KS – Kommunesektoren

Olav Lunden er mellom ordførarane som har hatt vervet som leiar i KS i Sogn og Fjordane.

Olav Lunden er mellom ordførarane som har hatt vervet som leiar i KS i Sogn og Fjordane.

For m.a. å samordne tilhøvet sitt til Staten m.a. i samband med lovgjeving og økonomi, og vere eit fellesorgan ved lønsforhandlingar, skipa kommunar og fylkeskommunar Norske kommuners sentralforbund i 1972.

I 1988 skifta forbundet namn til Kommunenes Sentralforbund og i 2004 til Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon, med forkortinga KS. Opphavet til denne organiseringa låg i Norges Byforbund, som vart skipa i 1903 og Norges Herredsforbund, skipa i 1923.

Ved samanslåinga til Norske kommuners sentralforbund i 1972 kom også sektorforbund som Norges Sosialforbund og Norges Havneforbund med. I Sogn og Fjordane har det vore vanleg at leiarvervet i fylkesstyret har gått på omgang mellom ordførarane i kommunane. KS Sogn og Fjordane fekk fast sekretariat i Førde i 1979.