Jølster Samyrkelag

Coop Jølster på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Jølster på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jølster Samyrkelag på Skei vart grunnlagt i 1936. Seinare vart namnet endra til Jølster Samvirkelag. Dei første åra leigde samvirkelaget lokale i eit hus som Petter Myklebust eigde på øvre sida av riksvegen på Skei. I 1948 bygde Jølster Samvirkelag eige forretningsbygg i betong på den andre sida av vegen. Dette vart utvida med eit stort tilbygg i 1978.

Forretningsbygget som Jølster Samyrkelag reist i 1948 husar no Coop Byggmix. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Jølster Samyrkelag reist i 1948 husar no Coop Byggmix. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tre filialar

I 1946 opna laget filial på Veiteberg i Stardalen då laget overtok landhandelen til Sigurd Z. Befring (sjå Befring A/S, startår 1919). Befring var styrar for filialen dei første åra. I 1953 kjøpte samvirkelaget det nedlagde meieriet på Veiteberg, bygde på det og nytta det som butikk fram til nybygg stod klart i 1984. Filialen i Stardalen vart lagd ned i 2007.

Filialen i Stardalen før nedlegginga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Filialen i Stardalen før nedlegginga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1954 opna Jølster Samvirkelag filial på Ålhus. I 1965 bygde dei eige forretningsbygg på Ålhus, men la ned drifta der i 1987. Sidan har m.a. eit folkeaksjeselskap drive denne butikken vidare. Butikken selde m.a. gardsmat frå lokale produsentar, men gjekk konkurs i 2007. Jøran Ålhus tok straks over butikken under namnet Nærbutikken Ålhus. Men i 2011 la han ned drifta. Ålhus eig elles to fargehandlar på Sandane og i Sogndal.

Den tidlegare samvirkefilialen på Ålhus, no Ålhus Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare samvirkefilialen på Ålhus, no Ålhus Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1960 opna Jølster Samvirkelag filial i Årdal i forretningsgarden til Andreas B. Aardal. Samvirkelaget la ned filialen sin i Årdal i 1996. I dag heiter samvirkelaget Coop Jølster BA.