Industri og næring i Flora

Sidan 1949 har verftet som starta som Ankerløkken Verft og som seinare har hatt fleire namn og eigarar vore ein viktig del av næringslivet i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sidan 1949 har verftet som starta som Ankerløkken Verft og som seinare har hatt fleire namn og eigarar vore ein viktig del av næringslivet i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

ENKELTOMTALER:

Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen

Skreppekaren Hans Heljeson Hjørnevik kom frå Voss. I 1854 fekk han kjøpt tomt i Florø av eigaren på Flora gard.

Hjørdis Eliassen

klesbutikk - sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen.

Vic Eliassen

- sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen.

Økland Libris

- sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen.

Combi Matsenter

- sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen.

Spar Florø

- sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen.

Salomonsens Hotell

i Florø vart bygd i 1881 av Tomasine Salomonsen, som dreiv hotellet til ho døydde i 1913.

Florø Hotell

- sjå Salomonsens Hotell.

Peder B. Solheim

starta i 1886 landhandel i Norddalsfjorden. I 1897 bygde han stor forretningsgard i Florø sentrum, der firmaet dreiv daglegvarehandel og avdelingar for sko og manufaktur.

O.Paulsen

starta bokhandel i Florø i 1886.

Kinns Forbruksforening

starta handel i Florø i 1888 med P. Havikbotten som styrar. Seinare overtok A. D. Svardahl som styrar, men han starta eigen butikk i 1897. Denne overtok sonen Anton Svardahl i 1926. Også seinare styrarar, som Lina Nærø, starta eigen butikk i 1905. Den siste styraren av Kinns Forbruksforening var Ludvig Sundal. Han kjøpte Kinns Forbruksforening i 1910 og dreiv den sidan saman med sonen.

Ellen Christiansen-huset i Strandgata 27. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ellen Christiansen-huset i Strandgata 27. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ellen Christiansen

starta manufakturforretning i Florø i 1889. I 1897 vart eigedomen kjøpt av Peder B. Solheim. (Sjå denne under Landhandlar i Flora).

Florø Apotek

vart skipa i 1889 etter at kommunen fleire gonger heilt frå 1874 hadde søkt og fått avslag.

Victoria Hotell

Etter skiftande eigarar, overtok Severin Halvorsen frå Tvedestrand Olsens hotell på 1920-talet. Hotellet vart heitande Victoria Hotell, og var i Halvorsen-slekta til 2008.

Olsens Hotell

- sjå Victoria Hotell.

Comfort Hotel Florø

- sjå Victoria Hotell.

Rognaldsvåg Landhandel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rognaldsvåg Landhandel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brørne Lyder og Bertinus Sunde

starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg. Dei hadde også post og rutebåtekspedisjon. Son til Lyder, Ditlef, tok over i 1915. Hans-Jacob Sunde driv i 2001 som fjerde generasjon framleis landhandelen.

Rognaldsvåg Landhandel

- sjå Brørne Lyder og Bertinus Sunde.

Johan Stephansen

starta bokhandel i Florø i 1894.

Johan Olsen

var skomakarmeister og starta verkstad i Florø i 1897.

John Olsen skoforretning

- sjå Johan Olsen.

Amalie Sandahl

starta manufakturforretning i Florø i 1898.

Johannes Moe

starta som urmakar i Florø i 1898.

Johs. Moe gull og ur

- sjå Johannes Moe.

O. Olsens Enke A/S

- sjå Ole Olsen.

N.M. Egeberg

var bakar i Florø, og dreiv frå 1901 også med vanleg landhandel.

Oleanne Skodden

dreiv frå 1902 og i nokre år frametter manufakturforretning i Florø.

Peder Stenseth

starta i 1904 trelansthandel i Florø like ved Amtskaia.

Fotograf Tonning

- sjå Peder Stenseth.

Ole Røiseth Brende

konfeksjonsfabrikk - sjå Peder Stenseth.

