Tingneset i Vevring. Her var det skysstasjon frå 1600-talet. Hovudhuset er bygt i 1790. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Den eldste historia i Naustdal
Dei rikaste funna frå eldre steinalder (4000 f.K.r.) i Naustdal kommune er gjort i Vevring og i nabobygda Engebø.
Eilivane i Naustdal
Nokre av dei mektigaste adelsmennene på Vestlandet i mellomalderen var dei tre Eiliv’ane frå Naustdalsætta. Den første av dei var lendmann.
Naustdal sett frå lufta. © Fylkesarkivet.
Tettstaden Naustdal
Den grøderike sletta ved utløpet av elva Nausta har vore det naturlege samlingspunktet for folket i den tre mil lange Naustedalen og frå smågrendene kring inste del av Førdefjorden.
Bygdesenteret Fimland
Fimland vart kring 1900 eit lite bygdesenter for grendene i øvre Naustedalen–Instedalen.
Skysstasjon og handel i Vevring
På Tingneset var det frå 1600-talet skysstasjon, og frå tidleg 1700-talet også gjestgiveri.
Haugianarane i Vevring og Naustdal
Med utgangspunkt på Svanøy hovudgard vart bygdene innetter Førdefjorden eit hovudsenter for Hans Nielsen Hauge og haugianarane på Vestlandet
Vevring. Foto: Einar Eimhjellen.
Helsestell i Naustdal
Ein av dei mest søkte bygdedokterane i Fjordane på 1700-talet var Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790).
Innføring av nynorsk i Naustdal
I 1904 vart det reist krav frå nynorskfolka om innføring av Blix-salmane i Naustdals-kyrkja. Framlegget om nynorske salmar vart røysta ned med stort fleirtal.
Laksefisket i Naustdal
Laksefisket har frå gamalt av vore ei viktig inntektskjelde både for folket langs fjorden og for elveeigarane langs Nausta.
Den indre delen av Førdefjorden er nasjonal laksefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Laksevern i Naustdal
Frå 2006 er Nausta nasjonalt laksevassdrag og delar av Førdefjorden nasjonal laksefjord.
Pelsdyravl i Naustdal
Då interessa for reveoppdrett som attåtnæring vakna på 1920-talet, var det Naustdal og bygdene vestover langs nordsida Førdefjorden som vart dei store pelsdyrbygdene i Sunnfjord i mellomkrigstida.
Kraftforsyning i Naustdal
Spørsmålet om storutbygging av kraftverk eller varig vern av Nausta har vorte diskutert både lokalt og nasjonalt i meir enn 40 år.
Ytre Langevatnet er ein del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Naustdalsvassdraget - kasteball mellom kraft og vern
I årevis har konflikten stått mellom utbygging og vern avN Naustdals- og Gjengeldalsvassdraget, inntil begge elvane vart verna ved skipinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde i 2009.
Lag og organisasjonar i Naustdal
Vevring Misjonsforening er det første laget som er registrert, det vart starta i 1844.
Dagfinn Berg og Henrik Berg med den store ulven dei skaut i 1950. Fotograf Reiakvam vart kalla inn for å ta dette biletet, og sakkunnige i Bergen kunne dermed stadfeste at det var ein ulv karane hadde skote.
Rovdyrsoger i Naustdal
Les m.a. om Den utrulege Naustdals-ulven.
Vengebåt frå Mevatna på Kystmuséet
I 1843 fekk Joakim Mevatna seg ny vengebåt.
Ulukker i Naustdal
Les m.a. om helikopterulukka i 1996, då fire menn omkom etter at luftambulansen rende i fjordspennet ved Vevring.
Segner frå Naustdal
Ei gamal segn seier at fjellet ein gong skal rase ut og skape ei flodbylgje som raserer bygdne langs fjorden.
Kriminalsoger i Naustdal
Å få barn utanom ekteskap var ei alvorleg kriminell handling i eldre tider. I 1746 vart Anna Eriksdotter Vevring dømd til døden for å ha født eit dødfødt barn som ho hadde avla utan å vere gift.
Andre historiesider: