Invasjon og vaktpostar

Solkrossen var <br/>symbolet til <br/>Nasjonal Samling.

Solkrossen var
symbolet til
Nasjonal Samling.

Nasjonal Samling før krigen Den einaste gongen Quisling sitt parti Nasjonal Samling stilte liste ved Stortingsval i Sogn og Fjordane, var i 1937. På dei to første plassane sto ein ingeniør frå Høyanger og ein fiskar frå Solund. Lista fekk klårt færrast røyster av alle – berre 129 – og fekk sjølvsagt ingen inn.

Den tyske invasjonen 1940

1. mai 1940 vart dei tyske mineleggjarane «Uller» og «Tyr» bomba av norske fly ved Losna. «Uller» vart skadd og sett på land, og norske krigsskip gjekk til åtak. «Tyr» stakk av mot Bergen, men vart angripen ved Folefotsundet ved Eivindvik. Ein tysk marinegast vart drepen.

Flymeldeposten på Husefjellet. Foto: Ernst Ludwig Meier

Flymeldeposten på Husefjellet. Foto: Ernst Ludwig Meier

Vaktpostar

Tyskarane etablerte vaktpost på Utvær fyr og ein vaktstasjon på Oddenova. Den siste vart øydelagd av MTB–ar i februar 1943, men oppattbygd like etter. Også på Hugøyknolten i Nordsula, på Husefjellet og på Tungodden bygde dei vaktstasjonar i 1940. Utvær fekk vaktstasjon i 1944.

Les meir under: