Industri og næring i Askvoll

Knivane frå Helle i Holmedal er eit produkt som er kjent over heile landet.

Knivane frå Helle i Holmedal er eit produkt som er kjent over heile landet.

Fiskeria kring Bulandet, Værlandet og Atløy la i eldre tider grunnlaget for store sildesalteri og fiskehandel. Bulandet og Værlandet er framleis eitt av dei mest robuste fiskeværa langs vestlandskysten med ein moderne flåte og fiskeindustri. Grimmelid Kobberværk frå 1700-talet var lenge den einaste industrien av noko omfang i heile Fjordane. I moderne tid vart industrireisinga til Johan Jenssen i Holmedal eit føredøme for andre bygder. I Vårdal og Helle la naturressursane grunnlaget for to store teglverk. Fossekrafta i Stongfjorden skaffa straum til det første aluminiumsverket i Norden, og familiane Helle og Klausen har skapt levedyktige fabrikkar for knivar og mekaniske produkt i Holmedal og på Hellestrand. I kommunesenteret Askvoll var den store hermetikkfabrikken lenge den største arbeidsplassen. Dei siste tiåra har fiskeoppdrett også vorte den store, maritime næringa i Askvoll, og langs strendene byr komfortable utleigehytter på husrom for den aukande straumen av fiskeglade turistar.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Fiskeoppdrett er mellom dei viktige næringsvegane i Askvoll. Dette er anlegget til Firda Sjøfarmer i Granesundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskeoppdrett er mellom dei viktige næringsvegane i Askvoll. Dette er anlegget til Firda Sjøfarmer i Granesundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

ENKELTOMTALAR:

Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund

Sauesund ligg på søraustsida av Atløy, like ved kystleia. Her har det vore skysstasjon og gjestgiveri sidan 1622.

Kremmarar frå Førde

Nokre av dei som elles bygde seg sjøbuer på Atløy var dei rike kremmarane i det gamle handelssenteret i Førde - Sjøahola - sjå: Handelsstaden Sjøahola.

Handelsstaden Kjempenes i Bulandet

Det var sildefisket som gjorde at det frå 1740 vart oppretta handelsstad og gjestgiveri på Kjempenes i Bulandet.

Grimmelid Kobberværk

Kopargruvene i Grimelid ligg på nordsida av Staveneset mot Stavfjorden. Kopargruva var i drift periodevis frå 1759 til 1920, på ei koparåre som strekkjer seg sør-nord i ytre Sunnfjord.

Handel og gjestgiveri på Hindøy

Hindøy er ei lita øy på vestsida av Atløy. I havet vestafor Hindøy var det gode fiskefelt, og dette gav grunnlag for både gjestgiveri og handel på Hindøy.

Nils Bergesen

fekk i 1860 løyve til å starte landhandel på Hindøy. Han fekk derimot avslag på søknad om å selje brennevin.

Ytre Holmedals Præstegjelds Brandassuranceforening

(Fjaler Branntrygdelag) vart skipa i 1873 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane. Opptaket vart gjort av Holmedal Sogns Bondevenforening.

Endre Yndestad

starta landhandel på Yndestad i Stongfjorden i 1880.

Yndestad Landhandel A/S

- sjå Endre Yndestad .

Handel, hermetikk og brann på «Gamlekaia»

Tallak Hansson Stang starta landhandel i Askvoll på 1880-talet.

Industrigründeren Johan Jenssen

frå Bergen slo seg ned i Holmedal 1890, og vart største industribyggjaren i Sunnfjord fram til 1918.

Anne Johanne Høyvik

starta landhandel i Høyvik på Atløy på 1890-talet, men la truleg ned etter kort tid.

Butikken til Stensæth på kaia i Holmedal. Forretningsbygget frå 1979 til venstre, den gamle butikken til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken til Stensæth på kaia i Holmedal. Forretningsbygget frå 1979 til venstre, den gamle butikken til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole Stensæth

starta landhandel i Holmedal i 1892. Lorens Stensæth tok over i 1919 og dreiv til Olav Stensæth vart eigar i 1969. Han bygde ny forretning i 1979 og dreiv denne til han døydde i 1994. Enkja Solveig Stensæth dreiv til 1997, då Marry Bakke overtok og endra namnet til Bakke Handel. Butikken vart lagd ned i 1999.

Askvoll Sparebank

vart skipa i 1893

Isak Eikemo

frå Masfjorden starta landhandel på Helle i 1895, same året som det vart starta teglverk i bygda.

