Ljåslått på Flo i Stryn. Per Breidablik representerer det landbruket som no er historie, eit tungt fysisk slit. Foto: Olav Jakob Tveit.
Dei første landbruks-organisasjonane
Dei første organisasjonane som fekk betydning for norsk landbruk, vart skipa i Opplysningstida på 1700-talet og første halvdel av 1800-talet.
Landhusholdnings-selskapet for Bergen By og Stift
- Sjå Dei første landbruksorganisasjonane.
Nordre Bergenshus Amts Landhusholdnings-selskap
- Sjå Dei første landbruksorganisasjonane.
Sogn og Fjordane Landbruksselskap
Den første fylkesagronomen i Sogn og Fjordane vart tilsett i 1857. Dette var same året som Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap vart skipa, men agronomen var likevel fylkestilsett tenestemann og sorterte under amtmannen
Nydyrking og bureising
Heilt frå Opplysningstida på 1700-talet premierte Det Nyttige Selskab i Bergen og liknande «utviklingsselskap» nydyrking og bureising.
Selskapet Ny Jord
– Sjå Nydyrking og bureising .
Omlegging av jordbruket
I essayet «Dansen kring Krotakalven» skreiv forfattaren Tor Jonsson om «det store hamskiftet» i norsk landbruk på slutten av 1800-talet, då ein la om frå naturalhushald til pengehushald.
Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane
Sjølv om Sogn og Fjordane ikkje er noko typisk skogfylke, kan einskilde bygder i indre Sogn og indre Nordfjord skryte av å ha noko av den rankaste fureskogen i landet.
Sogn og Fjordane Skogeigarlag
– sjå Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.
Vestlandske Skogeigarsamband
– sjå Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Skogselskap
– sjå Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.
Bondeeigde meieri, kjøpelag og salslag
Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene å organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jordbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer. Dette skjedde også på Vestlandet, m.a. i landdistrikta som forsynte Bergen med matvarer.
Hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai er årets høgdepunkt for hestefolket i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Historia om fjordhesten og hesteavl
Den vakre og godlynte fjordhesten har opphavet sitt på Vestlandet, men er no utbreidd over store deler av verda som ein populær sportshest.
Storféavl i Sogn og Fjordane
Idéane om at ein gjennom import av nye dyrerasar og målretta avl kunne auke avdråtten på husdyrhaldet, tok til å få feste i norsk jordbruk midt på 1800-talet. Føregangsmennene var opplyste embetsmenn og velståande godseigarar. Slik var det også i Sogn og Fjordane.
Sau på beite på sørsida av Jølstravatnet. den 1.1. 2011 var det registrert vel 95.000 vinterfora sauer i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Sau- og geiteavl i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har vore det største geitefylket i landet, og saman med sauen har geita vore dei viktigaste husdyra på mangt eit brattlendt og skrint småbruk.
Svineavl i Sogn og Fjordane
Dei første forsøka med ein målretta svineavl i Sogn og Fjordane vart gjort i 1864 då statskonsulent Johan Lindeqvist reiste til England og kjøpte inn nokre par av rasane Berkshiresvin og Prins-Albertsvin.
Fjørféavl i Sogn og Fjordane
Norsk Fjørfélag vart skipa i 1884 og organiserer dei som driv egg- og fjørfékjøtproduksjon i landet. Laget talde i 1997 1800 medlemer.
Vestlandske Eggsentral
– sjå Fjørféavl i Sogn og Fjordane.
Prior
– sjå Fjørféavl i Sogn og Fjordane.
Pelsdyroppdrett har vore ei god attåtnæring for mange bønder i Sogn og Fjordane. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.
Pelsdyroppdrett i Sogn og Fjordane
Frå 1928 vaks pelsdyroppdrett fram som den store tilleggsnæringa for landbruket i Sogn og Fjordane.
Hagebrukshistoria i Sogn og Fjordane
Vik i Sogn er på mange vis pionérbygda for fruktdyrking i Sogn og Fjordane. Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik. Då vart ein mann drepen i «Aldinhagi» - dvs. i ein frukthage - ved elva Hopra.
Frukthage i Loen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Forsøksringen Sogn og Fjordane
I 2007 gjekk fem tidlegare regionale forsøksringar for jordbruket saman og skipa Sogn og Fjordane forsøksring.
Økoringen Vest
vart skipa i 1988 med kontorstad Leikanger.
Faglegpolitiske org. i landbruket
Kring 1900 organiserte bøndene seg i såkalla jordbrukslag i mange bygder. Først i 1947 kom det fylkeslag av bondelaget og bonde- og småbrukarlaget.
Sogn og Fjordane Bondelag
- sjå Faglegpolitiske org. i landbruket.
Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag
- sjå Faglegpolitiske org. i landbruket.
Breim er mellom dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.