I. C. Dahl

"Utsikt over Feigumfosskroken i Lysterfjord" av Johan Christian Dahl, 1840. © Blomqvist Kunsthandel.

I 1826 kom Johan Christian Klausson Dahl (1788-1857) til Kroken første gong. Dahl måla m.a. fleire motiv frå Ytre Kroken, Feigumfossen, Nigardsbreen og i Fortun.

Målaren I. C. Dahl frå Gulen-slekt

Dahl hadde nær slekt i Gulen.

Måla frå Sogn

Nokre av dei mest kjende motiva til Dahl er henta frå og kring Sogn: «Stugunøset på Fillefjeld» og «Fra Stalheim». Dahl vitja Sogn minst tre gonger og måla m.a. også motiv frå Slinde, Gudvangen og Nærøyfjorden. Saman med sonen Siegwald Dahl måla han «reiseskildringa» av godseigar på Stedje gard, Henrik Formann i «Forman reiser over Fillefjeld».

"Parti fra Ytre Kroken" av Johan Christian Dahl, 1826. © Blomqvist Kunsthandel.

Første store romantikaren

Dahl er kjend som den første store romantikaren i Noreg og den som innleia «gullalderen» i norsk målarkunst. Han var samstundes ein sentral person i arbeidet for å få skipa Nasjonalgalleriet, Fortidsminneforeninga og kunstforeningar i Oslo, Bergen og Trondheim. Han ivra også sterkt for vern av dei gamle stavkyrkjene og restaurering av Nidarosdomen og Håkonshallen.

Hovudside: Kunstnarane i Kroken