Jernbanehistoria i Aurland

Dei to togsetta på Flåmsbana møtest på Berekvam, den einaste staden på strekninga der det er dobbeltspor. Foto: Ruth Munk Jensen, NRK.

Dei to togsetta på Flåmsbana møtest på Berekvam, den einaste staden på strekninga der det er dobbeltspor. Foto: Ruth Munk Jensen, NRK.

Flåmsbana er den einaste jernbanestubben i Sogn og Fjordane, men har til gjengjeld vorte eitt av dei mest populære reisemåla i landet. Men mindre kjent enn turisttoget er nok den harde striden på slutten av 1800-talet då ein striddest om kva for ei line som skulle veljast for det nye jernbanesambandet mellom Bergen og Oslo: Bergensbanen.

Privat jernbaneplan Stalheim-Gudvangen

Den smalspora jernbanen Vossabanen mellom Bergen og Voss opna i 1883 og førte til auka turisttrafikk over Gudvangen i Nærøyfjorden. Den aktive ingeniøren Jens Sigfred Hopstock søkte i 1895 saman med nokre engelskmenn om å få byggje ei privat jernbane Voss-Stalheim. Ned dei brattaste kleivane ved Stalheim var det planen at denne bana skulle hyggjast som såkalla "tannstangsbane" - d.v.s. at vognene skulle trekkjast fram med tannhjul på ei tannstang montert i skinnegangen. Dette er ein mykje brukt teknikk i Alpane. Stortinget gav løyve, men bana Stalheim–Gudvangen vart aldri bygd. Også i 1904 vart det lagt fram skisser for ei tannstangsbane frå Stalheim mot Gudvangen som alternativ til Flåmsbane-traséen. - Les meir om Flåmsbana i eigen artikkel.

På Myrdal (oppe til venstre) møtest Bergensbanen og Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På Myrdal (oppe til venstre) møtest Bergensbanen og Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bergensbanen

Alt i 1875 gjekk den første norske jernbanekommisjonen, leia av Ole Jacob Broch, inn for at jernbana mellom Oslo (den gong Christiania) og Bergen skulle byggjast etter ei høgfjellsline Hallingdal-Voss. Alt i denne første planen var sidebaner til Sogn og Granvin i Hardanger tekne med. Men det drygde med formelt vedtak om lineval, og i mellomtida dukka også alternativet om ei "fjordline" gjennom Lærdal og Aurland i Sogn opp.

Myrdal stasjon. Foto: NRK.

Myrdal stasjon. Foto: NRK.

Sogningane mobiliserte

Året 1890 var det sterk mobilisering med ”300 Stemmeberettigede fra Sogns forskjellige Districter” som kravde at Bergensbanen skulle byggjast etter ”fjordlina” om Lærdal og Gudvangen, med jernbane langs fjorden. Fylkestinget slutta seg til oppmodinga. I Stortinget var Aurlandsdalen eller Lærdal først dei mest aktuelle linevala. Men i 1884 vann ”høgfjellsalternativet” Voss-Myrdal-Finse, og Bergensbanen vart opna i 1909. - Les meir om Bergensbanen og lineval under Lærdal kommune. Bergensbanen vart bygd som såkalla breispora bane med ei sporvidde på 1435 mm - i motsetnad til t.d. Vossabanen mellom Voss og Bergen, som vart bygd i 1883 med smal sporvidde på 1067 mm. Vossabanen måtte difor byggjast om i 1904 for å kunne gå inn som ein lekk i den nye, breispora Bergensbanen.

Flåmsbana har stopp ved Kjosfossen, slik at turistane kan få sjå og ta bilete av fossen og huldra. Vi ser murane etter kraftstasjonen til høgre for fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåmsbana har stopp ved Kjosfossen, slik at turistane kan få sjå og ta bilete av fossen og huldra. Vi ser murane etter kraftstasjonen til høgre for fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anleggskraft frå Kjosfossen

Eitt av dei største ingeniørprosjekta i Noreg til då var bygging av den 5311 meter lange Gravhalstunelen mellom Myrdal og Uppsete. For å skaffe kraft til det store tunnelanlegget, vart det i 1896 bygt ein kraftstasjon i Gangdalsfossen ved Uppsete på vestsida, og i 1898 ein liknande kraftstasjon ved Kjosfossen på Sogne-sida. Det er ruinane etter denne gamle kraftstasjonen som framleis kan sjåast ved den mektige Kjosfossen der huldrene har dansa for turistane. Frå Kårdal øvst i Flåmsdalen og opp til Myrdal vart det bygt ein fire kilometer lang anleggsveg med i alt 17 svingar opp fjellsida. I tillegg vart det bygt løypestreng i fjellsida. Hestetransport til anlegget vart ei svært god inntektskjelde for flåmsbøndene. Dagløna for lass på 400-500 kilo var 10 kroner, og midtsommars kunne opptil 100 hestar vere i sving samstundes.