På kolkaia er sjøhuset og kolforretninga til O. Joh. Olsen ombygd til husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På kolkaia er sjøhuset og kolforretninga til O. Joh. Olsen ombygd til husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. Joh. Olsen Kullforretning

vart skipa 1905 av Ole Johan Olsen som bygde sjøhus med lager og kai i sentrum. Då han døydde i 1911, dreiv enkja Anna Øen-Olsen vidare. Familien starta i 1949 også Florø Fargehandel saman med Erling Kleiven i Strandgata 25.

Gullsmed J. Angell-Jacobsen

starta i 1906 verkstad og forretning i Florø. Han hadde starta i Ålesund 1893, men valde å flytte til Florø etter Ålesunds-brannen i 1905. Sonen, også han J. Angell-Jacobsen, overtok i 1933. På 1890-talet var det óg ein Julius Pettersen som arbeidde som gullsmed i Florø. Angell-Jacobsen-familien etablerte seg seinare som gullsmedar også i Måløy.

J. Langø & Co på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

J. Langø & Co på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

J. Langø

starta jernvareforretning i Florø i 1907. Han dreiv i tillegg med fiskehandel. Denne forretninga skifta seinare namn til Langø & Co. Bygningane til J. Langø i Håvågen vart i 1945 overtekene av det nystarta engrosfrimaet Sigurd Nybø A/S - (sjå Grosserar Sigurd Nybø).

Alfred Trovik Bakeri og Konditori

Grunnlagt 1908 av Andreas Trovik.

Kaféen Kakebua

Kaféen Kakebua i Strandgata er ein institusjon i Florø. Bak Kakebua står Jørund Trovik, som etter at han overtok i 1972 har gjort kaféen til eit levande museum med utstyr frå fiske og sildebuer.

Von Gartneri heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Von Gartneri heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Von Gartneri L/L

vart skipa 1910 av Alfred Hegranes som eit av dei første i Sogn og Fjordane. Gartneriet vart drive vidare av familien, og har hatt åtte personar i fast arbeid, forutan sesonghjelp. Gartneriet vart lagt ned midt på 1980-talet.

Ludvig Solberg

frå Årebrot starta i 1912 glas- og rammeforretning i Florø. Seinare vart det daglegvarehandel og radioforretning.

Sigurd Solberg A/S

– sjå Ludvig Solberg.

Ole A. Eikefjord

landhandel, tønnefabrikk og møbelverkstad. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

Hopen & Solheim

var dampskipsekspeditørar for Fylkesbaatane i Florø frå 1914. Bak firmaet stod Karl. S. Hopen og S.I. Solheim. Dei hadde også ekspedisjonen av rutebåtar for andre reiarlag som dreiv kystfart.

Øya Rota, der det var tankanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øya Rota, der det var tankanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandske Petroleumskompani

bygde ca. 1915 tankanlegg for bunkersolje på øya Rota. Det vart seinare overteke av Sigurd Nybø.

Kristian Jansen

– dampskipsekspeditør og representant for Saga Petroleum.

K. Jansen

- sjå Kristian Jansen.

Landbruk Maskin-aksjeselskap

vart starta i Florø i 1919 med Mads Henrik A. Standal som medeigar og dagleg leiar.

Camilla Kringlen

starta i 1916 manufakturforretning i Florø.

Øistein Døsen

starta i 1921 agenturforretning i Florø, og dreiv i tillegg ein liten brusfabrikk.

Florø Bokhandel A/S

vart skipa 1924 av G. Økland.

Signe Hatlem, Mode-Manufaktur-Konfeksjon

Signe Hatlem starta manufaktur- og moteforretning i Florø i 1925.

Mørkhøi`s Herreekvipering

- sjå Signe Hatlem, Mode-Manufaktur-Konfeksjon.

Asbjørn Hatlem

- sjå Signe Hatlem, Mode-Manufaktur-Konfeksjon.

Florø Meieri

vart skipa i 1928 av bergensaren Laurits Tvedt.

Sunnfjord Meieri

- sjå Florø Meieri.

Herman Sunde

starta trelastforretning i Florø i 1929.

