Ingolfr Arnarson

Statuen av Ingolfr Arnason vart reist i Holmedal i 1961. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statuen av Ingolfr Arnason vart reist i Holmedal i 1961. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingolfr Arnarson (fødd ca. 840 e.Kr.) frå Rivedal var den første kjende nordiske landnåmsmann (faste busetjaren) på Island år 874. Han vert i einskilde skrifter også omtala som Ingolv Ørnsson.

I Are Frodes «Islendingabok» vert det fortalt om Ingolfr at han første gong drog til Island i Harald Hårfagres tid - første gong då kongen var 16 år gamal, og andre gong nokre år etter. Då slo Ingolfr seg ned i Reykjavik. Ingolfr slekta frå Romund Greipsson i Telemark, men slekta måtte etter drapssaker rømme derifrå og busette seg i Fjaler (truleg Rivedal). Herifrå drog Ingolfr tidleg i vikingferd saman med ein fosterbror som heitte Hjorleiv (d.e. Sverdleif) Rodmarsson.

Saman med Ingolfr og Hjorleiv reiste også to søner til Atle jarl (Atle hin mjove) i Osen i Gaular. Men etter heimkoma rauk Ingolfr og Hjorleiv uklar med karane frå Osen. Det enda med at Ingolfr og fosterbroren Hjorleiv Rodmarsson drap dei to Atle-sønene.

Fredlysing

Ingolfr og Hjorleiv vart lyste fredlause. Dei bestemte seg då for å reise til Island - landet som Ravna-Floke hadde funne tidlegare og gjeve namn til. Det var vinter då dei kom fram til Island. Difor returnerte dei.

Teksten på Ingolfr Arnarson-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Teksten på Ingolfr Arnarson-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første busetjing

Men ei tid seinare reiste Ingolfr og Hjorleiv Rodmarsson på ei ny Islands-ferd - etter Are Frodes «Islandingabok/Landnåmabok» skulle dette vere i året 874. Etter segna skal Ingolfr ha kasta høgsetestolpane sine i sjøen då han fekk landkjenning med Island. Han fann dei att i Reykjavik, og busette seg difor der og samla seg mykje jord. Elles viser stadnamn som Ingolfshofdi og Ingolfsfell igjen etter ferda hans langs Islands-kysten før han slo seg ned i Reykjavik.

Hjorleiv vart drepen

For Hjorleiv Rodmarsson derimot gjekk det verre: På vegen over havet vart skipet hans skilt frå Ingolfr sitt i ein storm, og Hjorleiv landa såleis ikkje på same stad. Seinare vart Hjorleiv drepen av dei irske trælane sine. Då Ingolfr fekk høyre dette, jaga han etter trælane til Vestmannaeyar, der han nådde dei att og drap dei.

Frå avdukinga i 1961.

Frå avdukinga i 1961.

Statue av Ingolfr

I Reykjavik vart det i 1907 reist ein stor statue av Ingolfr Arnarson, laga av Einarr Jonsson. Ein kopi av denne vart reist i Holmedal i 1961 - sjå bilete.

Det var folksamt i Rivedal då statuen vart avduka i 1961. Foto utlånt av Magnhild Rivedal.

Det var folksamt i Rivedal då statuen vart avduka i 1961. Foto utlånt av Magnhild Rivedal.