Innvik kyrkje

Innvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den åttekanta kyrkja i Innvik er bygd i 1822. Eksteriøret er elles prega av dei rundboga og småruta vindauga. Byggmeister og arkitekt var Elling Olsen Waldboe, den same som reiste kyrkja i Loen. Altartavla frå 1900 er måla av Chr. Brun og er ein kopi av ei tavle som Adolph Tidemand måla til Trefoldighetskirken i Oslo i 1868. Dei to altarlysestakane er frå mellomalderen. Den sekskanta preikestolen med himling er skoren i renessansestil og er frå 1617. Den skal vere ei gåve frå den vidgjetne presten Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo). Korbogen i kyrkja er dominert av to utskorne figurar frå 1660 av jomfru Maria og apostelen Johannes. Elles finst det to skjold frå mellomalderen, ein postill frå 1764 og ei altarbok frå 1606 i kyrkja. Ein klebersteinskross frå mellomalderen står ved kyrkjeinngangen til kyrkja. Den vart funnen ved den gamle kyrkjetufta på garden Hilde.

Fem meter høgt epitafium

På Bergen Muséum er det teke vare på ein prosesjonsstav frå mellomalderen, eit glasmåleri og 12 portrettmåleri frå 1600 til 1800 som viser prestar og prestefruer, dei fleste måla av Elias Fiigenschoug. På muséet finst også eit epitafium (minnebilete) frå 1647 av presten Peder Gabelsen Krag med familie. Med barokkramme og utskoren engledekor er epitafiet fem meter høgt, og er såleis ei av dei største minnetavlene av dette slaget som ein kjenner til.

Epitafiumet frå Innvik kyrkje på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Epitafiumet frå Innvik kyrkje på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkja på Hilde

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje på garden Hilde i Innvik. Det var på denne kyrkjestaden at ein fann klebersteinkrossen som no står ved inngangen til Innvik kyrkje. Stavkyrkja i Hildetunet stod på ein stad som framleis vert kalla Kyrkjeækra. Dette var ei stavkyrkje av såkalla ”møretype” – d.v.s. at den var svært langbygd. Hilde-kyrkja hadde eit 22 meter langt og sju meter breitt skip og var såleis ei av dei lengste stavkyrkjene i landet. Kring 1580 vart denne kyrkja flytta nærmare sjøen til den staden der Innvik kyrkje står i dag. I 1695 var kyrkja i så dårleg forfatning at kyrkjeverje Simon Heggdal måtte ta 32 riksdalar av eigne midlar for å få bygd nytt tårn. Denne kyrkja stod til dagens kyrkje vart bygd på same tufta i 1822.

Privatkyrkje på Skåden

På garden Skåden i Innvik skal det før år 1300 har stått ei kyrkje. Denne kyrkja vert også omtala som Lafrans kirkja, vigd til St. Lafrant (Laurentius) som vert høgtida med Larsok den 10. august. Denne kyrkja har truleg vore eit privat kapell for ein hovding som budde på Skåden.

På garden Skåden like til høgre for sentrum i Innvik skal det ha vore ei kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Skåden like til høgre for sentrum i Innvik skal det ha vore ei kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.