Hovudside

Kommune: Jølster, kjend for kunstnarane Astrup og Eikaas som har eigne museer.
Tema: Fakta om Sogn og Fjordane, fylket med høge fjell og lange fjordar.
Quiz: Kva veit du om fylket? Prøv deg på 15 spørsmål!
I gamle dagar var det vanleg at fattige kvinner gjorde seg næring av å vere ammer for borna til rikfolket både i bygd og by. Mange mødre, gifte som ugifte, reiste til Bergen og arbeidde der som ammer.
Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid drege båtane over det låge Dragseidet, derav namnet.


Gaularvassdraget strekkjer seg sju mil frå Dalsfjorden, gjennom Gaular kommune, og vidare gjennom Haukedalen i Førde kommune til Jostedalsbreen.

Første halvdel av 1970-talet vart det meste av kyst-Noreg råka av oljefeber. Dei enorme oljefunna utanfor Vestlandet skulle ha basar og produksjonsplattformer.</onlyinclude>

Store entreprenørselskap overbaud kvarandre i kampen om gode lokalitetar der dei kunne byggje oljeplattformer i stål eller betong. Gaupne i Luster kommune var ei bygd som sat att med brotne lovnader frå denne tida. Ei anna var Gloppen.

Betongplattformer i Bukta

I 1974 melde entreprenørselskapet Eeg Henriksen seg interessert i å byggje eit kjempemessig betongplattformverft i Bukta. Her kunne byggjedokk mudrast på den store sandøyra, og god kvalitetssand frå Eide skulle brukast til bygginga. Bygda vart lova minst 500 arbeidsplassar.

Trass mykje skepsis, gjekk likevel eit klårt fleirtal i kommunestyret inn for å oreigne ein stor eigedom i Bukta til verftet, og kommunen regulerte nye bustadfelt like ved. Langs stranda skulle det byggjast djupvasskai. I denne feberheite tida vart alle oljeretta etableringar langs kysten styrt av ein hardhendt lokaliseringspolitikk:

Det enda med at Verdal og Sandnessjøen fekk anlegga for stålkonstruksjonar, og det einaste betongplattformverftet utanom Hinnavågen i Stavanger vart plassert ved Åndalsnes. Der bygde dei to plattformer. Så var det slutt. Sandane fekk ingenting. Kommunen bygde ut det nye bustadfeltet, men veit 25 år etter ikkje heilt kva ein skal nytte den oreigna garden i Bukta til.

Skipsverft eller plattformer?

Midt i forhandlingane med Eeg Henriksen, sette skipsbyggjaren Reidar Klungsøyr frå Sunnmøre glopparane i eit dilemma: Han hadde i 1971 starta Eid Verft ved Nordfjordeid. No baud han seg til å byggje eit liknande verft i Gloppen – under føresetnad av at glopparane sa nei til betongplattformverft. Han hevda at det ikkje var arbeidskraft nok til begge deler i Gloppen. – Gloppen valde betongplattformverft – og fekk korkje betongplattformer eller skipsverftet til Klungsøyr.

Ved Vetlefjorden ligg garden Eiken. Hit kom det nygifte ekteparet Ola Sivertson Eiken og kona Anna som brukarar i 1667. Dei var då begge 21 år gamle...
Den skarpskorne profilen til det mektige Lifjellet er det mest kjende landemerket i ytre Sogn.
Opplev trolldom, helleristingar og fiskevær i Askvoll.
Opplev mellom anna Stabben fyr, Svanøy og Kinn.