Malvin Horne.

Malvin Horne.

M. Horne fotoforretning

vart starta i 1929 av Malvin Horne. Han gjorde det etter kvart til ein spesialitet å ta bilete av fiskebåtar og fiskarar i aktivitet på fiskefelta, særleg under sildeåra på 1950-talet.

Stavangs Pensjonat

vart starta i mellomkrigstida av Lovisa Stavang.

Astoria Hospits

- sjå Stavangs Pensjonat.

Batalden Ishuslag

vart skipa i 1935 av fiskarlaget i Batalden.

Ytre Fjordane Kraftlag - YFK

skipa 1936 med hovudkontor i Florø.

Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal

starta i 1943 maskinforretning og vart ein av dei mest allsidige forretningsmennene i Florø i etterkrigstida.

Forretnings- og industrimannen Olav Sande

Olav Sande vart ein av dei store og mest allsidige forretningsmennene i Florø frå 2. verskrig og i mannsalderen etter.

Vest Radio

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

A/S Momentan

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Olav Sande AS

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Sande Bilsenter AS

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Sande Reisebyrå

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Sande Trading

- sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Grosserar Sigurd Nybø

Sigurd Nybø A/S vart skipa i 1945 av Sigurd Nybø, og var den første engrosforretninga i Sogn og Fjordane.

Sigurd Nybø A/S

- sjå Grosserar Sigurd Nybø.

Vest Foto

vart skipa i 1946 av Olav Sande - sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande.

Allbygg har hovudkvarteret sitt på Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Allbygg har hovudkvarteret sitt på Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. Julnes A/S

entreprenørforretning, vart skipa i 1947 av Ole Julnes, og er den største entreprenørforretninga i ytre Sunnfjord. I år 2000 omsette verksemda for 35 millionar kroner og i 2010 har verksemda 47 tilsette. Frå årsskiftet 2000/2001 skifta firmaet namn til Allbygg.

Allbygg

- sjå O. Julnes A/S.

Ole Stenbakk. Foto: NRK.

Ole Stenbakk. Foto: NRK.

Felleskjøpet i Florø

Felleskjøpet, opphaveleg Vestlandske Kjøpelag, etablerte seg i Florø i 1949 og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager i 1954.

Vestlandske Kjøpelag

– sjå: Felleskjøpet i Florø og Felleskjøpet Øst Vest.

Kr. Stenbakk

starta entreprenørforretning i 1949, og bygde den opp til ei av dei største i Florø. Drive vidare av sonen Ole Kr. Stenbakk.



Florø Fargehandel

vart starta i 1949 av familien Øen Olsen (sjå O. Joh. Olsen Kullforretning 1905) og Erling Kleiven.

Erling Kleivens Fargehandel

- sjå Florø Fargehandel.

Tre generasjonar Kleiven i 1990. Frå venstre Øyvind Kleiven, sonen Jens Ivar, kona Marit Helene og faren, Erling Kleiven, som starta fargehandelen. Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

Tre generasjonar Kleiven i 1990. Frå venstre Øyvind Kleiven, sonen Jens Ivar, kona Marit Helene og faren, Erling Kleiven, som starta fargehandelen. Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

Magnus Svarthumle

starta landhandel ved vegkrysset på Storebru kring 1950.

Sunnfjord Camping

- sjå Magnus Svarthumle.

Sunnfjord Hyttegrend

- sjå Magnus Svarthumle.

Endestad Camping

- sjå Magnus Svarthumle.

Kåre Hollevik Ass. landhandel

vart starta i Havreneset i Florø i 1954 av Kåre og Laura Hollevik.

Safari Lavpris

- sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Safari Engros AS

- sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Florø Forsyningsselskap AS

- sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Botnaneset Eiendom

- sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Rolf Rognaldsen daglegvarehandel

- sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Bunnpris

daglegvarer - sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel.

Gartnerhallen

bygde lager i Florø i 1956. Samvirkeselskapet flytta over i større nybygg på 1970-talet. På 1990-talet vart Gartnerhallen slege saman med Bama, og nokre år seinare vart avdelinga i Florø lagd ned.

