Kjell Mork

Kjell Mork. Foto: Arild Moe, NRK.

Kjell Mork. Foto: Arild Moe, NRK.

Kjell Mork (1948-2012) frå Oppstryn, busett i Longyearbyen, Svalbard. Lærar og Arbeidarparti-politikar.

Etter lærarutdanning i Oslo arbeidde han som lærar m.a. i Jølster og Stranda før han i 1977 vart lærar i Longyearbyen på Svalbard. Han har vore ei drivande kraft i styret for Svalbard Museum som vart opna i 2006, og same året vart han også ”ordførar” i det folkevalde lokalstyret i Longyearbyen.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.