Industri og næring i Vågsøy

Fiskeri og fiskerirelaterte verksemder har vore og er framleis grunnpilaren i næringslivet i Vågsøy. Båtbygg på Raudeberg er ei av fleire verksemder som lever av oppdrag frå fiskeflåten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeri og fiskerirelaterte verksemder har vore og er framleis grunnpilaren i næringslivet i Vågsøy. Båtbygg på Raudeberg er ei av fleire verksemder som lever av oppdrag frå fiskeflåten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigne omtalar av:

ANDRE VERKSEMDER:

Johan Pederson Totland

frå Bryggja starta i 1880 bakeri på Skram.

Forretningsmannen Ulf Lem

frå Trollebø starta i 1882 handel i Skramsbygda. Han bygde etter kvart ut eit stort handelshus med m.a. dampskipskai og import- og eksportforretning, og vert rekna som ”gudfaren ” og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksport-orientert fiskeriby.

Stor i fisk og handel på Raudeberg

Mons J. Aase (1858-1918) starta i 1886 handel på Raudeberg. På same måte som Ulf Lem var det i Måløy, vert Aase rekna som nybrotsmannen i forretningslivet på Raudeberg. Han bygde ei stor sjøbu – Aasebuda - der han dreiv fiskeforretning, agenturforretning og landhandel, og var dessutan postopnar og dampskipsekspeditør.

Raudeberg før 1920. Den store bygningen er Aasebuda, der Mons<br/> J. Aase starta handel.

Raudeberg før 1920. Den store bygningen er Aasebuda, der Mons
J. Aase starta handel.

Forretningsfamilien Berg

Brørne Andreas O. Berg og Jeremias O. Berg kom frå Jølster til Raudeberg sist på 1800-talet.

Berg A/S

- sjå Forretningsfamilien Berg.

Berg & Eide

- sjå Forretningsfamilien Berg.

Petter Reed

fødd 1878 på Flølo i Breim, flytta til Måløy på slutten av 1890-talet og starta fargeri og stampe.

O. Nygård

starta urmarkarforretning i Måløy på slutten av 1800-talet.

Kristen Sunde

Kristen J. Sunde frå Jølster starta landhandel i Måløy i 1895. Han var medskipar av Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø i 1904 saman med kjøpmann Erik Fønstelien.

Skreppehandlarane frå Numedal

Både forretningsfamilien Fønstelien og manufakturbutikken Vambeseth Eftf. har opphavet sitt i folk frå Numedal som kom vestover for å drive skreppehandel og féhandel.

Erik Fønstelien

- sjå artikkelen Skreppehandlarane frå Numedal.

J. Vambeseths Eftf.

- sjå artikkelen Skreppehandlarane frå Numedal.

Lars Midtgård & Søn

emigrerte som 14-åring til USA i 1890 og slo seg opp som farmar og entreprenør i Wisconsin. Frå 1903 tok han del i forretningslivet i heimbygda.

Johan Paulsen

starta i 1901 bakeri i Måløy.

Pelsdyroppdrett

– sjå Pelsdyrpionér Ole M. Totland.

J. Steenslid AS

J. Steenslid AS vart starta som landhandel i 1907 av Johan Stenslid frå Haugen i Eid. Han bygde også ut trelasthandel.

Sakarias Dybedal

frå Selje starta landhandel i Almenning i 1908.

Brunsviks Eftf.

Brunsviks Eftf. er eitt av dei eldste handelshusa i Måløy, og er framleis i drift.

L. P.Lefdal

fiskebåtreiar og fiskehandlar – Lefdals fiskeriselskap.

Skibenes & Søn A/S

vart grunnlagt i 1915 av Olav Skipenes frå Nordfjordeid.

Isak Husevåg

- sjå Skibenes & Søn A/S.

Sumstad Bakeri og konditori

i Måløy vart starta i 1915 av Ingebrigt Sumstad.

Anders Liset

frå Selje starta bakeri i Måløy i 1917. Han hadde vore tilsett som bakar hjå kjøpmann Karl Haugland i Rugsund sidan 1908 før han starta for seg sjølv i Måløy.

Olav Henden

starta landhandel på Skram i 1918. I 1923 bygde han eige forretningsbygg ved Gate 1.

Tennebø Mekaniske Verksted og Rørleggerforretning

– sjå Ingvald Tennebø.

Måløy Kjølelager A/S

bygd 1920– sjå Lefdal Fiskeriselskap.

Apoteket Måken

i Måløy vart skipa 1921 med Halfdan Knutsen som første styrar. Apoteket i Florø hadde då drive filial i Måløy sidan 1909.

Maaløy Ruteselskap

Maaløy Ruteselskap vart skipa i 1922 av Johan Blaalid. Han bygde etter kvart opp selskapet til det største fraktselskapet i Sogn og Fjordane nest etter Fylkesbaatane.

E. S. Berge A/S

elektrofirma vart starta i 1924 av Edvard Sjursen Berge frå Berge i Høyanger.

Rutebilane i Måløy

vart grunnlagt i 1924 av Sam. Sørland frå Naustdal i Eid. Han dreiv busskøyring og varetransport til Nord-Vågsøy og Vågsvåg, hadde eit par bussar i drift og bygde eigen garasje på Sæternes. Sjå og under Samferdsle - Ruteselskap i Vågsøy.

Bernhard Tunold bakeri

Bernhard Tunold starta bakeri på Bryggja i 1924 i leigde lokale.

Bakerie AS

- sjå Bernhard Tunold bakeri.

Brødrene Tennebø

fisketilvirking i Måløy vart grunnlagt 1925 av brørne Peder, Ingolf og Kristoffer A. Tennebø.

Arnt & Simon Midtgaard

vart grunnlagt i 1926 av brørne Arnt og Simon Midtgaard.

Forretningsfamilien Lefdal i Måløy

Iver Lefdal frå Lefdal starta i 1928 med fiskehandel og seinare kol- og vedforretning på Skram i Måløy.

Kåre Anders Tonning

frå Stryn dreiv frå ca. 1928 fotografforretning i Måløy. Han hadde starta i Florø nokre år tidlegare. Han dreiv i Måløy til kring 1935. Då flytta han til Stryn og starta fotoforretning der. I åra i Måløy dreiv ektemaken Lilly Osland Tonning ein kafé.

Sigurd Totland

starta målarforretning i Måløy kring 1930.

Nordstranda innkjøpslag

var vart starta kring 1930 av bønder kring Almenning. Laget dreiv m.a. innkjøp av gjødsel og reidskap til landbruksdrifta. Laget vart avvikla under 2. verdskrig.

R.J. Nord & Co

vart skipa av Torgils Kambestad i 1930 då han kjøpte seg inn i hurtigruteekspedisjonen i Måløy og vart dagleg leiar.

Karen Sjaastad

starta manufakturforretning i Måløy tidleg på 1930-talet.

Reinhard Solstad

starta i 1932 rutebilselskap på Raudeberg. Bussane hans trafikkerte rutene mellom Måløy og bygdene på Nord-Vågsøy.

Edvard Kvalheim

skipsutstyr og daglegvarehandel, skipa i 1934 - sjå Kvalheim & Vedvik A/S.

Holvik og Fagerlid Trykkeri

vart starta i Måløy kring 1935 av svograne Harald Fagerlid og Nils Holvik frå Sandane. Trykkeriet hadde m.a. trykkinga av avisa Fjordenes Tidende og hadde opp til sju tilsette. Trykkeriet vart kjøpt av avis-selskapet i 1975.

Måløy Glassmagasin

vart starta av Oskar Gotteberg i 1936.

Måløy og Omegn Turistforening

vart skipa i 1936.

Måløy og Omegns Reiselivslag

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Vågsøy Turistnemnd

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Vågsøy Reiselivslag

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Vestkapp Reiselivslag

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Reisemål Stryn & Nordfjord A/S

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Bennett Reisebyrå

- sjå Måløy og Omegn Turistforening.

Oskar Larsen

starta fiskeutsal ved Torget i Måløy i 1937. Utsalet var i drift til kring 1970.

Måløy Radioforretning

vart starta i 1940 av Bjarne Osmundsvåg og Sverre Skibenes.

Gangsø Eftf. AS

møbelforretning i Måløy er ei av dei største lokaleigde møbelforretningane i fylket, og vart grunnlagt i 1941 av Christoffer I. Gangsø.

Europris

– sjå Gangsø Eftf. AS.

Måløy Stormarked

– sjå Gangsø Eftf. AS.

Arthur Kvalheim

tok i 1945 over som oljeforhandlar for Norske Shell i Måløy.

