Holmedals Dampbageri

Holmedals Dampbageri i 1910. På huset er det skilt for både post og rikstelefon. I tillegg ser vi at ein skomakar A. Isaksen hadde verkstad i huset. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Holmedals Dampbageri i 1910. På huset er det skilt for både post og rikstelefon. I tillegg ser vi at ein skomakar A. Isaksen hadde verkstad i huset. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Holmedals Dampbageri vart starta av Jens Bjørnestad i 1900. Bjørnestad var frå Hyllestad. Før han kom til Holmedal hadde han budd nokre år i Bergen og arbeidd som bakar der i 10-15 år. Holmedals Dampbageri var i eit hus Bjørnestad bygde like ved dampskipskaia.

Bjørnestad dreiv bakeri og kafé til 1914. Deretter leigde Theodor Nilsen bakeriet fram til 1944. Då overtok Einar Samuelsen som bakar fram til ut i 1950-åra. Så overtok Nils Veberg bakeriet og dreiv det til 1967

Bjørnestad var i tillegg til bakar og poststyrar og dampskipsekspeditør, og han hadde telegrafen i Holmedal.