Frøyen & Frøyen AS

entreprenørselskap vart starta i Kalvåg i Bremanger i 1957 og flytta hovudkontoret sitt til Florø i 1976.

Skanska Norge AS

avdeling Florø - sjå Frøyen & Frøyen AS.

Jon Strømsnes AS

entreprenørselskap vart starta i 1959.

BB Gruppen AS

I 1970 starta Ester og Rolf Belsvik selskapet Sunnfjord Vask og Rens. Seinare vart namnet endra til BB-gruppen, Eig fleire selskap innan vask, rens og reinhald og vart skipa i 1970 av Ester og Rolf Belsvik. I starten heitte selskapet Sunnfjord Vask og Rens, seinare er det blitt ein del av det landsomfemnande selskapet Nor Tekstil Service AS, som blir leia frå Florø.

Sunnfjord Vask og Rens

– sjå BB Gruppen AS.

Nor Tekstil Service AS

– sjå BB Gruppen AS.

Svanøy Stiftelse

vart skipa i 1972 på Svanøy m.a. med lakseoppdrett. Seinare kom Norsk Hjortesenter med oppdrett av hjort.

Norsk Hjortesenter

- sjå Svanøy Stiftelse.

Svanøy Oppleving

- sjå Svanøy Stiftelse.

Krokane Camping

vart starta i 1976.

Florø Samvirkelag

vart skipa i 1977.

Coop Mega Florø

- sjå Florø Samvirkelag.

Industrikontakt - Olav Ellingsen & Co.

– sjå ingeniør og oppfinnar Olav Ellingsen.

Fjordane Marketing AS Florø Bilistsenter

Shell-stasjon i Florø sentrum, vart starta i 1980. Bensinstasjonen har sju tilsette i 2012.

Florø Bilistsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Bilistsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hans Bjørn Kvalsvik

starta røyrleggjarverksemd i Florø i 1981.

Kvalsvik VVS AS

- sjå Hans Bjørn Kvalsvik.

TESS Florø

vart etablert i 1981. TESS er eit stort selskap som sel slangar og armatur, mellom anna til oljeverksemda. I 2008 kjøpte TESS Florø opp Florø Forsyning (sjå Kåre Hollevik Ass. landhandel). I 2010 hadde TESS Florø ei omsetning på 17 millionar kroner.

INC-gruppa

Investerings- og industrigruppe skipa i Florø i 1984. Driv m.a. West Industri Service, Eikefjord Marine, Fjord Base, og INC Vedlikehold i Svelgen.

Fjord Base

Den største «leigetakaren» på oljebasen vart Saga Petroleum, som sidan 1975 hadde drive prøveboring utanfor kysten og hadde eit lite kontor i Florø. INC-gruppa har kontrakt på basen fram til 2016.

Saga Petroleum

- sjå Fjord Base.

StatoilHydro

- sjå Fjord Base.

Haukå Settefisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haukå Settefisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

– sjå artikkelen Fylkesbaatane til Florø i 1986.

Amfi-senteret i Florø, tidlegare Snorre senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Amfi-senteret i Florø, tidlegare Snorre senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handelshuset Snorre Senter

vart bygd i 1988 etter initiativ frå kjøpmann Victor Hellesen. Senteret inneheldt kring 25 forretningar på 8000 kvadratmeter, men gjekk konkurs midt på 1990-talet, og vart drive vidare av Sentereigedom AS. Etter eigarskifte, vart handelssenteret heitande Amfi-senteret.

Solheim Diesel

vart starta i 1988 av Peder Solheim.

SD Marine AS

- sjå Solheim Diesel.

Restaurerte havbuer på Batalden.

Restaurerte havbuer på Batalden.

Batalden Havbu

vart skipa i 1988 av Gunhild Bjelland, som overtok og restaurerte bygningane på den ca. 160 år gamle fiskargarden som overnattings- og kursstad. Presenterer gamal kystkultur og historie, og driv eige kunstgalleri.