Måløy Sport

vart starta i 1945 av Olav Humborstad frå Kjølsdalen.

Måløy Sykkel- & Sportsforretning

- sjå Måløy Sport.

Her heldt forretninga til Solveig Holvik til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her heldt forretninga til Solveig Holvik til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solveig Holvik

f. Eltvik starta manufakturforretning i Måløy i 1946. Ho dreiv forretninga på Midtgård saman med ektemaken Ragnar Holvik til 1983.

Kåre Holvik

starta i 1947 med kommisjonshandel av byggevarer i Måløy. Seinare starta han også fargehandel.

A/S Måløy Butikkdrift

– sjå Kåre Holvik.

Tennebø Forretningssenter

– sjå Kåre Holvik.

XL-Bygg Måløy

– sjå Kåre Holvik.


Hugo Farstad urmakarforretning

vart skipa i 1948 ANS – sjå Kåre Holvik.

Tore Andal

starta som bakar på Raudeberg i 1949. Han bygde eige hus med bakeri og utsal i 1954. Etter nokre år på fiske tok han opp att bakeriet og dreiv saman med sonen Arne med kringle- og kavringbakst fram til dei la ned i 1988.

Foto Hamre

vart starta i Måløy i 1950 av Henrik Hamre.

Fotografen Terje Hamre

- sjå Foto Hamre.

Kvamme og Oppedal

daglegvareforretning vart starta av Sivert Kvamme og Isak Oppedal på Gotteberg i 1952. Isak Oppedal hadde då drive landhandel i heimbygda Torskangerpoll i nokre år. Sivert Kvamme dreiv forretninga til 1972.

Måløyferja

vart skipa i 1953.

Nils Holvik

starta skobutikk i Måløy i 1953. Han dreiv butikken til han selde til Fønstelien-firmaet i 1993.

Møbelforretninga til Karsten og Alf Myklebust heldt til i dette forretningsbygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møbelforretninga til Karsten og Alf Myklebust heldt til i dette forretningsbygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karsten og Alf Myklebust

starta møbelforretning i Måløy i 1958. Dei to brørne frå Barmen i Selje bygde eit stort forretningsbygg på Seternes, der dei ei tid også dreiv stopping av møblar. Myklebust avvikla forretninga i 1980. Sidan har bygget m.a. vorte nytta ein kort periode til møbelforretning og som dataforretning.

Firdakaféen

– sjå Måløy Meieri.

Husevåg Rør AS

i Måløy vart starta i 1971 av Gunnar Husevåg.

Almenning Camping

vart starta i 1972 av Jørund Almenning. I 1983 overtok sonen Rune Almenning. Campingplassen har sju hytter og oppstillingsplass for bubilar og campingvogner.

Rådgivende ingeniør Ragnar Hagen AS

vart skipa i Måløy i 1980 av ingeniør Ragnar Hagen.

Ulvesund Elektro A/S

i Deknepollen vart skipa av Jan Saltkjel i 1981.

Måløy Elektro AS

vart starta i 1982 av Gunnar Iversen. Firmaet har sju tilsette når ein reknar med Måløy Elektro Installasjon AS som vart starta i 2000.

Måløy Elektro Installasjon AS

– sjå Måløy Elektro AS.

Naval Consult AS

skipsteknisk konsulentfirma vart starta på Raudeberg i 1983 av Johan Kongsvik. Firmaet har seks tilsette og driv teikning og prosjektering m.a. av fiskefarty og snøggbåtar som vert bygde etter sandwich-metoden.

Sætren Installasjon AS

vart skipa i 1984 – sjå Einar Sætren.

S. Tennebø Rør AS

- sjå Ingvald Tennebø.

Fiskeferie AS

på Silda vart starta i 1986 av Sindre Langlo, og dottera Yvonne Silden Langlo tok seinare over drifta. Fiskeferie bygde fem store hytter og satsa på fisketuristar som kunne leige båtar av selskapet. I 2005 vart firmaet avvikla og hyttene selde til privatpersonar.

Elkjøp

opna avdeling i Måløy i 1986. Etter nyopning i 2009 held avdelinga til i eit 890 kvadratmeter stort lokale i Måløy Stormarked. Det er 11 tilsette og ei budsjettert omsetning på 17 millionar kroner i 2010.

