June Andenæs

June Andenæs i kamp med Larvik-forsvaret i ein seriekamp for Levanger. Foto: Johan Arnt Nesgård, Trønder-Avisa.

June Andenæs i kamp med Larvik-forsvaret i ein seriekamp for Levanger. Foto: Johan Arnt Nesgård, Trønder-Avisa.

June Andenæs i landslagsdrakta. Foto: handball.no.

June Andenæs i landslagsdrakta. Foto: handball.no.

June Andenæs fødd 1983 på Vereide. Frisør, student og handballspelar. Spela handball på Fjellhug/Vereide og Gloppen Handballklubb før ho i 2003 flytta til Bergen og melde seg inn i Bjørnar IL, som ho var med på å spele opp i eliteserien.

I 2008 gjekk ho til Levanger IL i Nord-Trøndelag, som spela i eliteserien. Der gjorde ho det så godt som strekspelar at ho vart teken ut til landslagssamlingar, og i 2010 fekk ho sin debut på A-landslaget mot Sverige.

I 2011 gjekk ho frå Levanger til trondheimsklubben Byåsen. Der fekk ho m.a. spele kampar i EHF Champions League, og ho var med på å ta sølvmedalje i den norske toppserien.