Kampen om tverrsambandet

Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden i 2006. Vegstrekninga vi ser var svært rasutsett, og i 2009 vart vegen erstatta av Støylsnestunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden i 2006. Vegstrekninga vi ser var svært rasutsett, og i 2009 vart vegen erstatta av Støylsnestunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kring 1970 var det hard kappestrid om kva for vegline som skulle velgjast som såkalla «tverrsamband» mellom Sogn og Sunnfjord. Dvs. eit heilårs vegsamband til avløysing for den sesongopne Gaularfjellsvegen.

Dei tre opphavelege alternativa var lina Hella-Skei gjennom Fjærland, Balestrand-Høyanger gjennom Høyangertunnelen, og ei opprusting av Gaularfjellsvegen med tunnelsystem i dei mest rasutsette partia. Veg gjennom Sogndalsdalen var lite framme i debatten i dei første rundane fordi talsmennene for dei andre veglinene var dei mest pågåande. Den avgjerande kampen skulle kome til å stå mellom veglina Skei-Fjærland-Hella og Høyanger-lina langs Sognefjorden. Begge aksjonsgruppene reiste i skytteltrafikk til Oslo for å tale si sak.

Fjærlandstunnelen stod klar i 1986, sjølv om vegen om Fjærland tapte kampen om tverrsambandet tidleg på 1970-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærlandstunnelen stod klar i 1986, sjølv om vegen om Fjærland tapte kampen om tverrsambandet tidleg på 1970-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veggeneralen O. K. Henden

Lina Hella-Fjærland-Skei hadde kjøpmann Olav K. Henden som sin sterkaste talsmann. Henden var ein allsidig forretningsmann på Sandane som hadde bygd seg opp som bilforhandlar med avdelingar kringom i fylket. Hella-aktivistane kunne m.a. spele på folkekravet om vegutløysing for Fjærland, dessutan at ein fekk vegutløysing nordfrå til Bergen med ferje over fjorden til Vik og Vikafjellsvegen til Voss.

Førde-veksten vart avgjerande joker

Men det skulle verte Førde og det som skjedde der, som vart avgjerande for at lina langs Sognefjorden gjennom Høyanger vann drakampen: I samband med utpeikinga av Førde som vekstsenter i 1965, vart det nemleg kravd betre vegsamband mot Oslo for vekstsenteret. Bak dette kravet stod den mektige Akergruppen som på den tida gjekk med planar om å byggje ein stor motorfabrikk på Øyrane i Førde. Det var også på tale å byggje ein bilfabrikk der. På industristaden Høyanger vart denne drahjelpa frå vekstsenteret utnytta for det det var verd i kampen for å få lagt stamvegen langs Sognefjorden frå Høyanger til Balestrand. Både O.K. Henden og hans folk og delegasjonar frå Høyanger og Høyanger Verk trakka flittig i korridorane i Oslo før den viktige avgjerda vart teken. ”Sognefjordlina” vann, og vegen frå Balestrand til ferjeleiet på Kongsnes prioritert. Vegen fram til Kongsnes vart opna i 1971.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Tunnel til Fjærland

Eit framhald av denne ”Sognefjordslina” var vegtunnelen som vi no kjenner som Høyangertunnelen, opna i 1982. Den kom etter at Stortinget i 1973 vedtok å satse på Høyangertunnelen som hovudsamband.

Bygdeveg vart riksveg

Men samstundes skulle Fjærland få vegsamband med tunnel under Jostedalsbréen til Jølster. Denne skulle etter stortingsvedtaket berre byggjast som bygdeveg – d.v.s. med ei ”bilbreidde” og med møteplassar inne i tunnelen. Men mange tykte det var meiningslaust å byggje ein over 6000 meter lang tunnel med berre plass til ei bilbreidde. Kravet om breiare tunnel kom difor straks. Ein sterk talsmann for riksvegstandard på Fjærlandstunnelen var dåverande fylkesordførar Ola M. Hestenes, og vedtaket om riksvegstandard var på plass før arbeidet med Fjærlandstunnelen starta. Det ”mellombelse” vedtaket frå 1973 om bygdeveg Skei-Lunde-Fjærland er grunnen til at vegen langs Kjøsnesfjorden i første omgang vart bygd smalare enn riksvegstandarden, og seinare måtte utvidast for å tole trafikken då tunnelen under bréen vart opna.

Frå ei synfaring under vegbygginga mellom Lunde og Fjærlandstunnelen i 1984. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet.

Frå ei synfaring under vegbygginga mellom Lunde og Fjærlandstunnelen i 1984. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet.