Skjærbuda

pub og restaurant i sørhamna på øya Silda vart opna i 1987. Skjærbuda er ei saltebu frå 1800-talet som er restaurert og bygd om til serveringsstad.

UNU AS

entreprenørforretning vart starta i Måløy i 1987 av brørne Arve Idar Utnes og Asbjørn Jon Utnes, og Per Christian Nielsen. Firmaet byggjer i hovudsak industri- og forretningsbygg og har i 2009 23 tilsette.

Fjord-Lab A/S

i Måløy. Grunnlagt 1988. Laboratorium som driv miljø- og vassanalyser for oppdrettsnæringa og næringsmiddelindustrien. Tek også oppdrag for offentleg sektor.

Fjord Shipping AS

vart skipa i Måløy i 1989 av Oddvin Høydal.

Toyota Nordfjord AS

i Deknepollen vart skipa i 1989 av Bjarne Solvang.

Allbil Måløy AS

- sjå Toyota Nordfjord AS.

Havfruen

fiskeutsal vart starta på Gotteberg i Måløy i 1989 av Kristin Blålid og Tone K. Sunde . I 2003 flytta dei butikken til Torget. Havfruen sel ferskfisk og skaldyr, og produserer også sine eigne fiskekaker og fiskebollar. Firmaet driv også catering.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000

opna daglegvarebutikk i Måløy i 1990. Matvarekjeda leigde lokale hjå Brunsviks Eftf. Seinare har Rema 1000 flytta til Deknepollen.

Kråkenes fyr.

Kråkenes fyr.

Kråkenes fyrkafé og vertshus

vart opna av ekteparet Bettina Vick og Thomas Bickhardt i 1994. Dei har sett i stand den gamle fyrbygningen ytst mot storhavet, og skipar også til ulike utstillingar der. Thomas Bickhardt arbeider også m.a. som fotograf.

West Dykkerservice AS

vart skipa i Måløy i 1991 av Per Kåre Navekvien.

Mermaid AS

- sjå West Dykkerservice AS.

Nilsestova Feriehus

på Kråkenes vart starta i 1995 av ekteparet Turid Liv og Norvald Kråkenes. Ferieanlegget har til saman 12 overnattingsplassar fordelt på eit hus og ei hytte.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinvik Camping

i Blålid vart starta i 1996 av Gerd og Oddbjørn Nygård.

Måløy Brygge

Første varehuset i ytre Nordfjord då det stod ferdig med 1. byggetrinn i 1997. Med andre byggetrinn i 1998 har Måløy Brygge eit samla areal på 6000 kvadratmeter.

Måløy Byggservice AS

bygningsfirma vart skipa i 1998 av byggmeister Per Erling Sætren og Paul Sætren. Verksemda driv reising av bygg og annan byggeverksemd og har i 2008 11 tilsette.

Måløy Havneservice AS

vart skipa i 2000 av Harald Kvalheim – Sjå Arthur Kvalheim.

Vinmonopolet

opna utsal i Måløy i 2001.

Kvalheim Kraft AS

heiter selskapet som har bygt vindmøllepark på Mehuken på Kvalheimsfjellet.

Bakeriet AS

på Bryggja - sjå Bernhard Tunold bakeri.

Sølvi Helen Hopland er vertskap på Ulvesund fyr. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Sølvi Helen Hopland er vertskap på Ulvesund fyr. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Ulvesund fyr

vart opna som feriesenter i 2003. Dei tidlegare fyrstasjonshusa og omliggjande hus har kafé og 30 sengeplassar til utleige og vert drive av Sølvi Helen Hopland.

Maritim Næringspark AS

på Raudeberg, skipa i 2004. – Sjå Carisma Fish AS.

Solheim Fiskeferie

i Vågsvåg vart skipa i 2004 av Stig Solheim. Feriesenteret har to husvære og eiga kai.

Seacon AS

ingeniørselskap vart skipa i Måløy i 2005 av Stian Nybakk og Thomas Hjelle og driv m.a. med konstruksjon av fiskebåtar. Verksemda har fem tilsette i 2006.

Måløy Bygg AS

vart starta av Tore Gangsøy i 2005. Firmaet har spesialisert seg på landbruksbygg på Vestlandet frå Molde i nord til Bergen i sør. I 2012 har firmaet 40 tilsette. Frå hausten 2012 blir Måløy Bygg AS eit reint eigarselskap, medan drifta blir overført til det nyskipa Nordfjord Bygg AS.

