Jacob Blaauw Lieske

Fiskebua til Lieske.

Fiskebua til Lieske.

Jacob Blaauw Lieske, fødd i 1849 i Bindalen, starta i 1889 landhandel, sildesalteri og fiskeeksportforretning i Kalvåg.

I 1902 gjekk han i spissen for skiping av Bremanger Havfiskeselskap som kjøpte inn fiskedamparen «Oldervæggen». Året etter kjøpte selskapet fiskedamparen «Bremanger». Båtane var havdyktige og dreiv linefiske etter lange, brosme og kveite. Om vintrane dreiv dei drivgarnsfiske etter sild. Men båtane lønte seg ikkje og vart selde i 1909. Same året gjekk Lieske konkurs.

Fiskebua vart overteken av Ola R. Sølvberg som også dreiv tranbrenneri nokre år før han avvikla og flytta til Kjelkenes. Eigedomen i Kalvåg gjekk i 1918 over til selskapet A/S Hamrøy, som dreiv fiskemottak og tranbrenneri til det vart avvikla i 1937.

Fiskedamparen «Oldervæggen» vart i 1946 ombygt med oljemotor og vart heilt til 1961 nytta som linebåt og sildedrivar under namna «Sigurd» og «Svithun». «Bremanger» vart selt til Bergen og nytta som fiskebåt til 1933.