Opna av visepresidenten i USA

Vegen Skei-Lunde var ferdig i 1980, og Fjærlandstunnelen (6397 meter) vart opna som riksvegsamband i 1986. Tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, klipte snora. Han har ætterøtene sine frå Mundal i Fjærland. Riksvegsambandet over Fjærland vart fram til 1994 utført med ferje mellom Fjærland og Hella.I 1994 kom vegsambandet gjennom Sogndalsdalen. Det nye tverrsambandet Skei-Sogndal gjer at ein t.d. kan køyre strekninga Sogndal-Førde på under halvannan time. Dette er meir enn ein time kortare køyretid enn på dei andre rutene der ein måtte køyre langs Sognefjorden. Vegsambandet vart finansiert m.a. ved bompengar, bommen i Fjærland var kjend som den dyraste i landet.

God stemning då Walter Mondale opna Skei-Fjærland i 1986. Til venstre fylkesmann Ingald Ulveseth og til høgre vegdirektør Eskild Jensen. Foto: Olav Handeland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

God stemning då Walter Mondale opna Skei-Fjærland i 1986. Til venstre fylkesmann Ingald Ulveseth og til høgre vegdirektør Eskild Jensen. Foto: Olav Handeland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bompengar til 2010

Då vegsambandet opna i 1994 vart det rekna med at trafikantane måtte betale bompengar ut 2011. Men auka trafikk gjorde at vegen var nedbetalt vel eitt år tidlegare, og 26. november 2010 vart den siste dagen med bompengar. Då hadde taksten for personbil stige frå 105 kroner i 1994 til 180 kroner i 2010, medan vogntog måtte betale 810 kroner for kvar passering siste året. I alt betalte trafikantane over 700 millionar kroner i bompengar på dei vel 16 åra.

.

Riksvegen Sogndal–Fjærland

I 1994 kom vegsambandet gjennom Sogndalsdalen.

Den mest rasutsette strekninga på riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden vart lagd i tunnel hausten 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den mest rasutsette strekninga på riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden vart lagd i tunnel hausten 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rasoverbygg kunne brotne

Men den nye riksvegen Skei-Fjærland synte seg å vere svært utsett for ras, særleg langs Kjøsnesfjorden. Det første som skjedde, var at det vart bygd fleire store fonnoverbygg i betong i dei mest utsette skredløpa vest for garden Ripe. Dessutan vart tunnelen aust for Kjøsnes forlenga med eit rasoverbygg. Dette vart kjøpt i ferdige seksjonar frå Frankrike. Men fyllinga under rasoverbygget var dårleg og tok etter kort tid til å sige. Det var ei tid fare for at det seksjonerte overbygget kunne rase i hop. Riksvegen vart difor stengd i to månader inntil ein hadde fått stabilisert grunnen under den tunge konstruksjonen. I denne tida måtte borna frå indre Kjøsnesfjorden skyssast med båt til skulen på Skei. Langs Kjøsnesfjorden ligg Kleivatunnelen som med forlenging av rasoverbygg er på 904 meter, Bjørnabakktunnel og rasoverbygg på 433 meter og rasoverbygget Føreneset som er ein heilstøypt kulvert på 302 meter.

Kong Harald opnar Støylsnestunnelen 2. november 2009. Til venstre for han fylkesordførar Nils R. Sandal og vegdirektør Terje Moe Gustavsen, til høgre samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kong Harald opnar Støylsnestunnelen 2. november 2009. Til venstre for han fylkesordførar Nils R. Sandal og vegdirektør Terje Moe Gustavsen, til høgre samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Ny tunnel ved Kjøsnesfjorden

Men trass i store utlegg til rasoverbygg og sikringsvollar, har steinsprang langs Kjøsnesfjorden hittil kosta ein busspassasjer livet i 1999 og ein ung mann begge beina då ein kjempestein råka bilen hans i 2003. Det var særleg dramatisk vinteren 2005 då ei mengd bilar vart innsperra mellom eit tjuetal snøras langs Kjøsnesfjorden. Til all lukke vart ingen skadde. Etter denne hendinga vart det utarbeidd planar for sprenging av ein 2660 meter lang tunnel framom den mest rasutsette strekninga frå Ripe og vestover. Støylsnestunnelen vart opna 2. november 2009 av kong Harald V, og tunnelmassar er nytta til å byggje rasvollar frå Kjøsnesfjorden og opp dalen frå Lunde til Fjærlandstunnelen. Også i Sogndalsdalen er store skredløp sikra med rasvollar etter dramatiske episodar der bilar har vorte tekna av fonna.

Flaskehals på Kjøsnes

I 2005 vart ein viktig flaskehals på riksveg 5 borte då det vart opna ny veg frå Skei og austover framom gardane på Kjøsnes.

Fram til 2005 gjekk trafikken på vegen mellom Sogndal og Skei på denne smale gardsvegen gjennom tunet på Kjøsnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til 2005 gjekk trafikken på vegen mellom Sogndal og Skei på denne smale gardsvegen gjennom tunet på Kjøsnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.