Nordfjord Bygg AS

- sjå Måløy Bygg.

Måløy Vekst AS

vart skipa i 2006 med Vågsøy kommune, fylkeskommunen og det lokale næringslivet som aksjonærar. Utviklingsselskapet skal arbeide for å skape ny aktivitet og nye arbeidsplassar i kommunen. 87 verksemder teikna seg som eigarar, og første leiar vart Rolf Domstein.

Stad Offshore Management AS

vart skipa på Raudeberg i 2006 av m.a. Nils Ove Sæle, Jan Søvik og Gerhard Kvalheim.

Nore Fjordsenter

på Bryggja vart starta i 2007.

LocalHost AS

vart skipa i Måløy i 2007 og er eit IT-selskap som tek seg av drifta av datasystema til lokale verksemder i ytre Nordfjord.

Lefdal Gruve Drift AS

planar om datalagring i Lefdal-gruvene - sjå LocalHost AS.

Animasjon som syner korleis det kan kome til å sjå ut i eit eventuelt datalager i gruvene i Lefdal. Pressefoto.

Animasjon som syner korleis det kan kome til å sjå ut i eit eventuelt datalager i gruvene i Lefdal. Pressefoto.

Europris

- sjå Møbelforretninga Gangsø Eftf. AS.

Slik skal bølgjekraftverket til Havkraft sjå ut. Foto: Havkraft/Nordwest 3D.

Slik skal bølgjekraftverket til Havkraft sjå ut. Foto: Havkraft/Nordwest 3D.

Havkraft AS

vart starta i Måløy i 2009 av Geir Arne Solheim. Selskapet har utvikla ein teknologi for produksjon av straum frå havbølgjer. I 2013 gjekk selskapet i gang med å byggje ein prototype av ein bølgjekraftkonverter.

Dagleg leiar i Seevia AS, Jørn Mikalsen, tek mot Rosingprisen av juryleiar Benedicte Fasmer Waaler. Foto: Cille Berglund.

Dagleg leiar i Seevia AS, Jørn Mikalsen, tek mot Rosingprisen av juryleiar Benedicte Fasmer Waaler. Foto: Cille Berglund.

VideoNor AS

- ei IT-bedrift som leverer profesjonelle videokonferansar – vart starta i Måløy av Heidi Kopperud og Jørn Mikalsen i 2010.

Seevia AS

- sjå VideoNor AS

Stadt Wind AS

vart starta i Måløy i 2010. Selskapet skal utvikle og teste teknologi for fornybar energi med hovudvekt på vindkraft til havs. Stadt Wind AS går inn som eigar av Vestavind Kraft AS, som har fått konsesjon for eit testområde med flytande vindmøller ved Stad i Selje og Vågsøy kommunar.

Økonor Måløy

vart starta i 2011 då den landsomfemnande kjeda Økonor kjøpte M. N. Flåtens Regnskapskontor.

ComiTale

Telefonsalselskapet ComiTale vart starta i Måløy i 2011 av Kristina Lunde og Liss Holandsli med ti tilsette frå starten.

Blomsten Måløy

blomsterbutikk vart starta i 2012 av Arne Evebø.

Måløy Invest AS

vart starta i 2012 med Fred-Ronny Weltzien Nygård som dagleg leiar. Firmaet driv med losse- og lasteoppdrag, utleige av bustader, køyretøy og andre reiskapar.

Innovatitt AS

vart skipa i 2013 med Kristin Maurstad som den første daglege leiaren. Selskapet skal arbeide med utvikling av det maritime og teknologiske miljøet i Måløy. Selskapet er eigd av LocalHost Holding AS, Archery Holding AS, Fjord Shipping AS, Brothers AS og Bard Invest AS.

Nordfjordnett

vart starta i Måløy i 2013. Det er eit samarbeid mellom dei sju nordfjordkommunane om IKT-tenester. Selskapet erstattar dei tradisjonelle IKT-avdelingane i kommunane. I 2014 er det 13 tilsette. Selskapet leiger lokale i administrasjonsbygget til Domstein-konsernet.

Nauticel AS

vart starta av Sætren Installasjon AS, Stig-Tore Høgelid og Wik Elektro AS i 2014. Firmaet skal satse på maritime elektroinstallasjonar.