Jutlerøysa og klebersteinsbrotet ved Davik

Omlag 50 meter opp frå sjøen på Daviknes ligg Jutlerøysa. Inne i røysa vart det funne ei hellekiste med ei oskeurne i. Røysa er frå jernalderenen eller yngre bronsealder. På Daviknes vart det også funne to gamle sverd som seinare er komne bort. På det nesten 1000 meter høge fjellet Storetroda ovanfor Daviknes er det funne spor etter eit gamalt klebersteinsbrot der ein har hogge ut gryter.