Kjellar-ura i Ommedal

Ommedalstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ommedalstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

200 meter frå Ommedalstunet i Hyen ligg Kjellar-ura. Ved foten av ura kjem det ein iskald luftstraum ut, og her har gardbrukarane i Ommedal gjennom alle tider hatt gratis kjøleskap.

Lengst inne i ura har ein henta is i august månad. Ura har vore mykje brukt til lagring av poteter både for Ommedals-folket og grannelaget.

Ei liknande «kjøleskaps-ur» finst på Åsen i Hyen.