Kaperskip i Bulandet

Bulandet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bulandet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1710 vart den hollandske skuta «Jomfru Sara» kapra av franske sjørøvarar då ho var på veg heim frå Arkhangelsk i Russland med last. Det franske krigsskipet tok dei fleste av hollendarane til fange. Men to hollendarar vart att om bord saman med eit prisemannskap, som skulle sigle «Jomfru Sara» til Frankrike.

Utanfor Bulandet kom «Jomfru Sara» opp i storm og havsnaud, og alle om bord gjekk i livbåtane. Dei berga seg inn til Bulandet veslejulaftan 1710. Skipet vart liggjande og drive i havet.

Då sjøen stilna, reiste tre båtar ut frå Bulandet, entra «Jomfru Sara» og lasta robåtane til ripa med varer. I dagane som fylgde vart skuta taua inn til Bulandet. Folk strøymde til for å forsyne seg av rikdomen. Ein sundag var det så folketomt i Vilnes-kyrkja at presten måtte kunngjere messefall «Formedelst et strandet skip udi Bue».

Også futen på Svanøy var med og forsynte seg av varer frå det hollandske skipet, som seinare vart ført tilbake til dei rette eigarane i Nederland. Men då var skuta grundig ribba!

Nytt kaperskip

I 1781 la eit fransk kaperskip frå Dunkerque seg for anker i Bulandet. Kapteinen reiste til Bergen i eit ærend, medan mannskapet stelte til mykje vald og spetakkel i Bulandet.

Mellom anna hadde dei truga gjestgjevaren i Bulandet, Per Abrahamsson, med kniv dersom han ikkje skjenkte gratis øl og brennevin. Hos Knut Nikøy hadde dei skote tre sauer, og hos Olav i Gjelsa hadde dei skamskote ei ku med blyhagl.

Same kaperskipet herja også hardt på Husøy i Solund året etter - sjå: Franske sjørøvarar på Husøy.