Hofslund Hotell

Hofslund Fjord Hotel sett frå Hagalandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hofslund Fjord Hotel sett frå Hagalandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kring førre hundreårsskiftet var det oftast eigarane av dei nye turisthotella som gjekk i brodden for utvikling av nye rutebilselskap og andre verksemder knytte til den nye vekstnæringa; reiselivsbransjen. Også Sogndal fekk sin gründer på dette området: Peder J. Næss frå Nes i Luster.

I 1909 kjøpte ekteparet Peder J. Næss og Anna det gamle gjestgiveriet på Hofslund av Ola Håkonsen. Peder J. Næss hadde før dette overteke drifta av eit pensjonat på Øvre Stedje som systrene Anna Christiane og Amalia Lem hadde starta i 1894. Næss-folka kom til Sogndal frå Romsdal, der dei kring 1899 hadde bygd Halsa Hotell i øvre Romsdal. Kona Anna var fødd Tørvi og kom frå den gamle hotellfamilien som eigde Tørvis Hotell i Marifjøra.

Frå gjestgiveri til hotell

På Hofslund bygde Næss i 1912 det gamle gjestgiveriet og tingstova inn i eit nytt hotell som fekk fasadar i sveitsarstil. Hotellet hadde i starten 34 senger.

Første rutebilen i Sogn. © Fylkesarkivet.

Første rutebilen i Sogn. © Fylkesarkivet.

Turistruter til Jostedal

Hotelleigaren Peder J. Næss gjekk også i brodden for å få skipa Indre Sogn Automobilselskap i 1916 (sjå: Den første rutebilen i Sogndal), og vart medeigar i Jostedalsbredens hotell som vart bygt på Elvekrok kring 1920.

Dreiv også i Luster

I 1918 dreiv Anna og Peder J. Næss også Tørvis hotell i Marifjøra, som på den tida var eigd av Anna sin familie. Drifta av dette hotellet overlet dei til sonen Hans Bugge Næss og ektemaken Brita. Næss var også ein av grunnleggjarane av Sogndal Cementindustri L/L.

Gjester klar til avreise frå Hofslund hotel. (Foto © Fylkesarkivet)

Gjester klar til avreise frå Hofslund hotel. (Foto © Fylkesarkivet)

Sviggum utvidar

Frå 1926 dreiv tre døtre til Næss, Ranveig, Anna og Guro, hotellet fram til 1936, då Melchior Sviggum, gift med Ranveig Næss, kjøpte hotellet. I 1962 vart Hofslund Hotel utvida, og med seinare utvidingar har hotellet i 2003 96 senger senger og m.a. fleire møterom og symjebasseng.

I 1982 overtok sonen Tore Sviggum Hofslund Hotell, og sidan 2002 er det brordotter til Tore, Mona Sviggum og ektemann Leif Johnsrud, som har eigd og drive det tradisjonsrike familiehotellet ved sjøkanten på Hofslund. Hotellet heiter i dag Hofslund Fjord Hotel.