Industri og næring i Vik

Vikøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK

Vikøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK


Omtalane er ordna etter startår.

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Om dei første gjestgiveria og handelen på Vikøyri, på Vangsnes, i Feios, i Fresvik og på Nese i Arnafjord.

Tamreinlag for Vikafjellet

vart første gong skipa i 1843 - sjå eigen artikkel om «Tamreindrift på Vikafjellet».

Vik Sparebank

– «...til Sædeligheds Befordring». Vik Sparebank, skipa i 1846, er i 2002 ein av dei få lokale sparebankane som er att i Sogn og Fjordane.

Balvolls Planteskule

vart starta i Vik i 1887, først med frukt- og bærbuskar, men frå 1901 også med granplantar.

Vik Prestegjelds Brannassuranseforening

vart skipa i 1891 etter opptak av Nikolia Erdal.

Vik Branntrygdelag

- sjå Vik Prestegjelds Brannassuranseforening.

Sogns Jægte-Assuranceforening

vart skipa i 1897 av Frik Kvamme. I styret sat det m.a. jekteskipperar frå Vangsnes. Laget fekk trygda 23 jekter alt frå starten, og hadde på det meste trygda 125 jekter frå heile Vestlandet. Assuranselaget vart oppløyst i 1915 fordi motorbåtane då hadde vorte dominerande i fraktefarten.

Johannes Nilsson Vangsnes

i Fresvik starta i 1903 fraktebåt- og skipsreiarlag. Sjå «Ferdsla på fjorden i Vik».

Steffen H. Hauglum

starta bakeri i Framfjorden i 1903. Det meste av bakarvarene leverte han til kjøpmann Markus Nese på Nese. Bakeriet var i drift til byrjinga av 1920-talet.

Central Kafé

Edvard A. Vikøren starta landhandel i Vik i 1903. Han starta kring 1925 også «Central Kafé», som på folkemunne fekk namnet «Fyliskaféen». Butikken gjekk konkurs i 1917, medan kaféen vart driven til 1945.

Ole P. Fosse

kom til Vik i 1909 og dreiv som fotograf i tillegg til at han dreiv landhandel. Sjå O. P. Fosse under Landhandlar i Vik.

Kaffistova i 1922. Personane er frå venstre: Anna Kvamme, Borghild Jacobsen, Agnes Kvamme og Peder Kvamme. Foto: Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaffistova i 1922. Personane er frå venstre: Anna Kvamme, Borghild Jacobsen, Agnes Kvamme og Peder Kvamme. Foto: Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaffistova

kafé vart starta i 1910 av Peder S. Kvamme på Vikøyri.

Peder S. Kvamme

målarbutikk, landhandel og fiskebutikk – sjå Kaffistova.

Alfred Skeide

daglegvarebutikk – sjå Kaffistova.

Reidar Korsvoll

elektroforretning – sjå Kaffistova.

Fraktebåt-reiarane Pettersen

I Vik er det familien Pettersen som driv det største reiarlaget.

Forretningsbygget som Johs. Hove reiste i 1930. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Johs. Hove reiste i 1930. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johs. Hove AS

Johs. Hove starta landhandel på Vikøyri i 1920. Han tok etter kvart og til med elektrisk installasjon og sal av radioapparat. Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg.

Vik Apotek

vart opna i 1921 med Rolf Greve som første apotekar.

Andreas Hove

starta ur- og gullsmed- og optikarforretning i Vik i 1925.

Tilsette på bakeriet til Mons Thorsen fotograferte på 1950-talet. Frå venstre John Hove, Torvald Thorsen, Torleif Svendsen, Kristian Hopperstad, Åge Helleland, ? Pedersen, Per Hatlevik og Mons Thorsen. Foto: Johannes Hove. Eigar: Reidar Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tilsette på bakeriet til Mons Thorsen fotograferte på 1950-talet. Frå venstre John Hove, Torvald Thorsen, Torleif Svendsen, Kristian Hopperstad, Åge Helleland, ? Pedersen, Per Hatlevik og Mons Thorsen. Foto: Johannes Hove. Eigar: Reidar Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Mons Thorsen starta bakeri i Vik i 1926.

Vik Dampbakeri og Konditori AS

- sjå Mons Thorsen - bakeri og daglegvare.

Leiv Larsen

starta passasjer- og varetransport i Vik i 1929. Det vart seinare kjøpt opp av Sogn Billag.

Vik Samyrkelag

vart starta i 1935. I 1965 overtok Vik Samyrkelag drifta av Framfjorden Samyrkelag (sjå nedanfor).

Coop Vik BA

- sjå Vik Samyrkelag.

Nærbutikken i Framfjorden. Foto: Tor Sivertstøl, NRK.

Nærbutikken i Framfjorden. Foto: Tor Sivertstøl, NRK.

Framfjorden Samyrkelag

vart skipa i 1936 etter opptak av Johannes Nummedal. Laget vart slege saman med Vik Samyrkelag i 1965, som dreiv S-Nærmat i Framfjorden fram til 2000, då eit bygdeeigd aksjelag - Fjorden Nærbutikk AS tok over.

Bjarne J. Hansen

starta målingsforretning i Feios i 1939. Han hadde oppdrag over heile indre Sogn, og hadde opptil 12 mann i arbeid. I Feios dreiv han også målarverkstad for lakkering og møbelmåling.

Spesialen Fetevarer og Delikatesser

vart starta av Ivar og Sigrunn Eliassen på Vikøyri i 1939. Dei hadde drive Victoria Hotell i Haugesund i nokre år før dei flytta til Vik. ”Spesialen” selde m.a. sjølvlaga fiskemat og kjøtpålegg. Butikken vart lagd ned då Sigrunn døydde i 1956.