Askvolls Brandassuranceforening

vart skipa i 1896 med Kolbjørn Fismen som første styreleiar. Laget skifta etter ei tid namn til Askvoll Branntrygdelag og gjekk seinare inn i Sunnfjord Branntrygdelag som seinare gjekk inn i Gjensidige-konsernet.

Askvoll Branntrygdelag

- sjå Askvolls Brandassuranceforening.

Faksimile som viser at Nils Ø. Størdal forsikra husa og reiskapane på garden sin for 10.000 kr i Askvolls Brandassuranceforening.

Faksimile som viser at Nils Ø. Størdal forsikra husa og reiskapane på garden sin for 10.000 kr i Askvolls Brandassuranceforening.

M.B. Sellevold

landhandel på Herland vart grunnlagt i 1898 av (Kolbein) Mathias Berntson Sellevold.

Peder Johan Stang

starta landhandel i Stongfjorden kring 1898. Han dreiv til kring 1902.

Landhandelen A. Høvik på Atløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Landhandelen A. Høvik på Atløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Abraham Sørensen Høvik

starta i 1899 landhandel i Sauesundet. I 1929 flytta han butikken frå Sauesund til Skaret. Her tok kona Olina (Lina) imot mjølk og dreiv ysteri. Sonen Jim Høvik tok seinare over og bygde ny sjølvbetjeningsforetning på Haugen i 1979. I 1991 overtok sonen Terje og ektemaken Anne Mari Høvik butikken som også har postkontor. I 2008 overlet dei butikken til Bjørn Arne Mjåseth.

Severin August Sørenson Gjervik

starta om lag 1900 landhandel i Høyvik. Han hadde tidlegare drive ein butikk i Bergen. Då handelsbua brann i 1904 la han ned butikken.

Nikolai Nilsson Haarklau

frå Haukedalen i Førde starta i 1900 landhandel på Kumle på Atløy. Han bygde eige forretningsbygg med bakeri i 1907. Butikkdrifta vart lagt ned like før 1940.

Holmedals Dampbageri

vart starta av Jens Bjørnestad i 1900. Han var og dampskipsekspeditør i Holmedal.

Nikøy A/S

vart grunnlagt i 1903 av P. Nikøy. Han dreiv landhandel, bakeri og fiskepakking på Bulandet.

Joker Bulandet

- sjå Nikøy A/S.

K. Olsen Bageri

i Askvoll vart starta av Karl Olsen frå Solheimsdalen i 1905.

Vevring Sparebank

vart skipa i 1906 med kontorstad i Kvammen. Sjå elles: Industri og næring i Naustdal.

Holmedal Hestetrygdelag

vart skipa i 1909. Dette var eitt av fleire slike lag som vart skipa kringom på bygdene før større forsikringsselskap tok til å forsikre innbu og dyr. Hestetrygdelaga var viktige fordi dei sytte for at bøndene kunne forsikre den mest verdfulle « arbeidsreiskapen» som dei hadde på garden - nemleg arbeidshesten. Utan hesten stod dei hjelpelause dersom uheller var ute.

Olav Aalen - landhandel og sildesalteri

i Kvammen- dampskipsekspedisjon og fiskebåtar, etablert i 1916.

Stafsnes Landhandel

vart starta i Stongfjorden i 1919 av Hans Stafsnes.

Størdal & Co. landhandel

vart starta i 1919 i Holmedal av Johannes Størdal og svigerinna Øygunn Vik.

J. K. Størdal Eftf. Reidar Størdal

- sjå Størdal & Co. landhandel.

Th. Dalsøren

landhandel og bakeri i Askvoll vart grunnlagt i 1919 av Thomas Dalsøren (fødd 1884) frå Dale i Luster.

A/S Dalsøren

- sjå Th. Dalsøren.

Handel og krabbe på Herland

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk vart grunnlagd på Løkeland i 1919. Løkeland starta også ein liten landhandel.

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk

- sjå Handel og krabbe på Herland.

Sigurd Løkeland AS

- sjå Handel og krabbe på Herland.

Samuel og ektemaken Sofie Vasset

starta i 1920 landhandel i Høyvik. I 1928 bygde han hus med butikk i kjellarhøgda. Butikken vart driven til kring 1940.

Abraham Strømmen dreiv bilblioteket i Askvoll i tillegg til verksemda si. Foto: Abraham Strømmen.

Abraham Strømmen dreiv bilblioteket i Askvoll i tillegg til verksemda si. Foto: Abraham Strømmen.

Lars Mandelid

starta slakteri i Askvoll på kring 1920.

