Kaféen Kakebua

Kakebua låg i Trovikhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kakebua låg i Trovikhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utstillingar med figurar og utstyr frå fisket pregar interiøret i Kakebua. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Utstillingar med figurar og utstyr frå fisket pregar interiøret i Kakebua. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kakebua på kaikanten i Florø var i lang tid den mest kjende kafèen i fylket. Kaféen Kakebua i Strandgata er ein institusjon i Florø. Bak Kakebua står Jørund Trovik, som etter at han overtok i 1972 har gjort kaféen til eit levande museum med utstyr frå fiske og sildebuer. Etter konkurs er den i 2002 driven av nye eigarar. Men etter nokre år vart kaféen lagd ned for godt.

Parlamentet i Kakebua

I kaféen samlast dagleg Florø-patriotar kring stamborda. Eitt av dei hadde nemninga «Parlamentet», og nåde den som sette seg ned der utan å høyre til der! Men lytta ein frå sidebordet, kunne ein få med seg mang ein god replikk.

Kakebua låg i enden av Strandgata i Florø. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kakebua låg i enden av Strandgata i Florø. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.