Kari Ørbech

Kari Ørbech (1902-1997) frå Naddvik. Forfattar. Debuterte med romanen ”Den forjettede by” i 1936. I 1952 fekk ho Dammprisen og Kyrkje- og undervisningsdepartementets pris for barneboka ”Hun som fikk navnet Loretta”.

I 1973 fekk ho på nytt Kyrkje- og undervisningsdepartementets pris for ”Alt kan hende Peder”, og den same prisen i 1974 for ”Stormdagen”.

Ørbech skreiv i alt 17 bøker, og nytta både nynorsk og bokmål. Fleire av bøkene er oversette til svensk, og ei til russisk.