Abraham Strømmen

starta på 1920-talet som fotograf i Askvoll. Han hadde atelier i kommunehuskjellaren, der han også dreiv reparasjonsverkstad for radioapparat og elektrisk utstyr. Strømmen dreiv fotoforretninga til han døydde i 1954.

A. Bakke A/S, Holmedal

Landhandel grunnlagt 1923 av Andor Bakke. Sonen Arvid Bakke tok over i 1949 og dreiv til 1974.



Stongfjorden Samvirkelag

vart skipa i 1929.

John og Ragnvald Dørhellen

snikkarverkstad i Stongfjorden – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Stongfjorden handel

– sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Handlekorga

daglegvarebutikk i Stongfjorden – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Stongfjord Daglegvare

– sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Tipperary

daglegvarebutikk – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Revefarmar på Alden

I mellomkrigstida forsøkte eit aksjelag seg med stordrift av revefarmar på Alden.

P.A. Sølvberg

Peder A. Sølvberg og ektemaken Anna starta handelsverksemd i Askvoll sentrum 1929.

Mathias Solheim

starta kjøtbutikk i kjellaren på posthuset i Askvoll midt på 1930-talet. Sonen Nils Solheim tok over slaktarbutikken då Mathias døydde i 1944.

Stubhaug & Co. landhandel

Stubhaug & Co. landhandel, vart skipa 1935 i Kvammen av Oddvin Stubhaug.

Kvammen handel AS

- sjå Stubhaug & Co. landhandel

Værlandet Handel

Ivar Brosvik starta landhandel og fiskemottak i Værøyhamn på 1930-talet. I dag ligg butikken på Værlandet ved ferjekaia.

Ingolv Haaland

starta i 1937 lastebilruter mellom Holmedal og Askvoll, og mot Stongfjorden då vegen dit opna i 1946.

Holmedal Kraftlag L/L

vart skipa i 1938. Selskapet bygde forsyningsnettet i Holmedal og bygdene ikring. Gjekk seinare inn i YFK.

S. Gjørøy

landhandel i Bulandet vart grunnlagt i 1939.

Georg Loftheim

dreiv frå 1939 drosjebil i Askvoll. Han dreiv også sjuketransport.

Einar Samuelsen

dreiv frå 1944 bakeri med eige utsal i Holmedal.

Anfinn Bauge med ein fin laks. Foto utlånt av Anfinn Bauge.

Anfinn Bauge med ein fin laks. Foto utlånt av Anfinn Bauge.

Askvoll Fisk & Fiskematforretning

vart grunnlagd i 1945 av Lars, Anfinn og Leif Bauge. Fiskemottak og produksjon av fiskemat, som dei m.a. selde frå eigen fiskebil.

Askvoll Papir & Kortevareforretning

vart starta i 1946 av Ellinor Olset.

Sigmund Vik

starta i 1946 drosjekøyring i Askvoll.

Tarald Solheim

dreiv i åra etter krigen lastebiltransport med vareruter kringom i Askvoll.


Askvoll Sykkel- og Sportsforretning

- sjå K. Olsen Bageri.

Søreide & Co, Holmedal Elektriske

vart grunnlagt i 1946 av Leif Søreide og Jakob, Sigvald og Alfred Vårdal. Dreiv installasjons- og radioforretning i Holmedal. Verksemda heiter i 2001 Holmedal Elektriske AS, har 10 tilsette og ei omsetning på 10 millionar kroner. Sigvald og Anfrid Vårdal har sidan 1960-talet også drive Vårdal Foto i Holmedal.

Holmedal Elektriske AS

- sjå Søreide & Co, Holmedal Elektriske.

Holmedal Elektriske. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal Elektriske. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Samyrkelag

vart skipa i 1948 med 90 medlemer.

Coop Marked Askvoll

- sjå Askvoll Samyrkelag.

Planar om trelasthandel

I 1948 kjøpte Anton Høyvik og Kristian Myklebust frå Hyllestad ein eigedom på Kråkeholmen i Askvoll med tanke på å starte trelasthandel. Dei reiste eit lagerbygg, men gav opp planane og selde i staden eigedomen til kommunen. Her bygde kommunen ny rutekai og busstyrminal som vart opna i 1956. Den gamle bua som Høyvik og Myklebust bygde vart riven i 1991 for å gje plass til eit nytt terminalbygg.

Hjalmar Gjervik

starta landhandel i Høyvik på nordsida av Atløy i 1950. Ektemaken Gudrun tokdel i butikkdrifta. Butikken var i drift til kring 1970.

H. Vaardal

landhandel på Vårdalsnes vart starta av Haldor Vaardal. Ingen opplysingar om skipingsår. Vaardal dreiv også dampskipsekspedisjonen i bygda.

