Jo-Ry Bygg AS

Johannes Ryland starta i 1965 som byggmeister i Sørbøvåg. Dei første åra dreiv Ryland vanleg byggjeverksemd.

I 1971 vart verksemda leigetakar i nyreiste kommunale industriutleigebygg i Sørbøvåg (sjå også Skifjord Trevarefabrikk A/S og Solås Plast AS). Fram til 1980 var hovudproduktet anleggsbrakker som i hovudsak vart leverte til Vegvesenet. Sidan 1980 har verksemda drive som entreprenørselskap for større og mindre bygg, og har eiga byggevareforretning.

I 1977 vart verksemda aksjeselskap med namnet Jo-Ry Bygg AS, frå 1994 Jo-Ry Byggmarked AS. I 2001 hadde selskapet 20 tilsette og ei omsetning på 20,5 millionar kroner.

I 2006 kjøpte Førde-firmaet Gravdal Bygg AS (Sjå Gravdal Byggesenter) 66 prosent av aksjane i Jo-Ry Byggmarked AS. I 2007 vart verksemda slegen konkurs, men verksemd og tilsette vart teke over av det nyskipa selskapet Nye Byggmontering AS som også er eigd av Gravdal Bygg AS.