Økland Libris

– sjå Florø Bokhandel A/S.

Florø Rør AS

vart starta i 1989 av Inge Ellingsund.

Niprox Technology AS

- sjå Florø Rør AS.

Florø Byggmarked AS

byggevarehandel vart skipa i 1989.

Byggeriet Mestersalg Florø

- sjå Florø Byggmarked AS.

Råd & Regnskap Vest AS

Tore Havn starta rekneskapsbyrå i Florø i 1990.

Bama/Gartnerhallen

– sjå Gartnerhallen 1956.

Dei som steller med reiseliv i Flora har mykje å slå i bordet med. Her ser vi Høydalsnipa med flott utsyn utover mot Florø og øyriket utanfor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei som steller med reiseliv i Flora har mykje å slå i bordet med. Her ser vi Høydalsnipa med flott utsyn utover mot Florø og øyriket utanfor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestkysten Reiseliv

vart skipa i 1993, som felles reiselivskontor for kommunane Flora, Bremanger og Naustdal. Vestkysten Reiseliv hadde hovudkontor i Florø, men vart avvikla i 2007, for så å bli teke opp att som nytt selskap i 2008. – Sjå også selskapet FjordKysten.

Bortheim Transport AS

vart starta av Per Bortheim i 1993.

Bortheim Dekkservice AS

- sjå Bortheim Transport AS.

Florø Husflid

vart skipa i 1994 av Lillian Sundal.

Quality Maritime Hotel

i Florø sentrum vart bygt i 1997.

West Regnskap

vart starta som enkeltmannsføretak i 1997 av Ole Petter W. Olsen I 2012 vart namnet endra til Solvens AS. Firmaet har ti tilsette.

Solvens AS

– sjå West Regnskap.

Trygve Ullaland AS

entreprenørselskap vart starta i 1998 og driv med grunn- og betongarbeid. Selskapet har vel ti tilsette og omsette i 2011 for nesten 30 millionar kroner.

Statoilstasjonen på Krokane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Statoilstasjonen på Krokane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Havn Bil og Bensin

Statoilstasjon på Krokane vart starta i 1998. Frå 2002 har Dagfinn Øyra eigd bensinstasjonen, og namnet vart endra til Florø Service Senter AS. I 2012 selde Øyra 67 prosent av aksjane til Ruben Nordal Solheim.

Florø Service Senter AS

- sjå Havn Bil og Bensin.

Vinmonopol-utsalet i Firda Billag-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinmonopol-utsalet i Firda Billag-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinmonopol-utsal

fekk Florø i 1998.

Bioplan AS

med hovudkontor i Odda overtok i 1998 ansvaret for drifta av den tidlegare kommunale avfallsplassen Purkehola ved Helgøya. Avfallsplassen har konsesjon på inntil 5000 tonn organisk avfall og slam.

Avfallsplassen Purkehola ligg på høgda over Helgøytunnelen på riksveg 5 og blir driven av Bioplan AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avfallsplassen Purkehola ligg på høgda over Helgøytunnelen på riksveg 5 og blir driven av Bioplan AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Batalden Skjel

vart starta i 1999 av Rolf og Linda L. Batalden. Dei gjorde først eit mislukka forsøk på kamskjeldyrking, men har sidan 2002 konsentrert seg om blåskjel.

Osen Gard

i Høydalsfjorden vart i 1999 kjøpt av Hans Terje Aanonsen og bygd ut som ein eksklusiv jakt- og fiskegard.

Kleven Design

– sjå artikkelen Ankerløkken Verft.

Mercatus AS

er ei dataverksemd som vart skipa i Florø i 2000 av Knut Eikeland og Michael Dorfman.

Ocea Mercatus AS

- sjå Mercatus AS.

Sunnfjord Dykkerservice AS

vart starta av Even Leirvik og Per Kåre Navekvien i 2000.

Florø Invest

investeringsselskap vart skipa i Florø i 2000.

Ola Drage frå Førde

kjøpte i 2001 postbygget på Evja.