Ragna Lutenthun

dreiv i nokre år på 1950- og 1960-talet landhandel i Nervika på Vilnes.

Andreas og Ragnvald Ringstad

frå Askvoll starta som anleggsentreprenørar i 1952.

Ståle Haugen og Rolf Ask

bygde eige forretningsbygg og starta bensinstasjon og sal av bilrekvisita i Askvoll i 1958. Bensinstasjonen vart lagd ned i 1977. Rolf Ask dreiv også drosjekøyring i tillegg.

Johan Grane

starta gartneri på Prestegardsøyra i Askvoll i 1960. Han dreiv gartneriet til 1975. – Sjå elles Ingelins gartneri, 1988.

Haaland Møbler

vart starta i Holmedal i 1960 av Jostein og Gunnvor Haaland. Forretninga flytta til ny butikk i Askvoll i 1999, og vart driven til 2005. Sjå elles Holmedal Trevarefabrikk.

Otto Olset

frå Olset starta som bygningentreprenør i 1970.

Barbra Høyvik i butikken ho starta som 60-åring. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Brabra Høyvik

Barbra Høyvik i butikken ho starta som 60-åring. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Brabra Høyvik

Berit og Dagfinn Vilnes

starta landhandel i Leirvåg på Atløy i 1970. Dei dreiv til 1999.

Høyvik handel

vart starta i 1976 i Høyvik på Atløy av Barbra Høyvik. Ho var då 60 år gamal. Barbra dreiv handelen til 1983, då Wenche og Magnar Høyvik tok over. Dei dreiv til 1990.

Ingelins Gartneri

i Askvoll vart starta i 1988 av Ingelin Klokkernes. – Sjå elles Johan Grane 1960.

Årboka som Alden Forlag gjev ut

Årboka som Alden Forlag gjev ut

Alden Forlag

vart starta av Atle Hellevik i Holmedal i 1993. Forlaget gav frå starten og fram til og med 2007 m.a. ut Årboka for Sogn og Fjordane. Frå 2008 har Selja Forlag i Førde overteke denne oppgåva.

Friplan AS

byggeteknisk konsulentfirma i Askvoll – sjå Askvoll Sparebank.

Askvoll Brygge

i Askvoll sentrum er eit bygg med fritidsbustader som er bygd av selskapet Sentrum Eigedom AS, og er det første i sitt slag i kommunen. Dei første fem husværa vart tekne i bruk i 2006, og planen er å byggje ut huset med 13 husvære.

Askvoll Brygge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Brygge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lindgren-Alsaker AS

vart starta i Bergen i 2004 av Synne Lindgren Alsaker og Einar Alsaker. I 2005 flytta dei firmaet til Stongfjorden.

Sunnfjord Geo Center

- sjå Lindgren-Alsaker AS.

Sunfjord Geo Consulting

- sjå Lindgren-Alsaker AS.

Mobilslakt AS

vart skipa i 2006 av Askvoll-bonden Jarl Iversen m. fl. og utfører slakting i Sogn og Fjordane og Hordaland frå eit spesialbygd bilslakteri.

Kjell Kr. Carlsen AS

- sjå Mobilslakt AS.

Atløy Båt og Marina

i Nervika på Atløy vart starta i 2006 av Kjell, Kjartan og Ove Vilnes. Dei bygde eit anlegg for vinteropplag av båtar som stod ferdig i 2009. Dei tilbyr og vedlikehald og reparasjon av båter og har bygd ein marina der det og er fem utleigehusvære.

Atløy Båt og Marina.

Atløy Båt og Marina.

Askvoll Sjømat & Delikatesser

- sjå Th. Dalsøren.

Stongfjorden Vekst AS

vart etablert i 2011 av 11 lokale aksjonærar, mellom dei Arne Stang, som og er styreleiar. Målet er å skape ny aktivitet i Stongfjorden.

Værlandet Gjestehamn AS

- sjå Værlandet Båt under Fabrikkar og verkstader i Askvoll, startår 1979.

Vinmonopolutsal

I 2012 opna Vinmonopolet utsal i Askvoll.

Askvoll Båt og Maskin AS

vart starta i 2012 av Ove Nesberg. Firmaet driv med båtreparasjonar og andre tilhøyrande tenester.

Norsk Bergsikring AS

vart starta i Stongfjorden i 2013 av Roy Sævik, Kay Ove Johanssen, Ove Nordbø og Jo Eivind Stang. Firmaet arbeider med fjellsikring, i første rekkje i Sogn og Fjordane. Norsk Bergsikring har frå starten åtte tilsette.