Flæte under Vik kommune.

Torvald Lægreid

(1916–1941) frå Årdal. Matros og krigsseglar. Omkom då D/S ”Augvald” vart torpedert i Nord-Atlanteren den 2. mars 1941. Berre ein av mannskapet vart berga.



Arne Konrad Eldegard

fødd 1917, frå Øvre Årdal. Bankmann, ungdomslagmann og Venstre-politikar.

Jørgen O. Vee

(1918-1992) frå Øvre Årdal. Arbeidsformann og Arbeidarparti-politikar.

Karsten Skuggen Hoff.

Karsten Skuggen Hoff.

Jahn O. Kornbrekke

(1919-1944) frå Evje. Politikonstabel.

Karsten Skuggen Hoff

(1920-2004) frå Ålesund, busett i Årdal frå 1950. Kontorfunksjonær og idrettsorganisator. Stod sentralt i skipinga av Sogn og Fjordane Bedriftsidrettskrins og var leiar 1953-1955. Frå 1956 styremedlem i Sogn og Fjordane Fotballkrets, og formann 1969-1983.

Sverre Johan Juvik

fødd 1922 i Hemnes i Nordland, busett i Årdal. Industriarbeidar og Arbeidarparti-politikar.

Olaf Vee-Haugen

(1931-1997)frå Årdal. Journalist og Arbeidarparti-politikar.

Andreas Bjørkum

(1932-2014) frå Naddvik. Dialektforskar og frå 1982 professor ved Universitetet i Oslo.

Frøydis Nordbustad

fødd 1933 på Øre, busett i Tanzania og Øvre Årdal. Lærar og misjonær.

Erling Lægreid. Foto: Ole Kaland.

Erling Lægreid. Foto: Ole Kaland.

Erling Lægreid

(1939-2011) frå Årdalstangen. Cand. phil. Radiojournalist, kåsør og forfattar.

Arnfinn Stølen

fødd 1939 i Øvre Årdal, busett i Oslo. Høgskulelærar og musikar.

Magne Skaar

fødd 1940 i Øvre Årdal, busett i Leikanger. Sosialøkonom og direktør i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Turid Askeland

fødd 1942 på Årdalstangen. Biletkunstnar.

Oddvar Flæte.

Oddvar Flæte.

Oddvar Flæte

fødd 1944 i Leikanger, oppvaksen i Årdal. Fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1994. Son til Jakob Flæte. Sjå Oddvar Flæte under Leikanger kommune.

Jo Ragnar Sønstlien

fødd 1944 i Vågå, busett i Øvre Årdal. Arbeidarparti-politikar.

Steinar Lægreid

fødd 1945 frå Årdalstangen. Mållagsleiar og kultursjef.

Britt Smelvær

fødd 1945 i Dumphries, Skottland, oppvaksen i Årdal. Busett i København. Biletkunstnar.

Oddvar Natvik

fødd 1945 i Naddvik. Cand. philol.

Jan Øhlckers

fødd 1946 i Oslo, busett i Årdal. Siviløkonom og fylkesrådmann.