Kiwi Florø

- sjå Ola Drage frå Førde.

Fjord1

trafikkselskap vart namnet til trafikkselskapet som m.a. Fylkesbaatane vart ein del av i 2002 – sjå artikkelen Fylkesbaatane til Florø i 1986.

Lidl-butikken i Florø før han gjekk over til Rema 1000. Foto:Ottar Starheim, NRK.

Lidl-butikken i Florø før han gjekk over til Rema 1000. Foto:Ottar Starheim, NRK.

Florø Flyservice AS

vart starta i 2003 av tidlegare tilsette i Widerøe og Coast Air.

Lidl

Den tyske matvarekjeda Lidl starta si første forretning i Sogn og Fjordane på Krokane i 2004, men la ned all verksemd i Noreg i 2008 og selde lokala til Rema 1000.

PSWinCom AS

vart skipa i Florø i 2004 av Ivar Fartein Presttun m.fl.

Kvartalet Møbler AS

vart starta i 2004.

HFL Havlandet Forskingslaboratorium

i Gunhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.

Bokland AS

skipa 2005 – Sjå Florø Bokhandel A/S.

Flora Næringshage AS

vart skipa i 2005 av SIVA, Flora kommune og lokalt næringsliv.

Fokus Elektro AS

vart starta i Florø i 2005.

Florøen Eiendom AS

vart skipa i 2006 av Sverre Stenbakk og Vidar Grønnevik frå Florø, og Rune Helle og Bjørn Solheim frå Førde. Selskapet driv m.a. oppkjøp og utbygging av store eigedomar i Florø sentrum.

Florø Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Hotell

vart skipa i 2006 i hybelbygget Åsgården i Havreneset. Hotellet er eigd av Langebruvegen 19 AS i Førde. I starten satsa hotellet mest på langtidsutleige av rom til verftsarbeidarar. Hotellet skifta seinare namn til Efinor hotell og kan i 2010 tilby 54 rom, og det blir og satsa på turisme.

Efinor hotell

- sjå Florø Hotell.

FjordKysten

er eit reiselivssamarbeid som vart skipa i 2007 som har som mål å drive felles marknadsføring av kysten i Sogn og Fjordane. Bak FjordKysten står reisemålselskapa Reisemål Stryn & Nordfjord, Vestkysten Reiseliv i Florø og reisemålselskapet for Dalsfjorden og Ytre Sogn.

Møbelmagasinet Florø AS

vart starta på Evja i 2007.

Galleri Vee

vart starta i 2007 av Marilyn Rose Vee.

Elkjøp Fjordane

– sjå Ludvig Solberg.

GDF Suez på Fjord Base. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

GDF Suez på Fjord Base. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

GDF Suez

- sjå Fjord Base.

AGR Field Operations

Ingeniørfirma knytt til kran- og løftetenester på oljeinstallasjonane i Nordsjøen etablerte seg på Fjord Base i 2010. AGR Group har hovudkontoret sitt på Sotra. I Florø var det frå starten sju tilsette, men selskapet såg då føre seg ei dobling av talet.

British Gas Norway

- sjå Fjord Base.

Kuehne+Nagel

- eit internasjonalt logistikkonsern – etablerte seg i 2011 på Fjord Base, i første omgang med fire tilsette. Kuehne+Nagel er etablert i 100 land og har 400 tilsette berre i Noreg.

Florafauna (Byakvariet)

vart starta av Monicha Landøy i 2011.

Byggtorget Florø AS

trelasthandel vart starta av Rolf Kåre Almenning i 2011.

Florø Båt og Fritid AS

vart starta i 2012 av Leif Erik Larsen. Firmaet driv med import, sal og reparasjon av båtar, motorreparasjonar og dykkarteneste.

Hamnegata 5

leiligheitshotell, vart starta i 2014 av Bente Kari og Sverre Stenbakk. Dei fekk sett opp eit femetasjes nybygg med 15 sjølveigarhusvære i dei tre øvste etasjane, og med 14 leiligheiter til utleige i første og andre etasje.