Johanna Årdalsbakke

Johanna Årdalsbakke (1889-1972), frå Årdal. Ho bygde og dreiv Jølster Gamleheim i 1926 og dreiv gamleheimen privat til 1955. Ho voks opp i ein heim der foreldra tok seg av ei eldre kvinne som ikkje hadde eigen heim. Dette gjorde at Johanna sette seg føre at ho ville gjere noko for slike menneske.

Etter å ha vore hushjelp i Bergen i vel to år kom ho heim til Jølster i 1916. Ti år seinare kjøpte ho ei tomt på Helgheim for 1000 kroner og bygde ein stor trebygning som vart til Jølster Gamleheim.

Mellom pensjonærane var eldre menneske frå Bergen. Fleire av dei var tidlegare krigsseglarar frå første verdskrigen med alkoholproblem, medan andre var psykiatriske tilfelle som tidlegare hadde vore på Neevengården asyl.

Bergen kommune betalte så bra at drifta av gamleheimen gjekk rundt. I 1939 vart huset utvida slik at det var plass til 25 personar.

Då Johanna Årdalsbakke pensjonerte seg sjølv i 1955 ville Bergen kommune kjøpe gamleheimen for 150.000 kroner. Men ho valde i staden å selje til Jølster kommune for halvparten av summen Bergen ville betale.

Gamleheimsbygningen på Helgheim, slik han tok seg ut i 2007. Opphaveleg var huset kvitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamleheimsbygningen på Helgheim, slik han tok seg ut i 2007. Opphaveleg var huset kvitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.