Kjartan Slettemark

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Kjartan Slettemark (1932-2008) frå Naustdal. Biletkunstnar og performanceartist. Døydde i Stockhom i desember 2008.

Kjartan Slettemark vart landskjend då det i 1965 vart hengt opp eit protestbilete av han mot Vietnamkrigen framfor Stortinget. Knapt noko kunstverk har skapt slike reaksjonar her i landet: Folk knuste monteren og skada biletet fleire gonger.


Busett i Sverige

Slettemark har sidan 1959 vore busett i Sverige, der han har arbeidd m.a. med performance-kunst sidan. Han har også laga materialbilete av søppel.

Kjend internasjonalt

Han er truleg den mest internasjonalt kjende kunstnaren frå Sogn og Fjordane. Er m.a. innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Muséet for samtidskunst og ei rad sentrale muséum i inn- og utland. I Sunnfjord har Kjartan Slettemark m.a. vore gjestekunstnar under Førdeveka, har hatt separatutstilling i Sogn og Fjordane kunstnarsenter, i heimbygda Naustdal, og i 2001 felles utstilling med Ludvig Eikaas og Oddvar Torsheim på Eikaasgalleriet i Jølster.

I heimekommunen prydar verket «Altertavle» foajeen i Naustdal kommunehus, og i 2007 vart det reist ein stor skulptur – ”Budeia” – av Slettemark i parkanlegget Sanden i Naustdal sentrum. Utnemnd til æresmedlem i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane i 2007.

Prisar

Kjartan Slettemark fekk i 2001 Norsk Kulturråds Ærespris. Den svenske Staten heidra i 2002 Slettemark ved å gje han kunstnarløn. På 70-årsdagen fekk han Naustdalsprisen 2002, og vart same året den andre som vart tildelt den nyskipa Humanistisk Kulturpris.

Kjartan sin far var Jakob Jakobsson Slettemark (1875-1961) som var kjend som ein dugande spelemann i bygda. Det same var bestefaren Jakob Slettemark.