Inga Nitter Walaker

Inga Nitter Walaker (1893-1993) frå Solvorn. Hotellvertinne, organisasjonskvinne og Venstre-politikar.


Hotellvertinne på Walaker Hotell. I over eit halvt hundreår hadde Inga Nitter Walaker tillitsverv i Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norges Husmorforbund, m.a. som fylkesleiar i begge organisasjonane i ei årrekkje. Ho var også aktiv i misjonsforeningar og sterkt oppteken av å ta vare på lokal folkekultur og husflidstradisjon.

Ho var organist i Solvorn kyrkje i 45 år, og var den første kvinna som vart vald inn i formannskapet i tidlegare Hafslo kommune. Tildelt kongens fortenestemedalje i gull 1991.

Mor til Hermod Nitter Walaker.