Sogn Billag L/L

starta rutedrift i Vik i 1942 - sjå elles «Rutebilane i Vik».

Olav O. Tenold i Vik Gartneri. Foto frå Pridlao.

Olav O. Tenold i Vik Gartneri. Foto frå Pridlao.

Thune & Co.

Trelast, bygge- og landbruksvarer, sagbruk, kassefabrikk og husbygging.

Bær-bygda Fresvik

A/L Fresvik Kjølelager vart skipa i 1947. I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman.

Sognekraft

L/L Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og Indre Sogn som eigarar.

Vik Gartneri

vart skipa i 1948 av brørne Olav O. Tenold og Sigmund Tenold. I 1979 vart Vik Gartneri engrosforretning for Gartnerhallen.

Arnfinn Svendsen

starta i 1951 møbelforretning i Vik. Han dreiv med møbelstopping, og laga både madrasser og divanar på eigen verkstad.

Vik maskinlag

vart starta i 1952 med til saman 100 bønder i Vik og på Vangsnes som luteigarar. Trond Orvedal kjøpte inn traktorar og andre jordbruksreiskapar som bøndene leigde.

A/S Vik Trelastkompani

vart starta i 1955 som ein filial av Høyanger Trelastkompani A/S. Verksemda selde byggevarer og var i drift til 1965.

Butikk og pensjonat på Vangsnes

Souvenirbutikk, pensjonat, kafé og daglegvarer.

Vangsnes Fruktlager L/L

vart bygd i 1958 av Vangsnes Fruktlag som var skipa i 1953.

Viking Kafé heldt til i kommunehuset fram til kaféen vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viking Kafé heldt til i kommunehuset fram til kaféen vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viking Kafé

vart opna på Vikøyri i 1959, då den fekk plass i det nybygde rådhuset. Der heldt kaféen til fram til den vart lagd ned i 2008.

Vik Fargehandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Fargehandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Fargehandel

vart starta i 1960 av Trygve Tveit i «Hove-bygget». Fargehandelen bygde nytt og utvida i 1982.

A-K Maskiner AS

– landbruksmaskiner, vart skipa i 1961, og etablerte seg som landsdekkande kjede. Avdelinga i Vik dekkjer midtre Sogn, og har fem tilsette.

A-K Maskiner i Vik. Foto: A-K Maskiner, frå Pridlao.

A-K Maskiner i Vik. Foto: A-K Maskiner, frå Pridlao.

Ungdomsheimen Kafé

vart starta i 1961 i Vik av Sogn Krins av NKUF. Seinare er kaféen driven av andre.

Sogn Samvirkelag

opna filial i Fresvik i 1968. Den gjekk i 2000 med i storsamanslutninga COOP Indre Vestland, og er no ein del av det fylkesomfemnande Coop Vest BA som har hovudkontor i Førde.

Arkitektfirmaet Olav og Jon Vikøren MNAL

vart bygd ut til det største arkitektkontoret i fylket. Arkitektane Vikøren har m.a. teikna mange offentlege bygg i Sogn og Fjordane, og fått prisar for arbeida sine.

Ingvald Målsnes

starta med installasjonsforretning i Vik i 1963.

Krambui

- sjå Ingvald Målsnes.

Vik Gullsmedforretning

frå 1974 - sjå Fjordsylv 1996.

Olav Salbu

fiskemat - sjå O. P. Fosse.

A. Paulsen Klesbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Paulsen Klesbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Paulsen Klesbutikk

starta i 1981 - sjå Sogneprodukter AS.

Joto smoltoppdrett AS

vart starta i Belehagen i Arnafjorden i 1986.

Marine Harvest

i Arnafjorden - sjå Joto smoltoppdrett AS.

Arnafjord Settefisk

sjå Joto smoltoppdrett AS.

Sognesmolt AS

var eit anna smoltoppdrett som vart starta i Vik omlag samstundes med Joto i Arnafjorden.

Vik Fisk AS

- sjå Sognesmolt AS.

Vikjatunet

handels- og servicesenter vart opna i 1989.

Trykkservice AS

vart starta i 1989 i Vik av Per Tubbene. I samarbeid med Pjuma Reklame ved Per Johnny Undi gav verksemda ut annonsebladet «Vika». Trykkeriet vart etter nokre år flytta til Årdal.

Røyrvik Bygg og Betong AS på Vetleøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Røyrvik Bygg og Betong AS på Vetleøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Røyrvik Bygg og Betong AS

i Vik vart skipa i 1992 av Mange Røyrvik. Verksemda hadde i 2006 13 tilsette og ei omsetning på nærmare 22 millionar kroner. - Sjå elles Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen).

Barn-Nett

vart skipa i 1996 av Tone Nisting Tenold for drift av ein stor barnehage på Tertnes ved Bergen.

Vik Blomster AS

- sjå O. P. Fosse.

BJH Maskin DA

maskinentreprenørfirma vart starta i Vik i 2006 av Bjørn Tore Årevik, John Halset og Hans Tore Halset. Etter ei tid vart Bjørn Tore Årevik så godt som eineeigar. Firmaet sikra seg store oppdrag på m.a. transport av tunnelmasse, og hadde ei tid 16 tilsette. Det gjekk konkurs i 2008.

Highsoft Solutions AS

vart starta av Torstein Hønsi i 2009. Firmaet sel datavisualiseringsverktøy til nettsider.

Berdal Røyr og Sanitær AS

røyrleggjarverksemd, vart starta i 2012 av Aslak Berdal.

Folietec AS

vart starta i 2012 med John Harald Øksdal som dagleg leiar. Firmaet driv med sal av varer og tenester innan reklame og profilering, i tillegg til sal av fritids- og arbeidskle.